Då har eg fått testa ownCloud i nokre dagar, og konklusjonen er at løysinga ikkje er mogen enno.
Til mine testar har eg nytta ei eldre AMD X2-4400+ maskin med 4 GB RAM og køyrande Windows XP 32-bit. ownCloud-serveren vart lagt på eit Raid 0 av 3 diskar. Eg nytta følgjande programvare:
- WAMPSERVER (32 BITS & PHP 5.4) 2.4 med Apache : 2.4.4 MySQL : 5.6.12 PHP : 5.4.16 PHPMyAdmin : 4.0.4 SqlBuddy : 1.3.3 XDebug : 2.2.3
- ownCloud 5.0.9
- ownCloud-klient 1.3.0 for Windows og Linux
Meir om klargjeringa av ownCloud-server kan du lese i mitt tidlegare innlegg.
Sykronisering av filer til ownCloud-server er utruleg treg. Du merkar det ikkje så mykje om du dreg/oppdaterer nokre få filer om gongen . Problemet vart avdekka ved at eg nytta ei mappe som inneheld ca 235 MB med filer fordelt på 15 mapper og i overant av 4.300 filer. Filene er små og omfattar html, ini, css samt nokre ørsmå gif-filer. Windows-klienten køyrde på ei berbar maskin med SSD og Intel Core i5-540M-prosessor. Trafikken gjekk via eit trådlaust nettverk (70-80 Mb).
Det tok over 7 timar å synkronisere/laste opp mappa til server. Same mappa sykronisert til Ubuntu One, over ADSL-linje med 0,5 Mb ut, tek ein brøkdel av tida.
I ettermiddag har eg testa ut min siste teori. Eg la merke til at Apache ligg på 30-40% når det pågår ei synkronisering mot WAMP-serveren. Teorien var at det kunne vere noko med krypteringa av trafikken via SSL. Eg gjorde eit forsøk utan SSL internt og samanlinka farten på loggvisninga i klienten med når det var kryptert trafikk. Det var ingen merkbar skilnad og eg gidd ikkje vente nye 7 timar på å få det stadfesta.
Det neste eg hadde tenkt å gjere var å gå over til linux, i tilfelle det var noko med Windows-løysinga og WAMP som skapte problem. Dessverre ser det ut til at det ikkje er noko betre på ein linux-server.