Ubuntu 12.04 er nettopp komen ut i oppgradert punktversjon Ubuntu 12.04.3. Eg sidan forrige versjon køyrt med 3.5-kjernen som vart lagt inn i pakkebrønnen. Den har fungert godt, men det er nokre småting igjen. På min Lenovo Ideapad Z380 fungerer ikkje systemtastar som Fn+F6, for å slå av touchpad, og andre Fn+Fx-kombinasjonar etter at maskina har vore i kvilemodus.
Kjerne av versjon 3.8 er nyare og eg tenkte eg ville prøve ut denne, men det virka vanskeleg i første omgang. Eg prøvde med kommandolina å installere, men fekk svar om at det var ein haug med avhengigheiter så det let seg ikkje gjere. Eg er ikkje den einaste. Leitte litt rundt på nettet, men fann ikkje gode svar. Hyposen min vart at kanskje problemet låg i at maskina køyrde på 3.5-kjernen og komponentar som kom frå Ubuntu 12.10, i ledd med Ubuntu 12.04.2-oppdateringa. Kva om eg fjerna desse?
Eg opna ein terminal/kommandolina og skreiv:
sudo apt-get purge linux-generic-lts-quantal xserver-xorg-lts-quantal
og Ubuntu 12.10-komponentar vart fjerna saman med konfigureringsfilene. Deretter skreiv eg:
sudo apt-get install linux-generic-lts-raring xserver-xorg-lts-raring
for å få på plass alle komponentar som er overført frå Ubuntu 13.04 til Ubuntu 12.04.3. No var det ingen advarslar og eg kunne starte installasjonen. Alt fungerte fint, med unntak av eit lite applikasjonskrasj, men installasjonsprosessen gjekk tilsynelatandes til endes. Etter omstart sjekka eg kjerne versjonen med kommando uname -r, men det viste seg at Ubuntu framleis køyrde på kjerne versjon 3.5 som viste seg berre vere at kjernen ikkje var sett for oppstart av maskina. Eg rekna med at det kom av nemnde krasj, så eg gjentok:
sudo apt-get install linux-generic-lts-raring xserver-xorg-lts-raring
og 3.8-kjernen vart sett opp. Etter ein ny restart køyrer no maskina med oppdaterte komponentar basert på Ubuntu 13.04 i Ubunt 12.04.