Rask omkoding av video

Frå ungane var små har det vorte mykje videoopptak. Etter kvart som dei har vokse til har det vorte mindre og mindre med opptak. Dei er ikkje like interessert lenger i å kome på kamera, men har stor interesse av å sjå tilbake på klippa då dei var småbarn. Sidan bruken av video har minka, har eg valt å ikkje oppgradere maskinressursane. Det har kort og godt ikkje vore behov. For mine sporadiske opptak har rimeleg maskiner vore tilstrekkelege.

Men så fekk eg oppdraget med å redigere video for fotballaget til jentene under Sør Cup. Då merka eg at maskina mi vart tungpusta av videofiler i AVCHD på kampar som varte i 2 x 20 minutt. Det var berre å smørje seg med tålmode og få jobben gjort. Generering av video med Pinnacle Studio 15 i full HD i MP4-format gjekk unna på 5-7 bilete i sekundet etter at rendering av overgangar og tekstpålegg var gjort. Når ein kamp omfattar 50.000 – 60.000 bilete tek det si tid. Vi snakkar om over natta og utover påfølgjande dag.

Mi erfaring er at Pinnacle Studio 15 antageleg er så gamal at programmet ikkje kan hente hjelp frå maskinvareakselerasjon som ligg i nyare Intel-prosessorar kalla Intel QuickSync Video. Etter kvart enda jobben opp med at eg valde å eksportera full HD til eit lettare videoformat enn MP4 og rekoda fila til MP4 i full HD og HD ved hjelp av HandBrake.

Albumet under viser eksempel på innstillingane som må til for å få hjelp av Intel QuickSync Video samt effekten. Pass på å stille inn Video Codec to H.264 (Intel QSV) under fana Video. I tillegg set du gjennomsnittleg bitrate. Eg brukte 6000 kbps for video i HD og 12000 kbps for full HD.

Når CPU gjorde jobben, med i mitt tilfelle deinterlacing* og omkoding, låg det på 4-5 bilete i sekundet. Når Intel QuickSync Video tek jobben, går det 10 gonger raskare. Slepp du deinterlacing, går det unna inntil 20 gonger raskare eller med 100 bilete i sekundet.

*) Pinnacle Studio 15 genererte video i full HD som interlaced, sjølv om kjelda var progressiv. Sjølv om eg stilte Pinnacle Studio 15 manuelt inn til å kode 1920 x 1080 progressivt, valde programmet si eiga løysing. Eg fann aldri ut kvifor.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.