Njøsdalen rundt er ein tur på vel 20 km som er fullt mogleg å gjennomføre på ein helgedag eller langkveld om sommaren. Du må rekne med 5 til 7 timar alt etter tempo og pausar. Det viktigaste er at du ikkje set ut i eit forrykande tempo. Ikkje minst er det viktig å ha med seg nok næring i sekken, vatn og ekstra klede. Det er kjøligare på toppane.
Det er fritt val om du vil starte på Njøs eller på Kvålen. Eg gjekk turen heimanfrå via Kvålen, til Haoahaug og Skagasete. Frå Kvålen skal du til du er oppe på Rjupeskar (Plassen har same namnet som den i Kleppa-området.) gjere unna ca 800 høgdemeter. Frå Rjupeskar er det eit slakara parti før toppen Lusaskard. Går du tidleg på året, kan du drikke opp og fylle flaska i dette partiet. Friskt smeltevatn er godt som drikke og til å kjøle seg ned med. Oppe på Lusaskard passar det med første matpausen.
Etter matpausen går du i retning Øvstedalen og ned til Hottadalen, ei nedstiging på 270 høgdemeter. Dette er første gongen bremsane må skikkeleg på. Frå Hottadalen er det berre å følgje stien over Geitadalen til Tuftahaug. På Tuftahaug passar det med ein drikkepause slik at du kan fylle på flaska i Malinabekken. Bekken, eller oppkoma, finn du heimom det svarte selet/hytta. Ikkje fyll flaska frå bekken som renn forbi det eldste selet. Vatnet kjem frå ei tjørn og er ikkje tilrådeleg å drikke.
Etter at du har fylt flaska i Malinabekken, går du tilbake til det svarte selet/hytta. På baksida finn du starten på stien som tek deg i retning av Havrane. Etter kvart som du nærmar deg Havrane blir stien vanskelegare å følgje, men så lenge du held retningen mot Mjellhaugane og kryssar under lina kjem du til fremsta Havravatnet. I nordaust-enden, der vatnet renn ut i Øvstedalen, er det eit stort raudt merke på ein stein. Merket markerer starten på Moldbakken.
Opp Moldbakken har du meir enn nok med å studere vegetasjonen. Det er bratt. Eit stykke oppi skråar stien bortetter, over Havravatnet. I starten rasa yste del av stien ut vinteren 15/16, men det går greit å forsere. Stien går på kanten, over vatnet, så her er tipset å halde fokus rett fram. Pass på å ikkje stylke i småbusker som heng over kanten, men som har rota på andre sida av stien. Når det verste partiet er unnagjort, går du opp og ut av skogen. Det er like greit å halde retningen mot sør, like under Mjellhaugane. Bak horisonten finn du restane av Bergsete, ein støl som vart gitt opp. Ta ein god rast og matpause før du går sørover.
Det er sett opp skilt og merka med raudt på tre heilt til Hangsete. Første halvdelen av turen dit er i slakt terreng før du byrjar nedstiging i skogsgrensa. Det er her den lange bremseetappen byrjar og det er ikkje slutt før du står på Njøs. Om sommaren kan du helse både på sau og kyr på Hangsete. Rastar du der kan hestane etter ei tid verte litt nysjerrige på om du har noko godt med deg.
Frå Hangsete følgjer du stien ned på Bjørgahaug og tek Kidlestigen ned på Njøs. Bjørgahaug er vel verd ein stogg for å ta flotte utsiktsbilete og «sjølvies». Det kan vere lurt å tøyge ut litt før Kidlestigen og 300 høgdemeter ned på litt over 1 km distanse. Etter nesten 20 km på tur i varierande terreng, vil du merke den nedstiginga.








