Eg har vore innom det meste. På 80-talet og utover var det parabol med innslag av bakkesendar som regjerte. TV via fiber tok eg aldri sjansen på. Det var rett og slett for dyrt. I tillegg var tilbakemeldingane heromkring så dårlege at det uansett ikkje hadde vore aktuelt.
I ungdomen var det spanande å få inn noko meir enn NRK, men etter kvart har det vorte mindre og mindre interessant. Eg har aldri hatt behovet for 57 kanalar med ingen ting på. Om so var, gav det seg etter 1 veke på 80-talet. Å betale for ein pakke med mange kanalar gav eg opp for ein del år sidan, nokre få kanalar fekk greie seg.
I vinter kvitta eg med det tradisjonelle tv-abonnement, og kan no berre få inn NRK via RiksTV. Eg ville gå utanom tradisjonelle TV-distributørane og rett på leverandørane. Det skal vere opp til meg kva eg vil sjå på. Eg vil ikkje koma til ein ferdigdekka meny med kanalar, der over halvparten er så godt som uinteressante. Eg vil teikne meg for eit abonnement med leverandør på nokre månadar med enkel på og avmelding. Eg treng ikkje meir enn eit par månadar med Amazon Prime når vil sjå siste serie av Grand Tour med Clarkson, May og Hammond.
AppleTV gjer det leikande lett både med betalt og og gratis tilbod (f. eks. Youtube). OK, eg må ha ein PC til å setje opp kontoen. For meg er det enklast og sikrast. Det beste av alt med den nye TV-kvardagen er at eg får tilgang til programarkivet til leverandørane. Er det eit program eller episode i ein programserie eg ikkje har fått med meg, er det berre å sjå det når det passar meg.
Programarkivet til leverandørane varierer i omfang og kvalitet, men kanskje det viktigaste med endringa er at eg (og famlien) får tilgang til arkivet til NRK. Det er då du skjønar at lisensen faktisk er verd pengane. App’en til NRK er glimrande, spoling i direktesending problemfri. Du kan hoppe inn når som helst dei siste 3 timane i sendeskjema. Har programmet starta, tilbyr app’en å starte frå byrjinga av programmet eller gå direkte inn på sendinga som pågår. Ein treng ikkje følgje klokka med milimeterjustis for å få med seg programmet. Vi kan ta ein tur i det fine veret og sjå programmet ein anna dag.