Mykje kan skje med ein PC. Du kan få skadevare som øydelegg filene dine. Plate- (hd) eller fastminnelageret (ssd) kan ta kvelden. Spesielt utsett er platelager i berbare. Det er finmekanikk som ikkje tåler slag og støyt. Tek du ikkje sikkerheitskopi av filene til eit anna medium (f. eks. eksternt platelager), kan mange minne brått gå tapt for alltid.
Det fins mange program for sikkerheitskopiering, og det er jamvel inkludert i Windows. Utfordringa er å ta det i bruk. Eg lurer av og til på om lista er for høg for brukar. Kva må til for å gjere det enklast mogleg? Eg gjorde eit forsøk. Lenka finn du i slutten innlegget og hentar ned ei zip-fil som heiter Backup av brukar.zip. Fila kan opnast med Windows utforsker ved å dobbelklikke på ho.
Innhaldet i Backup av brukar.zip er berre to filer:
- zip.exe (fritt tilgjengeleg frå http://info-zip.org/)
- Backup av brukar.bat (magien i løysinga)
Oppsett og bruk
- Kopier dei to filene til ei mappe på eit eksternt lager (USB-disk), f. eks. F:\Backup.
- For å ta sikkerheitskopi dobbelklikkar du på fila Backup av brukar.bat. Ein boks sprett opp og det flyg forbi ei liste med filer det blir teke sikkerheitskopi av. Sikkerheitskopien (ei zip-fil) kan du seinare opne med Windows utforsker og hente ut kopi av fil(er) du har sletta eller endra feil.
- Ein seinare dag klikkar du berre på Backup av brukar.bat igjen og får ein ny sikkerheitskopi med dato til dagen.
Korleis fungerer det?
Kort sagt har eg nytta variablar i Windows og basert meg på at brukar lagrar sine filer på standard brukarområde i Windows som er C:\Users\brukarnamn. La oss ta ein titt i Backup av brukar.bat:
.\zip.exe -ur %DATE:~6,4%-%DATE:~3,2%-%DATE:~0,2%-%USERDOMAIN%-%USERNAME% %USERPROFILE%
- .\zip.exe syt for at zip.exe i same mappe som Backup av brukar.bat blir brukt.
- -ur ber zip.exe opprette/oppdatere (u) ei zip-fil og søke nedover (r) katalogstruktur.
- %DATE:~6,4%-%DATE:~3,2%-%DATE:~0,2%-%USERDOMAIN%-%USERNAME% er namnet på sikkerheitskopien og består av følgjande:
- %DATE:~6,4%-%DATE:~3,2%-%DATE:~0,2% hentar ut dato i formatet 2018-12-30.
- %USERDOMAIN% er namnet på maskina.
- %USERNAME% er brukarnamnet til innlogga brukar i Windows.
- %USERPROFILE% er brukarområdet til innlogga brukar ein tek sikkerheitskopi av (C:\Users\brukarnamnet ditt\).