Som mange andre, både personar og verksemder, har eg flytta i hovudsak filene mine ut i skya. Var veldig skeptisk i starten, men etter kvart som eg har gjort meg kjent med tenstene, tryggleiken og personvernet dei tilbyr finn eg ingen grunn til å la være.
Ein av fordelene er at du i det minste har nokon til å ta vare på filene for deg. Tap av bilete og filer er ikkje eit ukjent fenomen om du ikkje sjølv har sett opp eit godt regime for ekstra kopiar.
Ein anna fordel er versjonering. Du kan få det til heime om du har eit systematisk oppsett som tek vare på kvar filversjon, men det krev meir av brukaren. I skya er det enkelt. Du treng ikkje setje opp eller gjere noko. Alt skjer automagisk. Når du lagrar i Office 365 eller Google Docs, vert den gamle versjonen lagt i versjonshistorikken. Oppdagar du seinare at endringa du gjorde ikkje var bra, er det berre å opne den gamle versjonen og hente innhaldet du manglar.
Office 365 tilbyr deg tilgang til x tal versjonar eller dei siste 30 dagars versjonar, medan i Google Docs sitt format kan du hente fram fleire år gamle versjonar.