Versjonar av Veracrypt før versjon 1.23 har ikkje fungert for kryptering av Windows-stasjon (C) på mi berbare HP-maskin.
Installasjonen av Veracrypt 1.23 gjekk knirkefritt. Det har vore nokre oppdatering av Windows etter installasjonen som ikkje har skapt problemer. Men no, tidleg i oktober, var det slutt. Brått fekk maskina blåskjerm med referanse til winload.efi. Første gong tenkte eg det var tilfeldig, og eg studerte ikkje noko vidare på det. Det går raskare å legge tilbake eit diskbilete teke med CloneZilla, rett før eg installerte Veracrypt 1.23, og kryptere installasjonen.
Det gjekk eit par dagar og så var det nok ein blåskjerm med same feilmelding. Eg sjekka foruma og det ser ut til at eg ikkje er aleine med å ha problem med Veracrypt versjon 1.23. Denne gongen gir eg meg og ventar heller på VeraCrypt versjon 1.24 eller 1.25.