Eg har dei siste åra hatt to skjermar med oppløysing 1900 x 1200 som arbeidsskjermar på pulten. Etter kvart som flatskjerm-tvane med 4 k (3860 x 2160) oppløysing har vorte rimelegare, vart det stadig meir fristande å sjå om eg kunne erstatte dei to skjermane med ein stor skjerm.
Av storleik stod valet i området 40 tommar til 55 tommar. Eg har titta litt på ulike TVar og slo ifrå meg 55 tommar, det virka for stort. 40 og 43 tommar var eg usikker på om var for lite. Eg leitte litt på nettet og fann ein TV på 50 tommar som fekk god kritikk og hadde dei innstillingane eg var på jakt etter. Rimeleg som hav var, var det verd eit forsøk. I det minste kan eg skifte ut ein av dei eldre TVane mine om TVen ikkje fungerer godt nok som PC-skjerm.
No har eg hatt TVen nokre dagar, og ja den er stor. Pulten min er ikkje særleg brei/djup, ein 20 år gamal kontorpult eller, rettare sagt, plate med bein. Storleiken avgrensar kor langt ifrå meg eg kan plassere TVen. Ein TV på 40 eller 43 tommar ville nok passa pulten min betre. 50 tommar blir i grenseland, eller kanskje litt for mykje av det gode. Eg kan løyse det ved å henge TVen på veggen og dermed kome meg litt lenger ifrå han.
Skjermarealet er stort og utnyttingsgraden bør maksimaliserast. Så nær eg sit, kan eg setje tekstskaleringa i Windows til 100%. Med hjelp av WinGrid kan eg legge til rette for 9 (3 x 3) områder. Øverst mot hjørna kan eg plassere underhalding som TV eller nyhende som eg sporadisk kan føl med på eller lyttar til. I den nedre matrisedelen (2 x 3) kan eg plassere vindauge eller program eg arbeidar aktivt med. Ulempa med 100% skalering er at skrifta blir litt i minste laget og kantete i høvet det eg er van med. Det kan forklarast med at punkt per tomme på dei gamle skjermane er 94,34. TVen har 88,12 punkt per tomme. Når eg ellers arbeidar med berbare med skjermar med over 226 punkt per tomme, merkast det godt. Med så små punkt betyr at det går 3 punkt i horisontalen og 3 i vertikalen i høve TVen. Med andre ord er punkta på TVen er 9 gonger større enn punkta på dei berbare maskinene. Å setje skaleringa til 125% gjer at skrift blir jamnare og finare, men det går ut over mengda informasjon som kan visast innafor eit gitt område. Ei matrise på 3 x 2 passar då betre.
Hoved-PCen har eit Nvidia GTX 1070-grafikkkort som støttar HDR. TVen støttar HDR på 2 av HDMI-inngongane. Slår du HDR på finn drivaren til grafikkortet ut av dette og slår på HDR-signal frå kortet. Ver budd på utbrende lyse fargenyansar når HDR er slått på TVen og han står på innstillinga «Skjerm» (for PC). I denne innstillinga har du ikkje høve til å justere videokontrast, ei ekstra kontrastinnstilling med HDR på. Du kan med andre ord ikkje bruke HDR, berre velje standard fargeområde i drivarinnstillingane til grafikkortet, anten det er Nvidia eller Intel. For å kunne la grafikkortet sende HDR-signal til TVen har eg sett TVen på innstillinga «Standard» og gått gjennom alle innstillingane for bilde og slege av alt av «forbetringar» samt justert ned videokontrast til eit akseptabelt nivå (75-80%).
Ei ulempe med TVen er at han berre har HDMI-inngongar. Dei gamle skjermane hadde ulike innganger som HDMI, DVI, VGA og DisplayPort. Skal eg koble til utstyr som ikkje har HDMI-utgong, må eg syte for rett overgang som saman med pc og kabel støttar 4 k. Det er synd å bli sitjande att med ei bilete på berre full HD, eller 4 gonger så grovt i høve 4 k, på ein TV på 50 tommar. Om ein ser det frå den andre sida, så vart det brått mykje ryddigare på og rundt pulten. Borte er 3 tilkoblingskablar + 1 straumkabel per skjerm. 8 kablar redusert til 1 straumkabel og 2 HDMI-kablar, der ein av dei går til den stasjonere og den andre ligg att for å kople til berbare PCar.