Etter å ha brukt ein TV på 50 tommar som PC-skjerm i 2 veker kom eg til konklusjonen at det vart for stort. Sidan eg kjøpte TVen til halv listepris, kunne sonen min få han til PC-skjerm, Netflix og Xbox. I bytte fekk eg ein ekstra PC-skjerm so no har eg 3 å fordele arbeidet mitt på. Han er godt nøgd med TVen. Forza Horizon 4 på 50 tommar med Ambilight syg deg inn i racet. I løpet av tida med TVen har eg lært eit par ting som er viktig lærdom å ta med seg vidare:
1. Piksel-layout
Eg valde ein Philips 50PUS6703/12. Som PC-skjerm er denne ikkje optimalt. Om du ser på bilete til høgre/over ser du svarte cellerammer i eit rekneark i Excel. Legg merke til krysset mellom horisontale og vertikale liner. Du vil sjå at dei 4 pikslane inn mot krysset er gråe. Etter å ha Googla litt rundt kom eg over at denne TVen har ei anna måte å fordele pikslar på. I tradisjonelle skjermar ligg pikslane vertikalt i samme kolonne nedover. Philips 50PUS6703/12 har eit diagonalt opplegg. Om du klikkar på bilete vil du sjå at pikslane ligg som mursteinar der den over ligg mellom to under. Det påvirkar korleis kryss i rekneark blir vist. Bokstavar blir kunstig kantete fordi kurver treff dårlig med piksel-layout om du vel 100% storleik i Windows 10. Du bør gå for 125%.
2. RGBW = 3k TV
Eg byrja å sjå etter mindre TVar. Her lærte eg meg at ein del produsentar juksar med 4k. I stadenfor at ein har 3 delpikslar (Red Green Blue) i ein piksel har dei introdusert panel med 4 delpikslar i horisontalen (Red Green Blue White). Slik eg forstår det skal det betre lysdynamikken, men det gjer at du taper 25% av den horisontale oppløysinga.
Skjermane har berre 11 520 delpikslar i horisontalen uavhengig av om det er RGB eller RGBW. Men RGB har du totalt 3840 pikslar à 3 fargar, med RGBW står du igjen med 2880 pikslar med 3 fargar + kvit. Kort sagt er RGBW-panel ikkje ekte 4k, men 3k. LG brukar dette på ein del (rimelege) modellar. Skal du ha ekte 4k, kjøper du ikkje rimelege LG TV.