Frå Njøs eller Sanden kan ein legge opp ein ikkje for lang rundtur innom tre postar: Bjørgahaug, Våkeldahaug og Hangsete. Våkeldahaug går ein vanlegvis opp til frå Hangsetegrinda. Men for rundturen er det lurt å gå til Hangsete med retur bort på Våkeldahaug og deretter ned til Hangsetegrinda.
På Hangsete startar du ved turpostkassen og går nordover, i retning av hytta som ligg ved granfeltet. Stien startar like under gransfeltet ved hytta. Du må først gjennom eit lite omårde med små sprakar. Etter det følgjer du stien mot ein bakke. Her er det like greit å gå stien som går mest oppover. Det er snakk om ca 30 meter opp før det flatar ut i retning Våkeldahaug. Du skal litt etter oppstiginga passere på oversida eit stort lauvtre som er knekt. Kiker du deg tilbake ser du stølsområdet på Hangsete. Passerer du på undersida av treet betyr det at du ikkje har gått høgt nok opp, men du vil kome inn på stien mot Våkeldahaug like etter. Stien vestover er merka med raude prikkar i begge retningar.
Etter ca 700 meter frå Hangsete kjem du inn på stien som går ut mot Kyrafossen, like over turpostkassen på Våkeldahaug. Gå ca 10 meter i retning Njøs, ned til turpostkassen, og ut på utsiktspunktet.