Deler rekneark for ballturneringar

KM-GD-miniSidan 2013 har eg vore engasjert i kvalifisering til kretsmeisterskap for fotball og resultaservice for Syril. Eg har eg nytta det som har vore tilgjengeleg for meg, Google Sheets. Alle forstår rekneark og deling over internett med dei som sit i sekretariatet i løpet av turnering er enkelt.

Det byrja heilt enkelt med registrering av resultat, manuell registrering av mål og poeng i tabellar. Dei siste åra har det gått over til å bli automatisk utrekning av poeng og målskilnad (scora mål – mål slept inn). Ein treng berre registrere inn scora måla for heimelaget og bortelaget. Resten blir rekna ut. Det siste ein gjer, når alle resultata for ein klasse er klare, er å rangere dei (1,2,3) avhengig av kor mange som går vidare til slutturneringa i sin klasse.

Om det er nokon som har treng eit slikt rekneark, kan du hente malen her.

Det er tre faner: Dag 1, Dag 2 og Tabellar. Det er plass til 60 kampar kvar dag. Om turnering blir spelt i ein hall med 1 kamp om gangen, skal det vere meir enn godt nok. Det kan godt vere mogleg at du greier deg med det i ein hall delt i to, med to kampar spelt samtidig.

Legg merke til at kolonnene mellom G og L på arka Dag 1 og Dag 2 er skjult. Kolonnene  inneheld formlar som reknar ut poeng og måskilnad.

Dersom du finn på å utvida arka med fleire kampar, set du inn dei ekstra radene over den siste kamplina (kamp 60). Årsaken er at då blir og området for oppslaga i formlane i Tabellar-arket utvida. Deretter kopierer du siste kampnummeret (formelen) frå inn i dei nye tomme cellene i Kamp-kolonna samt den siste lina. Deretter plukkar viser du kolonnene mellom G og L og kopierer formlane i lina over dei tomme til dei tomme. Når det er gjort, skjuler kolonne H, I, J og K igjen. Legg du til nye under kamp 60, vil desse cellene ikkje bli med i utrekninga i arket Tabellar.

Pass på at namna i kampoppsettet er identiske med namna på laga du skriv inn i tabellen. Resultatet blir rekna ut basert på eit oppslag av namnet i tabellen i kampoppsettet. Er det skilnad nokon plass på ei oppføring, vil ho ikkje bli med i utrekninga. Google Sheets er pinleg nøyaktig og tek ikkje «Syril» for «Syr il».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.