Denne veka fekk eg brev frå internettleverandøren min, Sognenett. Tilbodet blir endra, kapasiteten aukar saman med prisane. Eg har utheva noko i raudt som eg kjem tilbake til seinare:
Kjære kunde,
Dei siste åra har me vore vitne til ei forrykande utvikling når det gjeld internett og bruksområda det nar. Det aller meste kan koplast opp på nettet, og eit fungerande internett er nærmast like viktig som elektrisitet. Utan internett fell det aller meste ut. Denne utviklinga held fram med uforminska styrke og det årlege kapasitetsbehovet over internett aukar med omtrent 25% kvart år. Med eit større behov, krevst òg større investeringar samstundes som kostnadar knytt til normal drift og vedlikehald aukar. Det er denne situasjonen som gjer at prisen forbrukarane må betala for breibandet aukar.
Om alle hadde vorte behandla likt av Sognenett, skulle eg ikkje sagt noko. Det eg reagerer på er det som står over og i den blå boksen:
- Treng du berre tilgang til internett (200/200 Mb) -> kr 739 pr mnd.
- Tek du tilgang til internett saman med Get TV over fiber -> kr 621 pr mnd.
Du sparar kr 1 416 per år på fiberlina om du vel å sjå TV på ho. No bør du lese ein gong til det som står i raudt over.
Å sjå TV over internett brukar kapasitet. I forhold til musikk er det snakk om titals gonger datamengde. Den siste Get TV-boksen taklar video i opptil 4k (3860 x 2160 punkt), dvs 4 gonger oppløysinga til full HD (1920 x 1080 punkt). Dinside.no har testa den nye Get TV-boksen og følgjande blir anbefalt:
Get anbefaler bredbånd på minimum 25 Mbps (Megabit per sekund) med én boks og minimum 50 Mbps hvis man har flere. Selskapet forklarer at dette er for å dekke både strømming med Get Box og annen bruk av Internett i hjemmet samtidig.
For å gjere det enkelt splittar vi lina ved ein boks i vel 2 og rundar godt ned. Eg set snittet på det du vil sjå på til ca 8 Mbps eller 1 Megabyte per sekund (MBps) i sekundet.
La oss sei TVen i snitt står på frå 16.00 til 00.00 om kvelden, 8 timar kvar dag. Det er 3 600 sekund i ein time. Det betyr at du lastar fiberlina med 3 600 MB i timen. I løpet av 8 timar, eller eitt TV-døgn, vil du ha lasta ned 28 800 MB trafikk på lina di. Vi rundar det av til 28 Gigabyte (GB) per dag. Med 30 dagar i månaden har du ved å la TVen stå på generert trafikk på 840 GB eller 0,84 Terrabyte (TB) på lina di. Har du fleire Get TV-boksar er det berre å gange opp. Det blir eit paradoks at nokon som ikkje ser TV via fiber/internett skal betale meir for internettlina.
Valet til Sognenett tek seg ikkje godt ut med tanke på at Sognenett har vorte tungt sponsa i si utbygging av fibernettet i Sogn og Fjordane. Storsamfunnet har vore med på å bygge kundegrunnlaget til Sognenett. No vel Sognenett å gi dei som kjøper ei kommersiell teneste frå Get fordeler. Sognenett vel å setje kniven i sida på sine trufaste kundar som bidreg langt mindre til behovet for kapasitetsauke. Det er lov å trø feil og eg vonar at Sognenett revurderer.