Sonen min hadde funne ein bil han ville kjøpe. I går, fredag 28.02, testkøyrde vi og sjekka ut at alt var som det skulle vere. I dag, laurdag 29.02 – skotsårdagen, skreiv vi kontrakt og gjennomførte eigarskifte på nettet. Forsikring teikna eg, men eg la merke til at eg ikkje fekk setje 29.02 som forsikringsdag. 01.03 var einaste alternativ. Sidan forsikringa først gjeld frå i morgon, fekk eg ikkje gjennomføre omregistreringa hjå Vegvesenet i dag.
Eg ringde forsikringsselskapet. Dei kunne heller ikkje endra datoen til 28.02, slik at vi lovleg kunne køyre bilen i dag. Eg oppfatta at det var det ei teknisk avgrensing i systemet som medførte at ein ikkje kunne setje 29.02 som dato, eller at dei kunne endre datoen. Dersom eg trong forsikring frå og med 29.02, måtte eg undersøke med andre selskap. No skapar det ikkje problem for oss. Bilen står hjå meg, men dersom vi hadde reist langvegs måtte vi mest sannsynleg ha overnatta. I staden for frustrasjon og sinne, enda det opp med ein god latter i samtale med dei på telefonen.
Etter nokre ekstrarundar på forsikringssidene etter samtalen, oppdaga eg denne:
For oss som har opplevd styret rundt tusenårsskiftet, synes eg det er merkeleg at ein – i det herrens år 2020 – har system som IKKJE taklar skotårsdagar.
🙂 🙂