Ei oppfølging av innlegget om Sognenett si endring av fibertilbod. Om vi ser på prisauken, betalte eg på siste faktura kr 579 pr månad. Eg la nettopp merke til at brevet i forrige innlegg seier kr 549, som er feil.
- Berre internett kr 739 – kr 579 = kr 160 i auke. Omrekna i prosent: 27,6 %
- Internett med Get TV kr 621 – kr 579 = kr 42 i auke. Omrekna i prosent: 7,3 %
Som du ser slepp dei med eit abonnement på Get TV unna med ein sparsom auke på 7,3%.
Sognenett AS leverer kun eit produkt: tilgang til internett. Get er eigd av Telia. Sognenett AS er eigd av Sognekraft AS, Aurland Energiverk AS, Luster Energiverk AS og Lærdal Energi AS. Det er inga direkte eller indirekte kobling mellom Sognenett AS og Get enn at Sognenett AS er formidlar av Get sitt produkt TV-produkt. Faktura på TV-produktet kjem frå Get, ikkje Sognenett AS.
Tilgang til digital infrastruktur er eit produkt på same line som tilgang til vatn og kloakk. Vi er eit samfunn der meir og meir blir utført via nettet. For 4 år sidan selde eg bil. Vi sat og venta i lange tider på trafikkstasjonen for å få unna omregistreringa. Eg må legge til at mykje av tida skuldast forsikringsselskapet som rota med å få på plass forsikringa på bilen for kjøpar. For ei veke sidan kjøpte sonen min bil. Eg betalte via nettbank, gjennomførte eigarskifte på nettsidene til Vegvesenet. Forsikring ordna eg via nettsidene til forsikringsselskapet og betaling av omregistreringa via Skatteetaten. Til slutt kunne eg skrive ut eit mellombels vognkort og bruke bilen. Dei ulike trinna var over på minuttar og ikkje avhengig av opningstider.
Arbeidet mitt er av ein slik art at eg kan sitje (nesten) kor eg vil i verda. Alt eg treng er tilgang til internett. Om eg må sitje i sjølvpålagd Korona-isolasjon, kan eg jobbe heimeifrå kvar einaste dag (eg er frisk). Vi samskriv på innhold, kommenterer innholdet, gir råd, diskuterer, utvekslar meldingar osv. Åpne spørsmål løyses via e-post, «chat», telefon eller ein videosamtale eller -møte mellom ein eller fleire i Leikanger, Oslo og/eller Brønnøysund. Office 365 og ei aktiv satsing på å utnytte internett og «skya» til det beste for tilsette og samarbeidspartnarar, sparar samfunnet for mange unødige kostnader. Eg slepp lange dagar på reise og du slepp å betale for dei. Verktøya våre støttar godt rundt Digitaliseringsdirektoratet sin distribuerte organisasjon, spredt over tre vesentleg adskilte geografiske lokasjonar. Vi viser dagleg at ein ikkje treng å vere lokalisert i eit bygg sentralt i hovudstaden. Alt vi treng er tilgang til internett (utan TV-pakke).
Det er ingen naturleg samanheng mellom ein TV-pakke og at det skal medføre at ein nyttar mindre av kapasiteten ein abonnerer på frå Sognenett AS. Det blir som om vi skulle fått eit tilbod frå kommunen på saftabonnement frå Orkla som ein pakke med vatnet. For kr 400 pr månad får du 10 liter ublanda saft frå Orkla mot at kommunen sler av 20% på vassavgifta.
- Korleis ville du ha reagert på eit slikt tilbod?
Folkehelsa og lokalpatriotar for Lerum ville gått i fistel. Aviser, Facebook, Twitter osv hadde plassert Sognal kommune på kartet nasjonalt og internasjonalt. Tinghuset på Leikanger hadde vorte nedrent. Rådmann sin telefon hadde vore rødglødande og e-postkassen full.