Som vaksen har eg hatt tilhald i PC-verden. Eg har gått gradene frå DOS, Windows 3.1 til no Windows 10. Eg er med andre ord godt «innrøykt» i Windows-verden. Når jentene mine byrja å studera, kjøpte dei i august 2018 kvar sin Macbook Pro. Det er dyre maskiner med ein pris på den tida på kr 14 000 per stk. I dag startar prisane for denne typen maskin i underkant av kr 17 000.
Den eine Macbook Proen fekk problem med skjermen. Baklyset forsvann. Skjermen virka ellers som han skulle. Ein kunne skimte lyse parti eller symbol på han, men han var ikkje brukandes. Maskina vart kjøpt på Elkjøp og på deira sider er rådet å ta kontakt med Apple. I slutten av april snakka eg med førstelinja som registrerte hendelsen og bad meg resette maskinvaren på to måter. Det vart gjort, til inga hjelp. Eksamensperioden starta og maskina har den siste månaden vorte nytta med ekstern skjerm. No er siste eksamen ferdig, eg tok igjen kontakt med Apple.
Eg snakka med førstelinja først og repeterte symptoma. Presiserte at av og til når ein opnar maskina er det lys, men det forsvinn etterkvart som ein opnar ho meir. For meg har det vore klart at dette er ein maskinvarefeil. Eg gav klar beskjed om at ikkje gidda meir feilsøking og vart sett over til andrelina, og trudde eg skulle få ei adresse å sende maskina til av dei. Nei, dei tek ikkje mot noko maskiner. Eg måtte levere ho inn til ein autorisert reparatør. For min del var det Eplehuset i Bergen eller Elkjøp i Sogn. Det var då runddansen vart klar. Elkjøp viser til at eg må ta kontakt med Apple og Apple viser meg tilbake til Elkjøp.
Lunta var tent og eg gav klar beskjed om kva eg meinte om Apple-maskiner og supporten deira. Spesielt det siste er under ein kvar kritikk. Sel ein maskiner i premiumsegmentet får dei jaggu syte for premiumsupport når kundar må li under deira dårlege designval. Her er det berre å dra fram:
I 2015 introduserte Apple det «fantastiske» sommerfugl/butterfly-tastaturet. I tilbakeblikk ein gigantisk designfeil. Tastar slutta å virke om det kom bagatellmessig rusk inn under tastane. Det har vore, etter det eg veit, 4 revisjonar av denne typen tastatur. Ikkje går det an å rense tastaturet sjølv. Heile toppen av underdelen MacBook Proen må skiftast. Eit program som syter for gratis reparasjon er på plass. Maskiner frå og med 2020 har ikkje lenger denne type tastatur. No er dei tilbake på same type som før 2015.
So har vi designfeilen på 13″ MacBook Pro der skjermkabelen er for kort slik at han gneg mot chassiset og til slutt ikkje virkar lenger. Det er dette eg meiner MacBooken lir av. Eit program som syter for gratis reparasjon er sett opp. I 2018 vart skjermkabelen forlenga med eit par millimeter for å løyse problemet.
Vi må ikkje gløyme dei nye generasjonane av MacBook Air. Apple har sett kjøleribber på prosessoren og montert inn ei vifte i chassiet. Problemet er at det ikkje er ein fysisk heteavledar mellom kjøleribba og vifta. Sjølv om maskina brukar straumsvake prosessorar, vil prosessoren ved enkle oppgåver, som så surfe med Chrome, sjå Youtube-videoar eller lytte på Spotify, lett sprette opp i max temperaturen på 100 grader Celsius. Vifta går amok og blir plagsom. Prosessoren girer ned ytinga for å redusere varmen. Sjølv om artikkel prøver å nyansere bilete, er det greit å legge merke til at forfattaren måtte bytte ut sin MacBook Air på grunn av varme og yting. Lurer på når det kjem eit program for å gratis bytte av hovedkort på MacBook Air 2018-2020, etter kvart som CPUane døyr av langvarig heteslag.
Tilbake til dårleg support, til og med ein stor Youtube-kanal slit med Apple:
De må gjerne kike innom Louis Rossmann sin Youtube-kanal. Han reparerer Mac og kan fortelje meir om dårlege og uheldige designval Apple har gjort.
For min del har Apple sementert mine mistankar. Support er altfor dårleg for produkt som prismessig ligg i premiumsegmentet. Mitt råd til deg er å droppe Mac. Kjøp deg heller ei robust Windows-maskin med 3 års garanti og reparasjon heime hjå deg.