Frå Kvålen er det fritt val om du går opp via Haohaug til Baukasengene eller om du, som eg, tek den nye skogsvegen, under arbeid, frå Vetlagjerdet. Før skogsvegen svingar inn i skogen, kan du ta eit lite overblikk over Vetlagjerdet, hogstfeltet og stien opp til Åsen som kan ta deg vidare til Fadnastølen.
Opp langs skogsvegen passerer du gamle slåttebøar til Njøs-gardar. På slutten må du litt ned att før du er ved Baukasengene og stien til Skagasete.
Du tek av frå Skagasetestien på ein sti merka med blå nylontau heilt opp til linjetrasseen. Du går gjennom granfelt og passerer gamle løer på vegen opp. Heile turen, med unntak av nokre titals meter før Baukasengene, har god stigning. Den tyngste biten er nok dei siste 3-400 meterane før du kjem til linjetraseen. Utsikta derimot kan ein ikkje klage på.