Sidan eg har passert eit halvt århundre i alder, er eg godt van med kabla hovudtelefonar. Frå jula 2019 har eg nytta trådlause blåtann-hovudtelefonar saman med mi stasjonere maskin til videoredigering.
Trådlaust skulle eg kunne vandra litt omkring i huset: Setje igong ein kopp kaffi på kjøkkenet og gjere andre småærend. I praksis fungerer det ikkje. Vandrar eg for langt frå datamaskina, skapar det problem for den trådlause oppkoplinga. Berre ein tur på under 5 meter kan vere nok. Eg merkar det ved ørsmå brot i lyden. Når eg kjem tilbake til pulten, er lyden og video ikkje lenger synkronisert. Det er snakk om millisekund, men det er knapt noko meir irriterande enn bilete og lyd som ikkje er synkronisert. Med fleire turar bort frå PCen blir det verre.
Eg har sjekka om hovudtelefonane har vore sett som standard kommunikasjonsening i Windows. Det har dei vore heile tida. Dei absolutt siste Bluetooth-drivarane for Windows til blåtann-kortet i PCen vart installert utan at det medførte nokon skilnad. Windows 10 er også fullt ut oppdatert.
Til slutt testa eg dei trådlause hovudtelefonanane på ei maskin med eit anna operativsystem og blåtann-kort. Det er ingen forskjell om eg køyrer Microsoft Windows eller Linux Mint. Problemet må ligge i den trådlause blåtannoppkoplinga uavhengig av operativsystem og maskinvare i PCane. Løysinga er å kople frå og til att hovudetelefonane, men slikt tek tid og må gjerast fleire gonger i løpet av ei økt. I praksis endar eg opp som før:
- Dei kabla hovudtelefonane må eg legge att ved PCen pga av kabellengda.
- Dei trådlause hovudtelefonar må eg leggje att på pulten ved PCen sidan berre små turar skapar problem.
Eit siste problem med trådlause hovudtelefonar er at ein må lade dei. Det hender at batteriet går tomt, sidan eg ikkje har dei på lading heile tida eg ikkje brukar dei. Då må eg bruke kabel til eg kan legge dei på lading.