Sognekraft har arbeidd med å legge til rette for etablering av eit datasenter halvveges inn Huksdalen, i ytre delen av det som var Leikanger kommune. Dette er eit anlegg som ville ha lege langt frå folk, ikkje forureina, ikkje støya ned naboar eller vore til sjenanse for ålmenta. Men det er ikkje bra nok. Nei, her skal alt vera som før. Tenkjer eg let denne henga:
– Om kommunane og dei folkevalde seier nei til å nytta kraftressursane våre til å skapa arbeidsplassar på denne måten, og meiner dei heller bør etablerast i meir sentrale strøk, så er det eit tydeleg signal me sjølvsagt rettar oss etter.
Terje Bakke Nævdal, dagleg leiar Sognekraft
Så forbaska mange arbeidsplassar blir det ikkje av dette på lang sikt – tilrettelegging av grunn etc. vil i bestefall bli utført av lokale som skapar inntekter til den lokale skattekassa – men ikkje på lang sikt. Her kan ein berre sjekke kor mykje som blir lagt igjen hos f.eks Bluefjords i Gaupne.
Men Nævdal har eit poeng – enten blir straumen som er produsert i kommunen nytta lokalt, ellers så blir den solgt til høgstbydande. Og viss det gagnar lommeboka til dei busette i kommunen i form av lavare nettleige – så er det vinn-vinn.