Eg har halde auga med Apple sidan rykta byrja å svirre om at dei ville droppe Intel. Intel slit med sin arkitektur. Dei slit med å krympe prosessen frå 14 nm for å gjere transistorane mindre, få plass til fleire komponentar på same arealet samt senke straumforbruket. AMD med Ryzen-portefølgja er nede på 7 nm og grusar Intel på yting og straumforbruk.
Med sin nye M1 har Apple forlete Intel-baserte prosessorar som baserer seg Complex Instruction Set Computer (CISC) til Reduced Instruction Set Computer (RISC). Vil du lese meir om skilnaden mellom kan du lese denne omfattande artikkelen.
ARM leverer RISC-prosessorar som blir brukt i mobile einingar med lågt straumforbruk og høg yting. iPhone og iPad brukar ARM-baserte prosessorar. A14 Bionic (6 kjerner) sit mellom anna i iPad Air og iPhone 12. Med nettbrettet er det ikkje problem å redigere 4K-video i 10-bit:
Eg la merke til at han brukar Panasonic Lumix-kamera og MOV-format, eit lettkomprimert videoformat. Sjølv jobbar eg med 4K video frå GoPro Hero 7 Black i det svært komprimerte H.265-formatet. Eg måtte oppgradere mi stasjonere maskin til AMD Ryzen 7 3700X (8 kjerner eller 16 tråder) saman med Nvidia RTX 2060 for litt over eitt år sidan. Den gamle maskina med Intel Core i7-7700 (4 kjerner og 8 trådar) saman med Nvidia GTX 1070 vart for svak. Uansett format, er det imponerande at ein kan redigere fleire lag med 4K-video med eit nettbrett utan hakking.
Det var med ei viss spaning eg venta på Apple M1. Dei siste vekene har eg sett gjennom mange videoar med testar av MacBook Air og MacBook Pro med M1. Eg er imponert og må sei at eg vurderer å gå over til Apple. Ytinga er så bra at eg kan eta i meg min tidlegare lovnad. At ei Apple Macbook Pro 13″ med M1 kan banke dei Intel-baserte 16 toms Macbook Pro kan gi mange hakeslepp. Legg merke til at Intel-maskina går tom for batteri lenge før alle testane er ferdige. Det er vesentleg forskjell på straumforbruket. Yting per watt er stor i favør M1:
For dei som sel siste åra MacBook Air eller Pro på Finn er dette dårlege nyhende. Med mindre du får kjøpt maskinene for 1/3 av nypris, er det berre å droppe kjøpet. Ytinga er så dårleg at det ikkje er verdt meir. I tillegg kan du for fjorårs til 2016-modellar ende opp med det famøse butterfly-tastaturet som når som helst kan svikte.
Mitt råd er å ta seg råd til ny MacBook Air eller Pro med M1. Skal du gjere ei oppgradering, kjøp 16 GB med minne og du er klar for framtida.