Dagens sparkstøtning

I min barndom køyrde eg sparkstøtning. Ein sparkstøtning har stålmeier og går som fy på is og hardpakka snø i vegen. Med åra som har grunnlaget for bruk av sparkstøtning forsvunne i tråd med auka trafikk, salting og strøing av vegane. I sitt rett element er ein sparkstøtning eit effektivt forflyttingsmiddel, ikkje minst moro når ein konkurrerte mot andre ungar eller unge til sinns.

Dei siste åra har eg sett utbreiingen av elektriske sparkesyklar i byane. Eg har sett kollegaer susa rundt på dei. Hadde det ikkje vore for øyrene, hadde dei glist rundt. Dessverre fekk eg aldri prøvd syklane i byane, får skulda på Covid-19 og bråstoppen i reiseaktiviteten. I dag føretrekk eg Teams enn timevis på reis til og frå byar og tettstadar. Flyplassar er so 2019.

Eg var innom Elkjøp i veka og henta datautstyr eg hadde tinga, og la merke til at dei hadde for sal elektriske sparkesyklar. Sidan eg er ein stor kar, må eg alltid kontrollere om desse tåler meg. Mange av tilboda, inkludert Elkjøp sitt, har maks vekt på 100 kg. Eg treng litt meir margin for å sikre at sykkelen ikkje dauar vekk når han ser litt stigning. Google er min venn og etter litt søking landa eg på Wilfa E-way E500. Komplett hadde eit medlemstilbod og sluttsummen enda på kr 4.490, 2.000 under listepris. Nesten kr 1.500 under Elkjøp sitt «tilbod» på ein langt svakare modell. Tinga på torsdag, mottok han fredag. Effektiv levering av PostNord. Eg tok nokre småturar på fredagen. Minnene frå tida med sparkstøtning var ikkje langt unna.

I dag tok eg ein lenger tur for å teste ut batteriet og lære korleis eg skal takle ujamnheiter og bratte bakkar. Starte heimefrå, nedover Njøsavegen og Gjertrudbakken. For de som kjenner den er den bratt. Det få som greier å sykle opp, sjølv på lettaste gir, utan assistanse frå elektrisk motor. Eit lett trykk på bremsen set Wilfa E-way E500 i regenereringmodus. Halvveges nedi bakken hadde sykkelen regeneret batteriet fullt. Regeneringsbremsen slepp opp og farten aukar. Løysinga er å trykke bremsen litt lenger inn slik at skivebremsen bak tek. Det er greit å få med seg dette. Kan lett bli ei overrasking om ein ikkje er klar over det. Kontakt med asfalt i høg fart er aldri bra, berre spør Tarjei Bø.

Utover gang- og sykkelveg, rundt Hamre, forbi Hanahaug og innover Strandavegen og tilbake til Njøsavegen haldt eg for det meste maksimal fart på 22 km/t. Som venta måtte han ha litt hjelp i midten av Njøsabakken. Når den biten var unnagjort, plukka han gradvis opp fart og haldt full fart heim. Det verste partiet på turen var nok over steinlegginga samt brua nede i sentrum på Hermansverk. Dei rue steinane, asfaltlappeteppet og betongen merkar ein når fjøringa berre er dekka. Lurt å opne kjeften litt so tennene ikkje klaprar.

Eg starta med 100% batteri. Heimkomen var det att 62%. Turen er 11,1 km ifølgje Google. Sykkelen brukte 38% av batterikapasiteten. 11,1 delt på 0,38 gir vel 29 km i total kapasitet. Produsent oppgir 45 km. Eg synes det er OK med tanke på at eg er på «feil side» av vektskalaen. I tillegg hadde ruta nokre bakkar som gjekk hardt ut over batteriet. På flat mark ville det, sjølv med meg, vore nærare 45 km kapasitet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.