Skarseggene er område som ligg vest om Rjupeskar. Vanlegvis tek eg meg til toppen av øvre Skarseggene gjennom Rjupeskar ved å følgje stien mot Kjeringafjell. I dette alternativet følgjer du stien til Stokksete til der du kan ta av mot Smørkletten.
Følg stien langs linene til du kjem til skiltet som peikar mot Smørkletten og Eggja. Her skal du følgje vidare lina til du kjem til to master side ved side. Her bryt du av og siktar deg nordover. Kryss nokre myrer og jobb deg oppover Skarseggene. Ikkje sikt på høgste toppen du ser, kom deg opp litt vestom den. Dyretrakk kryssar att og fram under Skarseggene. Ingen av desse vil ta deg dit du skal.
Oppkomen lia til platået med nokre vatn, held du til aust/høgre for dei. Når du passerer det første vatnet, vil du sjå øvre Skarseggene, der turposten til Syril står. Ved det siste vatnet byrjar siste stigninga og dei siste 60 høgdemeterane før du er oppe.
Terrenget er enkelt å gå i med 2/3 på sti og resten i gras, myr og lyng. Utanom stien kan det vere lurt å halde auge etter grøfter, hol og ujamnheiter i bakken. Sjølv går eg i fjelljoggesko sidan tusenvis av kilometer i slikt terreng har styrka anklane mine. Rådet mitt er at det kan vere lurt å ha sko med støtte for ankelen for terrenget utanom sti. Det er opp til 5 km tilbake til Kleppa om uhellet skulle vere ute.