Las artikkelen på Digi om Stockholm som finn det problematisk å ta i bruk Microsoft 365-portefølgjen som følgje av Schrems II-domen og gjeldande lovheimlar for etterrertning i USA. Eg har skrive ein del innlegg om dette i løpet av fjoråret. Spesielt er FISA 702 problematisk, men også Cloud Act blir drege fram.
Kort sagt kan Microsoft, som Electronic Communication Service Provider, bli pålagt å hente ut informasjon dei har lagra på eit ikkje-amerikansk individ utan å sei ifrå eller la vedkomande få moglegheita til å motsetje seg utleveringa. Kor informasjonen er lagra i universet er likegyldig. Den same problemstillinga gjeld andre skyleverandørar som kjem inn under definisjonen Electronic Communication Service Provider. Du får ikkje poeng for å gisse Google eller Apple.
Det som får blodet til å koke litt her er når Microsoft prøver å skyve denne problemstillinga under teppet:
Teknologi- og sikkerhetsdirektør Ole Kjeldsen sier til teknologiavisen at de har jobbet målrettet for å beskytte europeiske kunders privatliv.
Han konstaterer at skytjenestene deres er i tråd med Schrems II-dommen.
Den siste setningen er rett og slett vrøvl, sprøyt, feberfantasi, usannheit og/eller rein løgn. Det endrar ikkje det fakta at Microsoft, som amerikansk selskap, er underlagt amerikanske lover der dei kan bli pålagd å levere ut data på eit ikkje-amerikansk individ. Microsoft står over for å eit dilemma: Dei kan velje å bryte amerikansk lov eller europeisk lov. Ein kan ikkje avtale seg rundt lover. Det er lett å konkludere med at Microsoft vel å ikkje bryte amerikansk lov. Her finn du statistikken på forespørslar/ordrar dei har handsama gjennom åra.
Microsoft 365, der du kan sjå informasjon i nettlesaren, f.eks. Office Online, betyr at informasjon vert handsame i klartekst. Det som vert vist til deg i nettlesaren er klartekst transportert til og deg i ein kryptert kanal over internett. Sjølv om informasjonen blir låst ned eller kryptert når den blir lagra hos Microsoft, betyr det at Microsoft har tilgang til nøkkelen for å låse opp informasjonen.
Det kan vere greit å ha på minne at «sky» er berre eit ord for nokon andre sin(e) datamaskin(er)!
