Ryzen vs Intel

Eg har det siste året hatt ei Lenovo Thinkpad T14s AMD Gen 1 (med noko betre spesifikasjonar) på jobben. Under Windows 10 fungerte ho upåklageleg. Eg melde meg frivillig til ei testgruppe for å teste ut overgang til Windows 11. Oppgraderinga gjekk greit og maskina fungerte ei tid veldig bra. Med 6 kjerner og totalt 12 trådar var maskina ypperleg for virtuelle maskiner. Kali linux var veldig jamn og responsiv med 4 kjerner tildelt den virtuelle masina.

Sidan eg likar å halde ting oppdatert med nyaste drivarar og oppdateringer for mellom anna ivareta informasjonstryggleiken, syter eg for at BIOS, firmware, OS og applikasjonar er oppdaterte og eventuelle svakheiter er lukka. Du veit bonden fiksar gjerdet for å sleppe å sjå hjorten ete opp frukthausten. Eg held maskina oppdatert og sikker.

Under perioden med Windows 11 byrja maskina sporadisk å blåskjerma. Har også kollegaer som opplever det same. Sidan eg alltid vel å vere i forkant var eg ekstra påpasseleg med å oppdatere ho samt skifte til absolutt siste drivarar frå AMD. Det var av og til det gjekk lang tid mellom blåskjermane, men på torsdag kaste eg inn handklede. Etter to blåskjermar i løpet av kort tid fekk eg ny maskin.

No sit eg med Lenovo Thinkpad T14s Intel Gen 2 med ein Intel Core i5-1135G7 med 4 kjernar og 8 trådar. Eg merkar stor skilnad mellom Intel og AMD. Når eg køyrer den same virtuelle maskina på Intel, er det ikkje lenger snakk om ei jamn og responsive oppleving. Nei, det hakkar og det går saktare. Kali linux køyrer i eit virtuelt miljø. Justeringar eg gjer påvirkar ikkje det totale bilete noko. Windows 11 er fullt oppdatert og det er ikkje oppdateringar i bakgrunn som stel kreftene. Det er godt mogleg at det rett og slett blir for tungt for prosessoren. For meg er det klart at 11-generasjon Intel ikkje er like bra som Ryzen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.