Sovjetunionen var ikkje død

Eg er sopass gamal at eg har opplevd den kalde krigen og 80-talet med Glasnost og Perestrojka. Jarnteppe fall og minnet om Berlinmuren sitt fall er brent inn i mitt minne for all tid. Boris Jeltzin hugsar eg som ein vodkaglad narr. Gro Harlem Brundtland og dronning Sonja vart kalla for jordbær med fløte. Greit nok med nokre feilskjer når ein går frå fleire hundre år med totalitære regimer i form av tsar- eller kommunismevelde. Alle einevelder er like gale som dei andre. Om det er nazisme, fasisme, kommunisme osv., skjer eg alle over ein kam. Demokrati er den einaste formen for styresett uansett kor ubehageleg det er for den som ikkje får viljen sin. Det eg synes er er merkeleg er at Jeltzin peika ut Putin som sin arvtakar. Allereie her burde alarmklokkene kima, men i dag er alt så mykje klarare.

Putin sitt rotfeste, som gamal KGB og FSB-agent, er før 80-talet, han vil gjenopplive Sovjetunionen. Om du tek for deg Google Maps, utfordrar eg deg til å finne ein gamal del av Sovjetunionen som i dag er eit velfungerande demokrati. Baltikum treng du ikkje tenke på. Ta for deg alle land som inkluderer Russland og landområder sør og aust for Baltikum. Eg trur du vil slite med å finne velfungerande demorakti.

Ukraina er ein verkebyll som ein del av den gamle Sovjetunionen. Dei ville snu seg mot EU og bli medlem i NATO. I 2014 tok Russland tilbake Krim-halvøya. No er Putin på veg til å erstatte eit demokatisk valt leiarskap med eit Russland-venleg leiarskap. Med andre ord erstatte demokrati med einevelde. Ringen er slutta og Sovjetunionen er så godt som reetablert, men kva med Warszawapakten. Kva er det neste? Eg ser jokeren i Kalingrad som er inneklemt mellom Litauan og Polen. Kva for tankar Putin har for Kalingrad kan ein fundere på.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.