Som mange andre har eg alltid hatt liggande slepetau i bilen. Det er svært sjeldan eg har fått bruk for det. Siste gong var ein snørik vinter for nokre år sidan. Eg måtte dra laus ein bil som hadde køyrt seg fast i grøfta/brøytekanten i Kleppavegen.
I går, fredag 11.02.22, var det siste dagen på ei stund med sol og fint ver. Eg tok turen til Kleppa for å gå ein tur mot Kalbakk. Medan eg sette kortfellene på skia høyrde eg sukk og ein lett oppgitt person ved nabobilen. Bandet til hunden låg att heime, gløymt. Å returnere heim for å kome tilbake stod ikkje høgt på lista.
Vedkomande spurde om eg hadde noko tau, men det einaste eg hadde var eit slepetau for bil. Sidan det ikkje var nokon andre i nærleiken som kunne hjelpe, henta eg det fram. Det er litt i grovaste laget og er noko tyngre enn eit hundband, men hunden var ikkje av dei små typane. Hundeeigaren klipsa den eine kroken på hunden og den andre i beltet på rumpetaska. Skituren kunne halde fram som planlagt.