Bakteppe for dette innlegget er at det å skifte bil aldri er økonomisk fornuftig. Verdien på ein bil søkk som ein stein frå den dagen du vrir om nøkkelen og køyrer ut frå forhandlaren. Det fins unntak for nokre typar veteranbilar, men desse er ikkje bilar for dagleg bruk.
Det er mange som peikar på gevinsten ved å gå frå fossilbil til elbil, men då gløymer ein ei vesentlege sider ved reknestykket. For min del sit eg no med ein dieselbil som har ein restverdi på kr 160 000. Bilen er 7 år gamal, eg har eigd han i 6 av dei. I løpet av åra har eg hatt eit verdifall på kr 180 000, ca kr 30 000 i året. Eg har ikkje hatt store reparasjonar, berre serviceutgifter i hovudsak kvart andre år. Den forrige bilen likedan. Verditapet på han var kr 200 000 over 17 år, omrekna til ca kr 12 000 i året.
Bruksverdien til bilen eg har no er stor. Vi har hatt 5 personar i vaksen storleik med bagasje til alle for ei veke på Norway Cup i bilen utan takboks. Ein god og romsleg familiebil med «dansegolv» i baksete. Han har akkurat runda 70 000 køyrde kilometer. Skal eg oppgradere til ein likeverdig elbil, må eg ut med kr 600 000 og oppover. Den eg ser på no kjem på kr 650 000.
Via Bergens Tidende kom eg til ein artikkel på e24 som fortalde om at 95% av salet til Møller Bil i Sør-Rogaland var elbilar. På slutten av artikkelen hadde dei eit reknestykke
Et regnestykke laget av Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV) basert på 2020-tall viser at det er stor forskjell på det vi kan kalle rene drivstoffutgifter mellom bensin-, diesel-, ladbare hybrid- og elbiler. Her er det tusenlapper å spare.
Regnestykket kan variere etter bilmodellene, men OFVs utgangspunkt er en ny bil som koster 424.000 kroner. Disse parametrene er lagt til grunn i sammenlikningen:
- Årlig kjørelengde: 15.000 km
- Bensinpris: 14,69 kr/l – snittforbruk per mil: 0,6 liter
- Dieselpris: 13,86 kr/l – snittforbruk per mil: 0,48 liter
- Strømpris: 80,3 øre per kilowatt time – snittforbruk per mil: 1,87 kWh
Dette ga disse 2020-kostnadene:
- Bensinbil: 13 221 kr
- Dieselbil: 9 979 kr
- Ladbar hybrid (forutsatt 50/50 fordeling bensin/strøm): 7 737 kr
- Elbil: 2 252 kr
Både straumprisen og drivstoffprisane har vesentleg endra seg, men for å gjere det enkelt legg eg til grunn same differansen, ca kr 7 700 dyrare i drivstoffkostnader å køyre rundt i min dieselbil. Sidan eg bur ute i distrikta, er ikkje skilnad i bompengar noko eg treng tenke. Det kan bli nokre kroner rimelegare for servicar. Ein treng i det minste ikkje skifte olje på ein elbil, men eg oppfattar at bremseskiver må skiftast oftare på grunn av rust sidan bilen bremsar mest med den elektriske motoren for å gjenvinne straum.
Den nye elektriske bilen veg 1 000 kilo meir enn bilen eg har no. Han vil ha vesentleg meir krefter, over 300 hk meir. Han har større dekkdimensjonar og dekka er dimensjonert for å håndtere meir vekt og meir krefter. Kostnaden per dekk er minst 4 gonger så stor. I stadenfor kr 5 000 per dekksett, vil det koste kr 20 000 på den nye bilen. Auka dekkostnad vil ete opp mykje av det ein sparar på drivstoff.
Forsikring trur eg må vere tett knytt til tal hestekrefter samt at elbilar er dyrare reparere. Komplekse reparasjonar, spesielt knytt til batteripakken, gjer at ein elbil lettare blir kondemnert. Om eg ikkje hugsar feil steig forsikinga med kr 5.000 i året. Det er ikkje mykje att av innsparinga på drivstoff no.
Noverande bil vil fungerer fint i 20 år pluss. Den gamle bilen min går framleis i bygda i beste velgåande, ca 22,5 år gamal. Skulle uhellet vere ute og ein girkasse eller motor ryke, kostar det litt å få på plass ny/overhalt motor eller kasse, men ikkje verre enn at det kan vere forsvarleg.
For ein elbil stiller det seg annleis. Så lenge han er innafor garanti dekkar produsenten det, men etter 5 år (reklamasjonsperiode) er det slutt. Nokre produsentar har 2-3 år lengre garantiperiodar. Motorar kan kanskje vere rekningssvarande å få skifta, men problemet er batteriet. Skulle ein få problem med ein cellepakke eller sjølve batterier, oppfattar eg det som ikkje rekningssvarande å skifte batteriet. Aldri i livet om eg hadde lagt ut ein kvart million for å kjøpe ein gamal Tesla Model S utanfor nokon som helst garanti.
Batteriet vil over tid miste kapasitet. Går bilen 400 km når han er ny, kan ein ende opp med at ein sit att med 280 km etter 10 år, eller 70% av orginal kapasitet. I mi bok vil det gå ut over køyreopplevinga. Eg vel ikkje å gå inn på den vesentlege skilnaden i omfanget av elektronikk mellom noverande bil og ny bil.
Der min noverande bil vil kunne halde 15 år til med godt vedlikehald, vil eg legge til grunn at å halde på ein elbil utover garantitid + maks 5 år til vil vere ein større risikosport. Ein må i utgongspunktet rekne med å ta verditapet over 10 år. Det betyr eit verditapet på kr 65 000 per år for den eg ser på no. La oss sei at bilen vil ha litt restverdi igjen etter 10 år, kr 100 000, og kalkulere med årlege verditap på kr 55 000 per år.
Skriv eg av restverdien på min noverande bil på 10 åra, tek eg eit årleg verditap på kr 16 000. Eg kan fylle mykje diesel og reparere mykje for den differansen. Ha det på minne dersom du lurer på om du skal gå elektrisk. Er det mykje liv att i din noverande bil, la han heller gå 10 år til.