Følg grusvegen inn Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Like før parkeringsplassen vil du sjå ein veg som stig opp over til venstre. Dette er grusvegen som tek deg opp mot vassinntaket til kraftverket. Omtrent 50 meter før inntaket, tek du av grusvegen og inn på sti. Det tek ikkje lenge før du passerer det første sælet og får glimt av eit anna før det tredje.
Alle sæla du har passert er av nyare dato. Går du vidare, i retning av Storebotnen, kjem du til dei gamle stølstuftene. Ifølgje det eg har blitt fortalt gjorde eit snøras ende på stølen. Elva Gildøla renn i nærleiken slik at du enkelt kan drikke eller fylle flaska før du går vidare.
Sommaren 2022, midtveges i juli, har vore kald, men snøsmeltinga pågår. Eg held fram inn i Storebotnen før eg kryssar alle småelvene og startar oppstigninga på ryggen, mellom Storebotnen og Vetlebotnen, opp mot austenden på Hest. I likheit med starten på grusvegen er det bratt og tungt. Ta pausar, sjå tilbake og rundt deg.
Du kjem opp i austenden av Hest. Her går du opp og vender vestover. Når snøen har smelta, er det små vardar som du kan følgje til du står ved den store varden. I videoen kom eg ut litt lågt når eg snudde vestover. Eg korrigerte og kom rett på dei resterande vardane.
Oppe på Hest er det berre å nyte utsikta 360 grader. Her ser du i vest Storholten og Vassvarden. I sør ser du mot Vik og fjella der, Vangsnes, Mælen, Feios, Borlaug. Innover fjorden ser du langt inn til fjella på Frønningen, Storhugen, Bjørgahaug, Mjellhaugane, Skriki. Og austover langs ryggen på Hest ser du Fagreggi, Smørkletten, enden av Eitrebotn, Kjeringafjellet, Kaldekletten og Voggebreen.