Eg har lenge hatt lyst til å kjøpe meg ein MacBook. Ikkje det at eg har spesielt bruk for det, men meir at eg er nysjerrig på dette økosystemet. Eg har testa både iOS og Android på telefon og nettbrett. Apple teke sigeren med klar margin. Med fagfelt innafor informasjonstryggleik, må eg sei at den oppfølginga ein får når ein kjøper eit nettbrett eller telefon frå Apple er tipp topp. Ein får årevis med oppdateringar, både funksjonelle og kritiske tryggleiksoppdateringar. Til og med ein gamal Apple iPhone 5S frå hausten 2013 fekk ei tryggleiksoppdatering i 2022. Vis meg den Android-baserte telefonen eller nettbrettet som får tryggleiksoppdateringar 9 år etter dei vart lanserte.
Tilbake til MacBook. Det meste av Apple-produkt er kostbare. Når basismodellar startar over kr 10.000, byrjar det å «skrubbe» for meg. Å gjere det rette valet blir viktig. Eg har sett tallause testar og vurderingar på Youtube. Nokon få meiner ein må satse på 16 GB internminne/ram, medan andre seier at ein treng ikkje meir enn 8 GB sidan MacOS er så godt optimalisert. Eg brukar PCar tungt og basert på eiga erfaring er 16 GB minimum.
Etter eit par rundar med meg sjølv enda eg opp med å gå for ei maskin med 16 GB internminne. Eg har lagt ved eit skjermskot av Aktivitetsmonitor. Om de ser på minne i bruk, ser de at eg passerer 8 GB med god margin. Kva gjer eg? Jau, eg sit og skriv dette, har 8 faner oppe i Firefox, har Gimp med Rosetta 2 (kodeomsetting frå Intel til Arm) aktivt og ser på video frå Youtube i eit hjørna av skjermen. Eg vil definere dette som rimeleg lett bruk. Konklusjonen min er at 16 GB er minimum, ikkje kjøp basismodellane til Apple (Air og MacBook Pro 13). Vær budd på å legge ut kr 20.000+ for ein MacBook.
