Han som såg på seg sjølv som talefridommen sin bergingsmann har fjerna alle mine mistankar dei siste dagane.
Først var det ElonJet-kontoen saman med fleire andre kontoar som var suspendert på grunn av ei endring i vilkåra. Ingen fekk varsling om endringa i vilkåra. Endringa gjekk på at ein ikkje kunne lenger oppgi sanntidsinformasjonen til ein persons lokasjon.
ElonJet-kontoen henta open, offentleg informasjon for posisjonen til Elon sitt privatfly. Siste eg såg var det historiske data som låg der, det vil sei reiser som flyet allereie har gjennomført. Med mindre eg har sove i timen, vil eg påstå at Elon ikkje oppheld seg kontnuerleg i flyet eller at flyet er hans faste bopel. Ergo er det merkeleg å suspendere konto(ar) som berre inneheld historiske data utan varsel. Den korrekte måten er å informere dei om endringa slik at dei kan rette seg etter dei nye retningslinene som seier at sanntidsinformasjon ikkje kan postast, men blir det lagt inn ei forsinking er det OK.
Det siste døgnet har fleire journalistar frå høgt respekterte medier har blitt utestengt etter dei same retningslinene. Alle vart utestengd frå Twitter utan varsel, prosess eller forklaring. Som påstått i artikkelen stiller eg meg bak at Elon Musk no har full kontroll over «the town square» og kan styre ytringsfridom slik han vil. Vel, Elon du har blitt det du skulle berge alle frå.
Eg har også følgt med på prosessen etter at han tok over. Det kan vere forståeleg at han har måtta gjort noko med tal tilsette, men det om ein har gått frå 7 000 til 2 000 i løpet av perioden, er det noko av oppgåver og prosessar som må li. Til dei som ønskjer å vere igjen stiller han høge krav med nesten doble arbeidsveker i timar.
Før i tida oppfatta eg karen som progressiv og nytenkjande. Det er mogleg eg har vorte lurt av det han har sagt. Handlingane den siste tida og for så vidt tilbake i ei tid, viser at mannen er ein konservativ, til tider reaksjoner person med autokratiske tendensar. Han vil ha full kontroll på kva nokon skriv og er det noko som ikkje han likar, blir det utan forvarsel slege ned på. Basert på handlingane er eg skremt over korleis han handsamar tilsette og arbeidsområder. Alle som ikkje går i hanemarsj med han må gå planken.
Eg lurer på om vi er, eller har vore, vitne til at rikdom korrumperer, i utgonspunktet, eit godt menneske?
Kva kan eg og du gjere? Som andre konsumentar kan eg kjøpe produkt laga av selskapa til Elon. Men for meg har han kryssa ei line. Som ein tilhengar av eit demokrati der det er høgt under taket, inkludert det å kritisere meg, er mi haldning diametralt forskjellig frå Elon si.
Eg kan aldri støtte nokon som med sine handlingar ser ut til å kunne vere med å rive ned eit (vel?)fungerande demokrati.