Etter kraftutbygginga i Henjadalen er det no grusveg heilt inn til botn, Slettabotn. Frå Syril stadion eller Leikanger barneskule er det ca. 9 km til du står ved bekkainntaket av Myrdalselvi. Vil du kutte ned distansen eit par kilometer, kan du køyre fram til det gamle vassinntaket og parkere der.
Sjølv om vegen framleis har litt grovt dekke, er det ingen problem å sykle til Slettabotn om du har ein hybrid eller ein grovare sykkel. Stigninga er på i underkant av 500 høgdemeter. Den siste 1/3 er tyngst. Med nok gir på sykkelen skal det gå greit. Endå betre er det om du har ein sykkel med motor som kan hjelpe til. Alt etter formen din og stigninga, kan du velje nivået på hjelp. Sykkel er spesielt nyttig dersom du har planar å forlate vegen og gå inn i Friksdalen eller opp på Åsenosi, Trastadalen eller andre områder i høgfjellet. Returen på sykkel er moro sidan tyngdekrafta står for arbeidet. Hjelm og gode bremsar seier seg sjølv.
Går du til fots kan du ta tida di framover, langs Henjaelva. Det er fleire stadar du kan sjå eller føle fossar, stille flytande elv og generelt lytte til og sjå dyre- og fiskelivet. Joggesko eller tursko er heilt greit sidan du går på (grov) grus. På ein tur på nesten to mil tur/retur frå stadion eller rundt 4 timar, kan det være lurt å ha med seg noko godt i sekken. Vatn er det nok av langs turen. Ein liten avstikkar til elvekanten og du får sløkt tørsten.