Min siste V8

Eg har dei siste åra sett etter ein eldre bil. Primært har det vore amerikanarar som Ford Mustang og Chevrolet Corvette som har vore i sikte. Av og til har ein Chevrolet Camaro, Dodge Charger eller Challenger fatta mi interesse. Målet har vore å oppleve nostalgien og ein skikkeleg V8-motor. Dei klassiske linene til Corvettane mellom 1968 til 1982 (C3) er berre nydelege.

Utfordringa med dei amerikanske merka er at det i 1973 vart innført strenge utsleppskrav som førte til at f.eks. Corvetten fekk blodfattige 165-190 hk, lite «muskelbil» av slikt. I praksis betyr det at modellane frå og med 1973 til og med utpå 90-talet er lite interessante. Det gjeld for den del modellar frå andre fabrikantar. I forsommar tok eg eit steg til side, kika og testa ein Mercedes SLK 200 frå 2005. Ein enkel liten tosetar med Mercedes-kvalitet. Dessverre var eg nummer to på lista og når eg melde mi interesse, var nummer ein rask å ta han.

Jakta har halde fram over sommaren og no på hausttider kom det eit framlegg inn frå sida, ein Mercedes CL55 AMG. Som med ein Corvette er linene berre nydelege og heilt innafor. Bilen hadde køyrt kort. Servicehistorikken var so som so etter 2013. I tilleg hadde han hatt eit par uhell utan at airbag hadde vorte utløyst. Førre eigar var Mercedes-entusiast og hadde gjort ein del, og eigaren før hadde skifta alle ABC-støtdemparane. Det er ikkje snakk om lommerusk. Du får ein brukt familiebil for den kostnaden. Prisen var innafor det eg budsjetterte med og eg tok med sonen min, som er bilmekanikar, for å sjå over og prøvekøyre bilen. Han gav tommel opp og kjøpet var i boks.

Bilen har ein 5,4 liter V8 som ikkje er stressa av turbo eller kompressor. Motorer leverer 360 hk silkemjukt. Dette er coupe-versjonen av ein S-klasse og her har du all type luksus som var tilgjengeleg i 2001. Bilen kosta ny rundt 2 millionar norske kroner.

Når ein kjøper slike bilar, må ein vere budd på at hestane treng «havre». Å få dette maskineriet under 1 liter på mila, betyr at du må køyre berrføtt med eit rått egg mellom fotbladet og gasspedalen. Gir du etter for dine lyster, vil bilen gjere krav på det du har på tanken. 88 liter med bensin går fort med blyfot.

Der eg er van med at drivstoffmålaren ikkje rører eg på dei først 100 km, er soga her noko heilt anna. Sjå for deg bensinmålaren som lademålaren i ein elbil. Det går jamnt nedover mot 0. Bilen har omtrent same rekkevidde som ein Tesla Model 3 Long Range. Tesla treng rundt kr 500 for å dekke dette. Eg må rekne med firgongen. Det kostar fort kr 2 000 å fylle tanken frå tom.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.