Dunkirk – Utah Beach

Etter å ha kryssa grensa frå Belgia og Frankrike og overnatta i Dunkerque/Dunkirk, var planen for denne dagen å kome seg ned til Normandie. Vi sette avgårde mot Calais, men ikkje med tanke om å køyre i byen. Nei, vi ønskte å oppleve kysten ut mot den engelske kanal. Å køyre gjennom små byar eller landsbyar på vegen sørover. Topologien er noko heilt anna enn dagane før, men det er flott å sjå engene saman med havet.

Ut på dagen køyrde vi inn i landet og kom oss på motovegen. Vi som er van med Autopass og norske bommar var det noko vi ikkje var budd på. I første bommen fekk vi ein kredittkortstor lappe med magnetstripe. Kva vi skulle med den var eit stor spørsmål, men vi fann ut at vi måtte ta vare på den. Etter ei stund køyrde vi av motorvegen og då var det fram med lappen. Posta den i ei sprekke og så fekk vi beskjed om å betale med kredittkort. I slike tilfeller er det fint at det var ein framfor oss som vi kunne fylje med på kva ein skulle gjorde. Fransk har eg aldri studert så utan nokon å følje, ville det vore problematisk. Uansett no skjønte vi systemet slik at det ikkje bydde på problem lenger.

Ved Le Havre møtte vi på ein gigantisk kø over den ytre brua. Mange felt og mange bilar. Det gjekk i sneglefart framover. Eg trur vi var i køen i nesten ein time. Det viste seg at vi etter ein større bompengestasjon kom inn i eit område med vegarbeid der all trafikk skulle inn i ei køyrebane. Når vi kom forbi, gjekk det fort vestover.

Utanfor Caen vart det stopp for ei lading og planlegging for kor vi skulle overnatte dei komande nettene. Vi sikta oss inn på eit hotell i Carentan som låg rimeleg greitt til for å oppleve strendene og områdene som var sentrale for landgangen i 1944.

Sidan vi kom fram forholdsvis tidleg, fann vi ut at vi kunne besøke den vestlegaste stranda for landgangen, Utah Beach. Sjølv om vi var der i slutten av mai, var det ein del folk der. Eg reknar med at om vi hadde kome 2 månadar seinare, ville det vore mykje meir. Vi vitja minnesmerka og vandra på stranda. Det er med ein solid porsjon ærefrykt ein opplever for alt. Mange ofra livet og helse for å frigjere Europa frå Det Tredje Riket. Mest uroa er eg for notida, sannsynet for ein tilsvarande kamp mot fasismen i næraste framtid er høgt.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.