Ter Heijde – Dunkirk

Dagen i dag er første dagen av dei neste dagane der vi vitja kjente stadar frå første og andre verdskrig. Vi reiste frå Ter Heijde og holdt oss på dika mot sjøen. Har inga interesse av å besøke storbyar som Rotterdam. Kampen mot sjøen fasinerer oss meir.

Første mål for dagen var museet i Zonnebeke om slaget om Ypres. Vi var der eit par timar og gjekk gjennom utstillinga og parken. Området var under første verdskrig ei kjøtkvern der fronten flytte seg att og fram berre 8 km. Hundretusenvis av soldatar vart påvirka av slaga som føregjekk her. Naturen vart omdanna til eit gjørmehol med granatkrater. Området vart kort og godt rasert. Noko nærare eit helvete på jord skal ein leite lenge etter. Ut ifrå respekt for historia tok vi ikkje bilete av utstillingane og parken. Dette er noko du må vitje og sjå for forstå kor grusom krig er. Den som ikkje kjenner historia er dømt til å gjenta ho.

Etter besøket køyrde vi gjennom Paasendale før vi sette retning mot Dunkirk, ein anna sentral stad under andre verdskrig. Britane var fanga på stranda i tidleg del av andre verdskrig. Du kan sjå meir om dette i filmen Dunkirk frå 2017. Vi satsa på ei Best Western-hotell i landlege omgivnadar i utkant av byen. Vi oppdaga fort at vi ville vere sikre her. Ei større tropp med soldatar hadde også tilhald på hotellet.

Etter å ha sjekka inn på hotellet og ein pause, køyrde vi rundt i Dunkirk. Vi var ute ved fyret og såg det enorme havneområdet. Deretter køyrde vi gjennom byen og ut til stranda i austlege delen. Her vandra vi austover langs stranda og fann restar etter andre verdskrig. Heilt tydeleg at havet har undergeve bunkerane og nokre bunkerar har falle ned på stranda. Einaste eg syntes var synd var at dei var nedtagga med grafitti. Uansett etter nokre kilometer med vandring på stranda gjorde det godt med kaffi med noko attåt ved stranda før retur til hotellet.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.