Kjære syklistar!

De vil at eg som bilist skal vise omsyn. Når de kjem til vegstrekker med gang- og sykkelveg jamsides, vel de vegen for bilar. I dag kom eg etter eit feminint innslag som holdt 25 km/t i ei 60 km/t-sone. Med motgåande trafikk var det vanskeleg å koma forbi. La meg sei det krystallklart, utan nokon form for filter:

De, syklistar, gir absolutt faen i alt og alle. De forventar at alle andre skal ta omsyn til dykk. Omsyn andre vegen er totalt framandt, du er unik og gjer som du vil.

Ja, eg syklar eg òg, men i motsetnad til deg, nyttar eg gang- og sykkelveg når det er tilgengeleg. Eg kan halde god fart på rett, flate strekker, gjerne opp mot 50 km/t i korte periodar. Men eg vel å vise omsyn når eg møter og passerar andre og senkar farten godt. Det viktigaste omsynet eg tek er at eg ikkje er til hinder for trafikk som kan køyre langt fortare enn korkje eg eller du kan sykle. Når det er sagt kan eg legge til at syklar eg på bilveg, køyrer eg raskt ut på busshaldeplassar, innkøyrsler eller andre lommer for å sleppe bilen eller bilane bak fram så raskt som mogleg. Det blir greie intervalløkter av å stoppe for så å kome seg opp att i fart. Meiner eg ein gong i tida lærte eit ordtak:

Gjer mot andre det du vil dei skal gjera mot deg.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.