Sidan eg skifte frå Android til iOS tidleg i sommar, har eg slite med stabiliteten som du kan lese meir om her. No har det gått ein del månadar og telefonen har iOS versjon 27.2. Ja, det har vorte langt betre, men eg har lagt merke til at det kan gå ei stund og so startar det å tulle. Ofte endar det opp med at eg ikkje får kopla opp att Apple Carplay. Systemet gjenkjenner ein USB-eining, men greier ikkje å starte Apple CarPlay på infotainmentsystemet. Står bilen over natta fungerer det igjen. Men er ein på køyretur er den løysinga ikkje akseptabel.
Løysinga er å gjere ein restart av infotainmentsystem ved å trykke den tilbaketrekte restart-knappen med ein penn. Erfaringa over mange månadar er at ein tvungen restart av infotainmentsystemet alltid løyser problema. Etter restarten fungerer Apple CarPlay att og det kan gå ei stund før problema dukkar opp att. Det får meg til å tru at problemet ligg i bilen sitt infotainmentsystem. Eg mistenker ein minnelekkasje eller noko liknande som over tid gjer at ting berre sluttar å virke fordi modulen ikkje greier å starte opp. Vonar det løyser seg i ei komande oppdatering frå Hyundai.