Ville du kjøpt 10 år gamal teknologi i ny PC?

No når prisane på elektronikk har eksplodert, følgjer eg med på kva kjedene tilbyr av Windows-maskiner. Det er veldig varierande. Nokon maskiner har omdøypt 6 år gamal teknologi, men det mest grelle eksempelet står kjeda Power for. I desse maskinene står det ein AMD A9 9400.

AMD A9 9400 er ein prosessor for berbare lansert i andre kvartal 2016. I dag er vi i det fjerde kvartal av 2026. Desse maskinene er så trege og avgrensa at dei etter mi vurdering ikkje er brukandes. Alt du gjer vil ta ekstremt lang tid. Nettsider vil laste tregt. Prosessoren har ikkje støtte for nyare videoformat slik at avspeling av videoar på Youtube og tilsvarande vil ein få problem med. Video i høgare oppløysing vil ikkje vere mogleg eller redusert til «lysbilde-show». Og eg vil ikkje skrive noko om batteritida på eit system som konstant strevar.

Må sei at eg er ekstremt skuffa av Power. Det er heilt tydeleg at dei ikkje veit kva dei sel til folk. Ville du vore nøgd med å kjøpe 10 år gamal PC som ny i dag?

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.