Ikkje gamal nok for SUV

Etter å ha køyrt kombi, stasjonsvogner og sedan sidan eg fekk førarkort, valde eg våren 2022 å gå for ein stor SUV – Byd Tang. Ei vesentleg side av valet mitt var at det var ein bil som ikkje hadde invaderande førarstøtta som eg heile tida måtte slå av. Du kan lese meir om bilen her: https://bjrk.no/tag/byd-tang/. Lista er kronologisk med det nyaste på topp. Det er lurt å starte lesinga i botn for å få rett kronologi etterkvart som eg har teke opp ting.

Køyremessig er bilen topp til å vere SUV. I løpet av tida eg har eigd han har eg vore på turar i alle dei landfaste landa i Norden. Bilen har vore på det sørligaste punktet på den skandinaviske halvøy, Smygehuk. I tillegg har han vore på det nordlegaste punktet, Nordkapp. For å «setje krona» på reisa, tok eg også turen til utløpet av Grense Jakobselv. Bilen har vore berre meter frå Russland.

12 timar bak rattet er ikkje noko problem. Ei god natts svevn og du er klar neste dag. Eg har til og med overnatta i bilen. Det er berre å legge ned bakseta, blåse opp ei luftmadrass og legge seg til. Du kan slå to fluger i ein smekk ved samtidig la bilen stå og lade på ein ordinær ladar over natta. Ja, det er god plass til meg, ein kar på over 1,90 på sokkelesten, med bagasje. Med 509 hk fordelt på 2,4 tonn, må dette vere den kjappaste campingbilen du kan finne. Det er ingen grunn til at du skal få deg hale opp ein fjellovergang.

Bilen har sju seter og passar ypperleg til ein famile med ungar. Han kan dra 1500 kg, om du monterer hengarfeste. Ver merksam på at du må skaffe deg førarkort i klasse B96 eller BE for å dra noko så tungt. 1500 kg hengar + 2400 kg bil blir langt over 3500 kg.

Dei lova programvareoppdateringane til infotainmentsystemet har ikkje kome til førespegla tid for oss som var tidleg ute. Det vesentlege er på plass som DAB, Spotify og navigasjon. Registrerer i grupper rundt bilen at det startar å trille inn nye oppdateringar no seinhaustes, mellom anna som skal auke kompatibiliten med ladarar og norsk språk på infortainment.

Infotainmentsystemet er Android-basert og med god hjelp av internett har eg fiksa det eg sakna sjølv. På turane høyrer eg på lydbøker via Fabel-appen. Under ladepausar kan eg fyre opp NRK TV og sjå siste episode i favorittserien. Gjennom Sverige hadde eg Sveriges Radio sin app å lytte på, sidan DAB-dekninga hos vår søta bror er avgrensa til rundt større byar. Trådlaus Apple Carplay og kabla Android Auto har eg fått på plass. Med andre ord er moglegheitene for «skreddarsaum» av infotainment-systemet på plass. Eg vil hevde at det er få bilar du kan få det til på.

Hittil har eg ikkje kunne bruke Tesla 250 kw-ladarar, berre 150 kw-ladarar. Tesla er som oftast rimelegare, men bilen har 800 volts batteri og Tesla nyttar 400 volt. Det betyr at du ikkje får meir enn i underkant av 80 kw frå ein Tesla-ladar, sidan bilen ikkje kan ta mot meir enn 170 amper uavhengig av volt. Sikt deg heller inn mot andre 180 kw eller meir, f.eks Ionity, CircleK, Eviny, Mer og fleire. Med rett ladar kan bilen ta mot rett under 120 kw fram til 64% og deretter nett under 90 kw til 84%. Etter dette i underkant av 50 kw fram til 98%. Ladekurva er med andre ord trinnvis flat. Ho bykser ikkje opp til ein minutt-kort høg effekt for så å dale raskt. Rekn med rundt 40 minutt frå 10% til 84%. Ypperleg til ein god beinstrekk og/eller måltid på reisa, jfr over.

Kan legge til at LFP-batteriet tåler mykje meir lading i tal økter og ladenivå enn dei tradisjonelle NMC-batteria. Minst ein gong i veka skal du lade batteriet til 100%. Her treng du ikkje tenke på å halde laderutinene dine innafor 20% – 80% på heimeladaren. Berre plugg bilen i ladaren og gløym det. Bilen ladar med inntil 7 kw på 1-fase og 32A sikring frå vekselstraum. Rekn med 12 timar frå heilt tomt batteri til fullt batteri. På reise vil du ikkje få meir enn 3,5 eller 7 kw dersom du let bilen stå på ladar med vekselstraum med 11 kw eller 22 kw i 3-fasar.

Etter å ha kjøpt ein eldre coupe kom saknet etter å køyre bilar der eg er tettare på bakken tilbake. Det er ikkje mange modellar av denne typen innafor det elektriske markedet. Eg har testa Byd Han og Hyundai Ioniq 6. Begge ypperlege bilar, men sistnemnde drog det lengste strået. Køyremessig noko kvassare, men ikkje minst beinplassen i baksete er tilbake på Skoda Superb-nivå eller betre. I tillegg har Hyundai lynkjapp hurtiglading, på over 200 kw. Med ein 800-volts ladar er ladetida halvert i høve Han og Tang. Ulempa med begge bilane er at det er små bakluker. Det er ikkje så farleg sidan vi har ein anna bil med stor bakluke. Eg kan legge ned bakseta slik at eg kan få med meg skiposen når eg skal ein tur i bakken eller løypa. Det viktigaste er at lengsla mi blir tilfredsstilt.

Byd Tang blir ikkje bytt ut fordi det er noko feil med bilen. Finansielt er det komplett idiotisk, men det får no så vere. For å sitere Lemmy: You win some, lose some. Livet er tross alt eit pokerspel.

Byd Tang har nok fått ein buffer ved 0%

Viser til tidlegare posting om funn hausten 2023:

Ingen skal påstå at eg ikkje undersøker vesentlege varer før eg kjøper dei. Det har teke litt tid å finne fram til kor eg hadde lese eller høyrt om at Byd Tang ikkje hadde ein buffer på batteriet, at 0% på displayet var 0%. Det kjem nok frå Kris Rifa sin test:

Sett i lys av av det eg avdekka i haust, er eg rimeleg sikker på at i løpet av perioden frå juni 2022 til i haust 2023 har Byd innført ein buffer. Bilen min vart ståande på 0% i fleire timar under rekalibrering før han slokna. Det var ulike varslar i løpet av tida på 0%, inkludert varsel om redusert fart til 60 km/t. Saman med at folk seinare har rapportert å ha køyrt 13, 15 og 23 km med 0% på displayet, er det klare indikasjonar på at Byd har «heva golvet» for å sikre at dei utan rekkeviddeangst kan kome seg til lader. Det forklarar kvifor eit heilt tomt batteri tek mot same mengde energi som offisiell storleik, men under ordinær bruk vil batteriet ta imot noko mindre, sidan batteriet ikkje er heilt tomt.

Får eg ei stadfesting frå Byd på mine funn, oppdaterer eg postinga.

Hyenene er mette

Eg har vore vitne til media sine hyener har rive sund og fortært ein fin serie om nokon svake i samfunnet. Eg tenkjer på «Bamsegutt» med Tore Strømøy. Første episoden fanga interessa mi og måtte sjå gjennom alle episodane med ein gong på nrk.no. Dessverre er serien ikkje lenger tilgjengeleg og synd er det.

Mannen fasinerte meg. Ein svær person som hadde plassert seg sjakk matt på Filipinene og hadde ingen moglegheit for å kome seg derifrå for å ivareta familien og helsa si. I første omgang tenkte eg, vel har han sagt a så får han sei b. Det var hans skuld at han hamna der, berre bit tenna saman og aksepter det.

Etter kvart utover i episodane fekk eg meir innsyn i personen og det er heilt klart at han ikkje har stått først i køen når vitet har blitt delt ut. Ei simpel sjel i ein stor kropp som ikkje forstod konsekvensane av det han hadde gjort med tanke på formelle papir og eder og galle han hadde sendt til mange forskjellig når han var frustrert over å ikkje få hjelp frå nokon. Tross alt var han framleis norsk statsborgar.

Eg syntes serien var veldig bra og balansert. Reagerte på nokon av intervjua med NAV osv, men mest fordi det var veldig keitete. Heilt tydeleg at medietrening i vanskelege saker ikkje var noko dei var godt trent på. Folket slo ring rundt personen og starta fleire spleisar, men kor lenge var Adam i paradis?

Personen hadde fått ein betinga sedeligheitsdom tidleg på 90-talet. Ikkje bra, men legg merke til at dommen er betinga. Vedkomande har ikkje sete i fengsel. Dersom vedkomande ikkje gjer nye brotsverk i den perioden domen gjeld, er straffa sona og forholdet oppgjort, for dei som har tru på den norske rettsstaten. Trur mange har gløymt det siste.

Frå det eg har blitt referert frå domen går det fram at dommar ser han som infantil/barnslig og knyter hendingane til manglande forståing for grensesetting. Det vil sei at det ikkje er snakk om nokon som med overlegg er klar over at det vedkomande gjer er galt. Nok eit eksempel på korleis personen har blitt forma i det miljøet han voks opp i og mangelen rollemodellar. Frå oppveksten slo han meg å vere ein beskjeden gutt som vart misbrukt av dei som hadde ansvaret for han. Med 2,05 m på sokkelesten og 57 i sko var det nok ikkje lett å vere han etterkvart som han vaks opp. Du er eit stykke frå normalen då. Stikk du deg ut på nokon måte står du lageleg til for hogg.

Hyeneflokken lukta blod og det starta ei voldsom jakt på NRK og personen. Gamle sår vart rippa opp att i for dei som var utsett for tinga tidleg på 90-talet. Domen har ingen ting å sei for situasjonen personen er i no. Eg har lest og lytta på forklaringane til NRK på kvifor domen ikkje vart teken med. Ut ifrå deira vurdering kan eg forstå kvifor han vart utelatt. Tenkjer eg kunne kome til å enda på same standpunktet ut ifrå eit hensyn til dei personane domen gjeld og familien til mannen.

Vurderingar er alltid subjektive og avhengige av augene som ser. Mi vurdering av ei sak baserer seg på heilt andre vurderingar enn nokon anna si vurdering av ei sak. Er det rett at hyenene skal rive sund og fortære ei kvar (feil)vurdering? Det var tross alt ikkje slik at dei trykte på knappen for å sleppe laus atomvåpen.

Eg synes at saker media jager liknar på bonden som klipte grisen: Mykje skrik, men lite ull.

Test etter rekalibrering av batteriet

Eg viser til min forrige post der eg forsøkte å rekalibrere styringssystemet for batteriet på min Byd Tang.

I veka og helga køyrde eg ei ny økt med liknande miks som dei tidlegare testøktene. Sjølv om avviket mellom brutto batteri (86,4 kwt) og det som batteriet mottok under opplading av heilt tomt batteri, var innafor feilmargin, syner resultatet frå testøkta – etter kalibrering – at avviket framleis er der. Sidan 5% hadde stått ei tid før eg rulla inn i garasjen, har eg lagt til grunn at bilen brukte 95,5% av batteriet på økta.

Kolonna Ladar kwt er brutto levert i ladeøkta. Neste kolonne, Lade-tap, er andelen som ikkje går inn på batteriet i bilen. Kolonna Kwt inn på bil er det som batteriet mottek. Kolonna Kalk. kwt inn på bil er det som skulle komme inn på batteriet. Har du 4,5% att på batteriet, skal du kunne lade 86,4 kwt * 95,5% = 82,51 kwt. Kolonna Avvik kwt er skilnaden mellom Kalk. kwt inn på bil og Kwt inn på bil.

% brukt Ladar kwtLade-tapKwt inn på bilKalk. kwt inn på bilAvvik kwt
95,583,912%73,8382,518,68

Etter over 1 000 km og timesvis med testing, vil eg hevda at det må vere noko feil med eller rundt hovudbatteriet. Eg er usikker på om det er sjølve batteriet, sidan det fysisk kan ta imot dei kilowatt det skal kunne ta imot etter uttapping. Om ein går ut ifrå at batteriet er OK, må feilen ligge i styringssystemet for batteriet. Opplading har etter alle øktene foregått på 16A eller 3,4 kw frå ladar, for å unngå for høg nettleige. Med andre ord er det ei forsiktig lading på halvdelen av maks effekt bilen kan ta imot.

Eg har ikkje fått med meg at Byd har reservert ein buffer på hovudbatteriet gjennom oppdateringar sidan ny. Dette er ikkje omtalt eller diskutert på gruppene eg deltek i på Facebook. Ingen har hevda at ein kan køyre langt sjølv om rest batteri står på 0%. På referansepunktet i juni 2022, var det ingen buffer. Avviket på referansepunktet er innafor feilmargin og alt fungerer som forventa.

Rekalibrering av batteri

Eg har hatt min Byd Tang sidan mai 2022. I løpet av tida har bilen køyrt i overkant av 37000 km. I haust byrja eg å merke at batteriprosentane forsvant fort. I løpet av omtrent ein månad gjennomførte eg tre økter som likna på kvarandre. Kvar gong rulla eg inn i garasjen med 3-6% igjen på batteriet med rundt 260 km køyrt. Med ein WLTP på 400 km virka det veldig kort.

Tre testkøyringar

Før du ser på utrekningane under, må du hugse at Byd Tang har eit batteri på 86,4 kwt. Det betyr at dersom batteriet er heilt tomt, skal bilen kunne ta imot 86,4 kwt.

Det som er interessant å sjå på er dei fem siste kolonnene. Kolonna Ladar kwt er brutto levert i ladeøkta. Neste kolonne, Lade-tap, er andelen som ikkje går inn på batteriet i bilen. Kolonna Kwt inn på bil er det som batteriet mottek. Kolonna Kalk. kwt inn på bil er det som skulle komme inn på batteriet. Har du 3% att på batteriet, skal du kunne lade 86,4 kwt * 97% = 83,81 kwt. Kolonna Avvik kwt er skilnaden mellom Kalk. kwt inn på bil og Kwt inn på bil.

Km% bruktLadar kwtLade-tapKwt inn på bilKalk. kwt inn på bilAvvik kwt
2669785,7012%75,4283,818,39
25596,586,8012%76,3883,386,99
2629483,9012%73,8381,22 7,38
Gjennomsnitt   7,59

Det er heilt tydeleg at noko ikkje stemmer. Det manglar i snitt 7,5 kwt, som tyder på eit tap av batterikapasitet på nesten 10%.

Referanse

Eg hadde hatt bilen i litt over ein månad og kom heim frå ein lengre tur med 4% att på batteriet.

% brukt Ladar kwtLade-tapKwt inn på bilKalk. kwt inn på bilAvvik kwt
9693,2012%82,0282,940,93

Som du ser er det rimeleg godt samsvar mellom reell kwt inn på bil og det som skulle kome via kalkulert kwt inn på bil ved å fylle opp 96% av batteriet. Avviket er innafor feilmargin.

Kalibrering av styringssystem for hovudbatteriet

Frå leverandør og forhandlar var det ein teori at styringssystemet for hovudbatteriet burde kalibrerast. Ein måte å gjere det på er:

  1. Lade til 100%
  2. Køyre bilen ned til 5%
  3. Frå 5% skal bilen stå og trekke straum til han sloknar (f.eks. med varmeapparat på og dørene åpne)
  4. Lade opp til 100%

Eg vil gjere deg merksam på at som følgje av at hovudbatteriet til bilen gjekk tomt, gjekk 12v-batteriet i dvale. Når eg skulle til å lade opp att, starta ikkje ladinga. To trykk på knappen på førardøra vekte 12v-batteriet og ladinga starta. Om du skulle oppleve at 12v-batteriet går tomt, er det viktig å ha ein batteriladar som taklar 12v-lithinumbatteri for å kunne starta lading av hovudbatteriet.

12v-batteriet er plassert på førarsida under panseret og under plastdekket. For å lausne plasten, brukar du ein penn eller skrujarn for presse midten av plastnaglane ned 2 millimeter. No kan du ta opp heile naglen og løfte til side plasten. Når du skal ha naglen på plass att, fjernar du senternaglen, set ytterdelen nedi og pressar senternaglen til han er jamn med ytterdelen.

La oss sjå på tala frå ladinga etter tomt batteri:

Kwt inn på bilBatteri kwtAvvik kwt
   85,40   86,40      1,00

Skilnaden er lik med referansepunktet. Avviket er innafor feilmargin.

Alt tyder på at styringssystemet for batteriet hadde feiloppfatta kapasiteten til hovudbatteriet. Eg vil ta ein lengre tur for å teste ut realitetane, men per no har eg ikkje planlagt når. Eg kjem tilbake til det seinare.

Hauste som ein sår…

Fæle var det som skjedde i starten av oktober, men verre er det som skjer no i slutten av oktober. Det får meg til å tenke på ein gamal frase frå bibelsoga på skulen:

Ein haustar det ein sår.

Nokon har ikkje lært. Når ein undertrykker nokon lenge nok, vil noko skje. No vil det gå knappe 20 år, og dei som no er born har vorte vaksne. Dei vil ha opplevd grusomheiter og undertrykking over tid. Eg er rimeleg sikker på at det vil smelle igjen, om ikkje før…

Min siste V8

Eg har dei siste åra sett etter ein eldre bil. Primært har det vore amerikanarar som Ford Mustang og Chevrolet Corvette som har vore i sikte. Av og til har ein Chevrolet Camaro, Dodge Charger eller Challenger fatta mi interesse. Målet har vore å oppleve nostalgien og ein skikkeleg V8-motor. Dei klassiske linene til Corvettane mellom 1968 til 1982 (C3) er berre nydelege.

Utfordringa med dei amerikanske merka er at det i 1973 vart innført strenge utsleppskrav som førte til at f.eks. Corvetten fekk blodfattige 165-190 hk, lite «muskelbil» av slikt. I praksis betyr det at modellane frå og med 1973 til og med utpå 90-talet er lite interessante. Det gjeld for den del modellar frå andre fabrikantar. I forsommar tok eg eit steg til side, kika og testa ein Mercedes SLK 200 frå 2005. Ein enkel liten tosetar med Mercedes-kvalitet. Dessverre var eg nummer to på lista og når eg melde mi interesse, var nummer ein rask å ta han.

Jakta har halde fram over sommaren og no på hausttider kom det eit framlegg inn frå sida, ein Mercedes CL55 AMG. Som med ein Corvette er linene berre nydelege og heilt innafor. Bilen hadde køyrt kort. Servicehistorikken var so som so etter 2013. I tillegg hadde han hatt eit par uhell utan at airbag hadde vorte utløyst. Førre eigar var Mercedes-entusiast og hadde gjort ein del, og eigaren før hadde skifta alle ABC-støtdemparane. Det er ikkje snakk om lommerusk. Du får ein brukt familiebil for den kostnaden. Prisen var innafor det eg budsjetterte med og eg tok med sonen min, som er bilmekanikar, for å sjå over og prøvekøyre bilen. Han gav tommel opp og kjøpet var i boks.

Bilen har ein 5,4 liter V8 som ikkje er stressa av turbo eller kompressor. Motorer leverer 360 hk silkemjukt. Dette er coupe-versjonen av ein S-klasse og her har du all type luksus som var tilgjengeleg i 2001. Bilen kosta ny rundt 2 millionar norske kroner.

Når ein kjøper slike bilar, må ein vere budd på at hestane treng «havre». Å få dette maskineriet under 1 liter på mila, betyr at du må køyre berrføtt med eit rått egg mellom fotbladet og gasspedalen. Gir du etter for dine lyster, vil bilen gjere krav på det du har på tanken. 88 liter med bensin går fort med blyfot.

Der eg er van med at drivstoffmålaren ikkje rører eg på dei først 100 km, er soga her noko heilt anna. Sjå for deg bensinmålaren som lademålaren i ein elbil. Det går jamnt nedover mot 0. Bilen har omtrent same rekkevidde som ein Tesla Model 3 Long Range. Tesla treng rundt kr 500 for å dekke dette. Eg må rekne med firgongen. Det kostar fort kr 2 000 å fylle tanken frå tom.

Personlig hvelv og MacOS

OneDrive, som følgjer Microsoft 365 (tidlegare kalla Microsoft Office 365), inneheld eit ekstra sikra område som vert kalla «Personlig hvelv». Kvelvet er ikkje låst opp til vanleg, når du nyttar OneDrive. Du må autentisere deg kvar gong du skal låse det opp. Etter 20 minuttar låser det seg automatisk igjen, med mindre du låser det før. Med andre ord er dette eit område der du kan sikre filer med sensitiv informasjon. I Windows finn du mappa «Personlig hvelv» inne i mappa til OneDrive. Når kvelvet er låst opp, kan du nytte Windows utforskar til å navigere deg inn i «Personlig hvelv» åpne mapper og filer herifrå, direkte i f.eks. Microsoft 365 og anna programvare som køyrer på PCen.

I MacOS har du ikkje denne integrasjonen. Årsaka er at kvelvet (på PC) baserer seg på Microsoft Windows-teknologien BitLocker for å sikre innhaldet. BitLocker støttar ikkje MacOS og du får dermed ikkje tilgang til «Personlig hvelv» i mappestrukturen i Finder (utforskar på Mac). I praksis betyr det at du i MacOS berre kan nå det som ligg i «Personlig hvelv» gjennom nettlesaren. Du kan ikkje enkelt opne filer i Microsoft 365 eller anna programvare som køyrer lokalt på Macen din. I høve ein Windows-PC skapar dette ei vesentleg ulempe. Kan ikkje ei fil visast eller redigerast i Microsoft Online, må du laste ho ned for å sjå på eller redigere ho og laste ho opp att når du har redigert ferdig fila.

Om du ser på bilete under, vil du sjå at mappa «Personlig hvelv» ikkje eksisterer i Finder på Mac. I Finder ser du mappa Offentlig før neste Rå…. (alfabetisert). I nettlesaren ser du at «Personlig hvelv» ligg mellom desse to mappene.

Justere lydkildene på Carlinkit

Viser til forrige posting om Apple CarPlay og Android Auto i Byd Tang. No har eg testa løysinga ei stund og er godt nøgd. Appen Autokit startar automatisk når eg startar bilen og etter 15-30 sekund er mobilen kopla til trådlaust.

Det er ein ting eg har lagt merke til som eg vil justere. Lyden frå musikk og navigasjon ligg på same lydnivå. Eg treng ikkje ha desse på same nivå, stemma frå navigasjonen kan vere lågare. I dei ordinære innstillingane til Autokit er det ikkje høve å justere dette, men det fins ein «hemmeleg» meny der ein kan justere nivået på lyden for musikk, navigasjon og telefon i forhold til kvarandre.

  • Når Autokit er starta, tapp på tannhjulet
  • Rull ned til Advanced Settings og tapp der
  • Tapp 10 gonger på overskrifta Advanced Settings
  • Rull ned og slå på Audio Classify
  • Du får opp tre glideskalaer for volumstyring av «media, navigation og call volume» under Audio Classify

Om ikkje du fekk med deg punktlista mi, kan du kike på videoen under:

Apple CarPlay eller Android Auto på Byd Tang

I mai 2022 kjøpte eg Byd Tang. Køyremessig er utruleg nøgd, men app-/programvaremessig er det so som so. Bocn har vore til stor hjelp med å få på plass det eg meiner eg treng. På lange køyreturar har eg mellom anna kunne lytta til lydbøker via appen Fabel, for ikkje snakke om alle appar for å kunne navigere godt og ikkje minst finne ladarar.

Sidan eg lever i Apple-sfæren med iPhone, iPad og MacBook Pro 14, har Byd ikkje enno tilbydd Apple CarPlay på bilar frå før 2023. Som ein av «first movers» må vi fikse ting sjølv, enn so lenge. Mi løysing er som følgjer:

Installasjon

  • Installer Autokit.apk ved hjelp av BIT frå Bocn.*)
  • Start Autokit (på bilen)
  • Kople til Carlinkit CPC200-CCPA til midterste USB-port i armlenet. Den som er nærast passasjeren er berre for lading.
  • Kople til telefon via kabel eller trådlaust (Android Auto kun kabla)

*) Alternativt kan du bruke denne metoden med USB minnepinne. Klargjer minnepinnen, kopier over Autokit.apk. Plugg minnepinnen i midterste USB-port i armlenet. Moglege passord er avhengig av versjonen til programvara bilen har. Eg har sett det eldste passordet først. Fungerer ikkje det, prøv det neste:

  • 20211231
  • BYD6125F
  • GHY0613byd