Byd Tang etter 7,5 månadar

På tide med ein liten statusrapport. Forrige var etter at eg hadde hatt bilen i vel 3 månadar. Bilen har snart gått 13 000 km og har oppført seg eksemplarisk. Bilen har vore inne til oppdateringar og motteke over lufta-oppdateringar sidan sist.

Lysstyrke er OK

Har i løpet av perioden, innimellom, køyrt ein 2008 Audi A5 og fått ein realitetssjekk på lyset. Audien har dei dårlegaste langlysa på ein bil eg nokon gong har køyrt. Sjølv om Byd Tang ikkje har like gode langlys som den forrige bilen min, 2015 Skoda Superb, er Byden langt betre enn Audien.

Lysautomatikk bør ein styre unna

Nei, Byd Tang har ikkje LED Matrix lys som blendar ut soner av lyskjegla, f.eks. motkomande bil. Automatikken er bra under enkle køyreforhold til å blende ned ved motgåande trafikk. Ulempa er at automatikken ikkje slår over på fullt lys før du har passert bilen med god margin.

I vegarbeidsområder, med masse refleksar på begge sider av ei smal køyrebane, har automatikken rota det til. Sjølv med ein bil framfor villle automatikken på død og liv slå over på fullt lys. Blendar eg manuelt ned, tek det eitt eller to sekund før automatikken meiner at her er fullt lys på sin plass. Den diskusjonen vinn eg ved å vri over til manuelt modus.

Eg følgjer nokre grupper på Facebook og ser at det er diskusjonar om at det å ha ledbar kan medføre så sterkt lys at det rotar til autodimminga. Eg har hatt mistanke til at alle (og det er mange) refleksstolpane (raud/gule) langs den smale køyrebana rota det til for autodimminga. Nye skilt og refleksar reflekterer så mykje at dei til tider blendar meg. Når lyset treff rett på eit stort, gult reflekterande skilt, føles det som eg stirer på sola.

Eg må konkludere med at lys må eg framleis fikse manuelt. Å blende opp eit par billengder før eg passerer motkomande bil vil aldri Byd Tang fikse, trur eg.

DAB fiksa

I sommar var DAB-appen problemet. Han sleit med å skifte mellom sendarar på langturar, utan at eg merka det. Til tider kunne det vere 30 sekunder bortfall medan han søkte opp ny sendar. Også mottaket lokalt var det problem med. Denne veka tok eg meg ein langtur til Leikanger om Sogndal, Fjærland, Byrkjelo, Førde og heim over Vadheim og Balestrand. No er DAB med bilens DAB-app bilen like bra som i min forrige bil. Eg treng ikkje lenger DAB-Z.

Navigasjon får godkjent+

Byd sin navigasjonsapp og kartpakke er installert. Det var ei stor installering på 20 GB som vart gjort hos forhandlar. På nemnde tur testa eg løysinga og synes ho fungerte bra. Når rekkeviddenangsten greip tak i meg ved Kvamsøy, var det berre å klikke på ladesymbolet og velje mellom ladarane innafor restrekkevidda og legge ein til som eit stopp. Kan vel ikkje stille større krav, eller?

Er det noko å pirke på må det vere den norsk uttalen av vegnamn og enkelte ord. Eg må trekke på smilebåndet når navigasjonen i bilen seier «Du er over faaartsgrensen». Greit nok at eg til tider har luft i magen, men at bilen skulle minne meg om det….

Vinterbil utan tvil

Det er vinter. Snø og is har gjort sin inntreden, her er det vanskeleg køyreforhold oppi høggi. Primært køyrer eg bilen i Eco-mode, med overvekt av framdrift frå framjula. Bilen har piggfrie Hakkapelitta vinterdekk. Ute på plassen min er det no klink is og når eg ryggar ut av garasjen vil bilen stå i ein svak motbakke. Når eg løyser han i Eco-mode, merkar eg at antispinnen sler inn.

Dersom eg sler bilen over i snø-/gjørmemodus, er det 50/50 drift framme og bak. No er det som han syg seg fast til underlaget, ikkje den minste antydning til at han mister grepet. Eg har også testa snø-/gjørmemodus opp til Kleppa Skisenter på isete veg i dag. Same opplevinga her, bilen sit klistra til underlaget. Det er som bilen seier at eg kan stole 100% på at han vil ta meg opp. Når det er sagt, kan eg legge til at turen ned gjekk like bra. Ingen problem å bremse 2,4 tonn på vanskeleg føre.

2 thoughts on “Byd Tang etter 7,5 månadar

  1. Hei! Veldig bra blogg 🙂

    Eg kjøpte sjølv BYD i desember og vi er veldig fornøgd!

    Har hatt litt utfordringar med den innebygde navigasjonen med feilmelding «(Map Data Error»). Har du opplevd dette?

    Elles veldig spennande å lese om ulike problemstillinger som eg er einig i (langlys, tesla-lading osv.). Når søkte på desse tinga på Google kom bloggen din opp nærast kvar gong så takk for at du har gjort ein del forarbeid for oss «nye» 😉

    Mvh

    Terje

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.