Tur: Bjørgahaug frå Sanden

Bjørgahaug-fra-Sanden-064Bjørgahaug er ein av dei mest populære turane i Leikanger. Turen blir som oftast starta på transformatorstasjonen på Njøs. Kidlestigen er bratt og til tider luftig. Er du mindre glad i å høgd og å forsere berg, kan det vere lurt å ta turen opp frå Sanden, ca. 400 meter frå Fatla-elva. Du kan parkere på stoppestaden på nedsida av vegen eller på oppstillingsplassen på oppsida av vegen. På sistnemnde står du ikkje i vegen for turistane i sesongen og slepp å krysse vegen til fots.

Du går nokre titals meter i retning Fatla før du tek av. I byrjinga følgjer du ein traktorveg, men forlet denne i den andre krappe svingen, der traktorvegen svingar tilbake i retning Fatla-elva. Her held du fram i retning Hermansverk på tydeleg sti. Etter kvart byrjar stigninga og du går i sikk-sakk opp lia. Det er ingen stadar som set deg på dei same utfordringane som Kidlestigen. Kven som helst kan gå her. Etter ca 1,5 km kjem stien saman med stien frå Njøs, like under Bjørgahaug. Der er det att ca 200 meter til Bjørgahaug, der du kan nyte utsikta eller halde fram turen vidare til Hangsete eller Våkeldahaug.

Nøyer du deg ikkje med det, kan du kan ta ein langtur til Skriki, eit fjell på vel 1.200 moh som ligg ved Øvstedalen i Fardal i Sogndal kommune. Du kan gå over Mjellhaugane eller Bergsete og ned Moldbakken til Havrane. Frå Havrane kan du gå ned til Tuftahaug eller Fadnastølen i Njøsadalen og gå ned Njøsadalen til Kvålen eller gå stien frå Fadnastølen heim til Njøs. Frå sistnemnde er det berre å gå ned vegen til forskningsstasjonen og tilbake til bilen du parkerte på Sanden. Hugs å ta med godt med niste og ver budd på å bli «knemøyre».

Skitur: Okslahaugane

Ski Okslahaugane 000

Skitur til Okslahaughane startar på Kleppa, vel 5 kilometer frå Sognefjordvegen. Frå Kleppa følgjer du løyper opp til Øvstestølen og fram til Damefall. Cirka 1 kilometer frå Damefall går du forbi stølen Stokksete på veg mot Kallbakk. I botnen av Kallbakk, bryt du nordover rett mot Fagreggi, ned til Aoreveitane. Dette er eit parti med myrer og ein del bekkar som kjem ned frå Okslahaugane og aust om Fagreggi. Om vinteren er desse snødekte, du finn nok av alternativ å gå opp til Okslahaugane. Du kan gå rett på Fagreggi og litt over halveges oppe skråa mot Okslahaugane i aust. Du ser spora etter nokon opp mot Fagreggi, litt til venstre for bilete over. Om du ser midt på bilete, vil du sjå eit einsleg spor opp lia meir rett på Okslahaugane.

Okslahaugane er høgdedraget aust, eller til høgre, for Fagreggi. I bilete ser du til venstre, mot horisonten, Fagreggi. Ho er det høgste punktet i bilete. I midten av bilete ser du ei stor skavl som ligg ut over austsida av Fagreggi. Til høgre eller aust for skavlen strekker Okslahaugane seg. Toppen merka på kartet ligg på 868 høgdemeter. Oppe på Okslahaugane ser du inn i Skuledalen, under Kjeringafjellet. I nordvest ser du Kjeringasteinen. Snur du deg rundt har du ei flott utsikt over Hermansverk og Sognefjorden samt skiområda.

I motsetning til turar i retningen Kjeringafjell eller Fagreggi som går via Kallbakk og Rjupeskar, er erfaringa min med nordaustleg vind at den ikkje tek nede i Aoreveitane og opp til Okslahaugane. Eg gjekk i ly og det var først når eg nærma meg toppen at eg merka noko til vinden. Ei anna ulempe med vestsida av Fagreggi, Rjupeskar og Kallbakk er at svært ofte er snøen polert av vinden. Har det i tillegg frose til, er det ikkje moro med ordinære tur/fjellski der. Eg har ete snø nokre gonger når skaren har festa sitt grep om skia. I dag fekk eg rapportert frå andre som sagl i området om parti med glassert skare. Der eg gjekk og sagl var det derimot rikeleg med snø og ingen glassert skare. Turen ned mot vest under Fagreggi til Aoreveitane gjekk i passeleg tempo i nysnø.

Turen til Osklahaugane er absolutt å anbefale når ein har gått lei av vinden på Kallbakk via Rjupeskar til Fagreggi. Det er eit lett terreng å sigle i.

Ski Okslahaugane 001

Slette OneDrive backup av reinstallert maskin

I går oppdaga eg at Windows 8.1 ikkje greidde å aktivere DVD-brennaren. Trass i iherdige forsøk med å avinstallere sist installert programvare, avinstallere drivaren til DVD-brennaren, slik at han kunne reinstallerast av Windows 8.1, samt sjekke om maskina hadde ein eller anna form for skadevare på maskinen, gjekk det ikkje.  Det var berre å finne fram eit CloneZilla diskbilete frå 2012 med Windows 8 og legge det tilbake. Det tok ikkje mange minuttane sidan maskina har SSD. Det var alle oppdateringar, inkludert oppgraderinga til Windows 8.1, som tok tid. Sistnemnde vog inn på 3,6 GB. Heldigvis har eg fiber. Når alt av det nødvendige oppdateringar og programvare var installert, sikra eg meg eit nytt diskbilete med CloneZilla for å slepp same økta ein gong til. Det kom godt med!

Det gamle diskbilete hadde ein lokal konto, ikkje kopla mot outlook.com. Etter at eg sikra meg eit oppdatert diskbilete, skulle eg kople kontoen min mot outlook.com slik at eg kunne nytte OneDrive. Eg autentiserte meg overfor maskina og outlook.com og klikka på knappen Bytt, men det vart ei lang venting. Til slukk gjekk skjermen i svart og det var ikkje reaksjon når eg rørde på musa eller tastane. Eg venta ei stund til utan at det var teikn til liv og slo av maskina. Når eg logga meg inn att på kontoen var den kopla mot outlook.com, men OneDrive-delen fungerte ikkje. Eit eller anna hadde rota seg godt til. Det tok ca 5 minutt å legge tilbake det nye diskbilete eg hadde teke.

Eg ville ikkje repetere same problemet og logga meg på OneDrive i nettlesaren. Klikkar du på tannhjulet til venstre for kontonamnet og bilete ditt, i høgre hjørne, vel du og klikkar på Alternativer. I menyen til venstre ser du nederst: Sikkerhetskopier av enheter:

PCbackupOneDrive

Teorien min var at sikkerheitskopien av den gamle tilkoplinga skapte problem og eg sletta han. Deretter gjekk eg inn på kontoinnstillingane i Windows 8.1 og kopla kontoen mot outlook.com. Det gjekk i boks ca eit eller to sekund etter at eg klikka på Bytt.

Erfaringa mi kan tyde på at dersom du må nullstille ei maskin med Windows 8.1 til ein innstallasjon med berre lokal brukarkonto, vil det vere lurt å slette gamal sikkerheitskopi av innstillingar på OneDrive før du koplar kontoen din på maskina til outlook.com att.

Windows Vista og nettlesaren Chrome

Eg har ei eldre maskina som køyrer Windows Vista. I det siste har eg lagt merke til ein liten skilnad i høve maskiner med Windows 7 og 8.1 som køyrer Chrome. Ser du det på bilete under, Internet Explorer til venstre og Chrome til høgre? Klikk på bilete for å sjå det tydelegare.

Vista Chrome

Internet Explorer har god utjamning og flott skrift. I Chrome virkar det som om utjamninga av skrifta ikkje fungerer. Ho blir kantete og veldig spinkel. Etter å ha søkt litt på nettet syner det seg at ei oppdatering av Windows Vista rota til presentasjonen av skriftstypar.

Microsoft har lagt ut ei retting som skal løyse dette problemet: https://support2.microsoft.com/kb/3037639

Unngå verktøylina til Ask

Oracle, som Sun før oppkjøpet, vel å distribuere verktøyliner med Java-klientprogramvare. Verktøylina til Ask.com har vore standard dei siste åra.

Med standard installasjon eller oppdatering av Java, vart dette, i mine auga, unødvendig og irriterande tillegget installert utan at du fekk høve til å takke nei. Berre dei som var klar over at ein kunne la vere å installere verktøylina via avansert installering, unngjekk ho. Heldigvis har det betra seg på to måtar seinhaustes 2014:

  1. Ask blir framleis tilbydd, men du kan no takke nei ved standard installering. Pass på å fjerne krysset.
  2. I programmet Configure Java, vil du under fana Advanced, nederst finne Miscellaneous og ein avkryssingsboks for Suppress sponsor offers when installing or updating Java. Kryss av og klikk på Apply for å sleppe å ta omsyn til Ask ved ei seinare oppdatering av Java.

suppress sponsors

Skytenester meir enn filsynkronisering

gd+1d256c

Eg har over dei siste åra prøvd ulike tenester med eit spesielt fokus på tryggleik og kor vellukka synkroniseringa har vore. Etterkvart som eg har teke på meg ulike oppgåver ser eg nytta av noko meir enn ei rein synkroniseringstenester. Google Drive og Microsoft OneDrive tilbyr applikasjonar i nettlesaren som bygger opp om eit tett samarbeid og publisering av informasjon på ein enkel måte. Uavhengig om du sit på ein fullverdig windows eller linux pc, mac, chromebook eller nettbrett vil du ved hjelp av verktøy få gjort jobben. Ingen kompatiblitetsproblem dersom du ikkje har eller kan ha t.d. Microsoft Office på alle maskiner.

Ulempa er at du må lite på tenesteleverandørane. Amerikanske leverandørar vart sett i dårleg lys nokre år tilbake. Det skal vere teke grep for å betre personvernet. Den største faren er nok ein sjølv. Vi har sett mange eksempel på dårleg passord med påfølgjande publisering av data.  Det viktigaste for deg når du skal ta i bruk tenester, der lagrar dine data, er at du set opp autentisering basert på to-faktorar (Google og Microsoft).  Når du aksesserer tenesta frå ei ny eining, vil du bli bedt om å oppgi kode som du får tilsendt på SMS eller frå autentikatorprogramvare du har installert på telefonen din. Det enklaste er å basere seg på SMS. Det er kanskje ikkje førstevalet når du set opp autentisering basert på to-faktorar, så ver merksam på det . Fordelen med autentisering med to faktorar er at andre ikkje vil kome inn ved berre å vite passordet ditt. Dei må ha (tilgang til) telefonen din.

PS! Dette fritek deg ikkje frå ein god praksis med periodisk skifte av passord.

Tur: Nyastølen inn Eitrebotn til Kjeringafjell

Eitrebotn-Kjeringafjell-000

Kjeringafjell kan nåast frå både Henjadalen og Kleppa. Frå vest når du Kjeringafjell frå Huksdalen. Stølen Nyastølen ligg rett under vestlia til Kjeringafjell. Dette er den kortaste, og brattaste vegen opp. Vil du heller fordele stigninga over eit lenger stykke, vil det være naturleg å gå inn Eitrebotn. I høve å gå inn Henjadalen eller frå Kleppa, sparar du ein time og vel so det.

På Nyastølen går du gjennom tunet og følgjer stiar/dyretrakk inn Eitrebotn. Nordom deg vil du ha Kaldekletten på 1320 moh og sørom Kjeringafjell på 1314 moh. Stiane/dyretrakka blir svakare og spredd innover botnen. Du kan gå opp på bandet mellom Eitrebotnen og Friksdalen. Når du ser ned i Friksdalen, snur du deg i sør-vestleg retning og går opp Kjeringafjell. Hovudelen av stigninga på turen tek du får inst i Eitrebotnet og opp Kjeringafjell.

Eit tips til rundtur er å køyre vegen i Huksdalen til der linjene kjem saman og parkere. Følg grusvegen til fots fram til parkeringsplassen, gå opp på Nyastølen, inn Eitrebotn og opp på Kjeringafjell. Returen tek du i retning Discohola eller Fagreggi, ned til Dalsete og deretter ned til vegen i Huksdalen og tilbake til der du parkerte bilen.

Turen til Kjeringafjell er delt i to deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Parkeringsplassen til Kjeringafjell

Pioneer DEH-X8500DAB og sortering av musikk – del 2

deh-x8500dabEg trudde eg hadde funne løysinga, men det ser ut at den ligg på eit lågare nivå. Det er ikkje opprettingsdatoen som styrer dette, det er når fila blir ført opp i filtabellen. Eg fann det når eg skulle legge til meir musikk til SD-kortet og deretter køyrde programvare for å justere opprettingstidspunktet slit at den nye mappa og spora fall inn på rett plass i mi sortering. Når eg sette kortet inn att i spelaren, var den siste artistmappa eg la til plassert til slutt.

SD-kortet og minnepinnane mine formatterer eg i FAT32. Musikk dreg eg over med Windows utforskar, men for å få rett sortering:

  • Alfabetisk rekkefølgje av artistar med
  • kronologisk rekkjefølgje av plater

må eg i etterkant bruke eit verktøy som sorterer filtabellen for meg. Til dette formålet har eg funne FAT Sorter. FAT Sorter har eit svært enkelt grensesnitt. Du vel stasjonen eller mappa du vil sortere (minnepinnen eller sd-kortet) og klikkar på Sort. Sorteringa tek litt tid og er avhengig av kor mange mapper og filer som skal sorterast.

FATsorter

 

PS! Eg må køyre FAT Sorter kvar gong eg legg til musikk for å sikre at rekkefølgja blir korrekt.

WifiInfoView

wifiInfoViewOm du vil ha oversikt over trådlause nettverk i nærleiken, er WifiInfoView frå Nirsoft eit godt verktøy. For ikkje å forstyrre dei andre netta, justerer eg min trådlause router til ein kanal som ikkje er brukt eller er veldig svak.

På 2,4 ghz-bandet bør det vere 3 kanalar imellom. Ser du på bilete til høgre, vil du sjå at eg har sett opp routeren min til å bruke kanal 9, sidan frekvensområdet mellom kanal 5 og 13 er ledig.

Ver merksam på CrashPlan og Google Drive

crashplan001Etter kjøp av Chromebook i haust, vart ein del data flytta over til Google Drive. I kveld sat eg på ei av maskinene med Microsoft Windows og såg over oppsettet i CrashPlan. Der la eg merke til at det var vesentleg mindre data til backup enn det det skulle vera.

Eg sjekka om alt var kryssa av eller at nokon av unntaka mine kunne vere årsaka. Når eg skulle utvide Google Drive-mappa i CrashPlan-applikasjonen, for å sjå undermapper, viste det ingen undermapper. I utforskaren til Windows, var det fullt av filer og mapper.

Eg gjorde eit lite søk og fann løysinga. Google Drive-mappa blir oppretta med tilgang berre din personlege brukarkonto. For at Crashplan skal kunne ta backup av denne mappa, må ein legge til brukaren SYSTEM med lese og skrive-rettar. Her burde Google Drive-programvara sytt for at brukaren SYSTEM hadde fått tilgang som standard.

Det er svært kjedeleg om nokon kjem seg inn på Google-kontoen din og slettar alle filene. Ved synkronisering vil filene bli putta i papirkorga på PCen. Er du litt rask og tømme denne, vil filene vere borte før du er klar over det. Då er siste sjanse 30 dagar før papirkorga på Google Drive på nettet vert sletta, med mindre den sletta filene, tømte papirkorga etterpå.