Etter kjøp av Chromebook i haust, vart ein del data flytta over til Google Drive. I kveld sat eg på ei av maskinene med Microsoft Windows og såg over oppsettet i CrashPlan. Der la eg merke til at det var vesentleg mindre data til backup enn det det skulle vera.
Eg sjekka om alt var kryssa av eller at nokon av unntaka mine kunne vere årsaka. Når eg skulle utvide Google Drive-mappa i CrashPlan-applikasjonen, for å sjå undermapper, viste det ingen undermapper. I utforskaren til Windows, var det fullt av filer og mapper.
Eg gjorde eit lite søk og fann løysinga. Google Drive-mappa blir oppretta med tilgang berre din personlege brukarkonto. For at Crashplan skal kunne ta backup av denne mappa, må ein legge til brukaren SYSTEM med lese og skrive-rettar. Her burde Google Drive-programvara sytt for at brukaren SYSTEM hadde fått tilgang som standard.
Det er svært kjedeleg om nokon kjem seg inn på Google-kontoen din og slettar alle filene. Ved synkronisering vil filene bli putta i papirkorga på PCen. Er du litt rask og tømme denne, vil filene vere borte før du er klar over det. Då er siste sjanse 30 dagar før papirkorga på Google Drive på nettet vert sletta, med mindre den sletta filene, tømte papirkorga etterpå.