Skitur til Okslahaughane startar på Kleppa, vel 5 kilometer frå Sognefjordvegen. Frå Kleppa følgjer du løyper opp til Øvstestølen og fram til Damefall. Cirka 1 kilometer frå Damefall går du forbi stølen Stokksete på veg mot Kallbakk. I botnen av Kallbakk, bryt du nordover rett mot Fagreggi, ned til Aoreveitane. Dette er eit parti med myrer og ein del bekkar som kjem ned frå Okslahaugane og aust om Fagreggi. Om vinteren er desse snødekte, du finn nok av alternativ å gå opp til Okslahaugane. Du kan gå rett på Fagreggi og litt over halveges oppe skråa mot Okslahaugane i aust. Du ser spora etter nokon opp mot Fagreggi, litt til venstre for bilete over. Om du ser midt på bilete, vil du sjå eit einsleg spor opp lia meir rett på Okslahaugane.
Okslahaugane er høgdedraget aust, eller til høgre, for Fagreggi. I bilete ser du til venstre, mot horisonten, Fagreggi. Ho er det høgste punktet i bilete. I midten av bilete ser du ei stor skavl som ligg ut over austsida av Fagreggi. Til høgre eller aust for skavlen strekker Okslahaugane seg. Toppen merka på kartet ligg på 868 høgdemeter. Oppe på Okslahaugane ser du inn i Skuledalen, under Kjeringafjellet. I nordvest ser du Kjeringasteinen. Snur du deg rundt har du ei flott utsikt over Hermansverk og Sognefjorden samt skiområda.
I motsetning til turar i retningen Kjeringafjell eller Fagreggi som går via Kallbakk og Rjupeskar, er erfaringa min med nordaustleg vind at den ikkje tek nede i Aoreveitane og opp til Okslahaugane. Eg gjekk i ly og det var først når eg nærma meg toppen at eg merka noko til vinden. Ei anna ulempe med vestsida av Fagreggi, Rjupeskar og Kallbakk er at svært ofte er snøen polert av vinden. Har det i tillegg frose til, er det ikkje moro med ordinære tur/fjellski der. Eg har ete snø nokre gonger når skaren har festa sitt grep om skia. I dag fekk eg rapportert frå andre som sagl i området om parti med glassert skare. Der eg gjekk og sagl var det derimot rikeleg med snø og ingen glassert skare. Turen ned mot vest under Fagreggi til Aoreveitane gjekk i passeleg tempo i nysnø.
Turen til Osklahaugane er absolutt å anbefale når ein har gått lei av vinden på Kallbakk via Rjupeskar til Fagreggi. Det er eit lett terreng å sigle i.
