Oracle, som Sun før oppkjøpet, vel å distribuere verktøyliner med Java-klientprogramvare. Verktøylina til Ask.com har vore standard dei siste åra.
Med standard installasjon eller oppdatering av Java, vart dette, i mine auga, unødvendig og irriterande tillegget installert utan at du fekk høve til å takke nei. Berre dei som var klar over at ein kunne la vere å installere verktøylina via avansert installering, unngjekk ho. Heldigvis har det betra seg på to måtar seinhaustes 2014:
- Ask blir framleis tilbydd, men du kan no takke nei ved standard installering. Pass på å fjerne krysset.
- I programmet Configure Java, vil du under fana Advanced, nederst finne Miscellaneous og ein avkryssingsboks for Suppress sponsor offers when installing or updating Java. Kryss av og klikk på Apply for å sleppe å ta omsyn til Ask ved ei seinare oppdatering av Java.