Tur: Nyastøl

Nyastøl er eit stort ope område i enden av Henjadalen. Løer og sæl som har stått her har for lengst kollapsa. I vest kjem elva Friksdøla ned frå Friksdalen som går i vestleg retning frå Henjadalen. I nord renn Myrdalselvi ned frå Myrdalsvotni over Slettabotnen. I aust kjem Traståna frå det vesle og store Trastadalsvatnet. På Nyastøl kjem dei saman for å danne Henjaelva.

Tidlegare var det lagt bruer slik at ein kunne krysse over Friksdøla og Myrdalselvi for å koma over på austsida av elva. Då var det det mogleg å koma seg over til stiane som førte opp til Åsenosi, Pipehaug og opp mot Trastadalen, Synnevaskjer med meir. Diverre har elvane sopt med seg bruene. Den tørraste måten å kome seg over å gå ned til Flya for å kryssa elva på brua der. Elvane kjem frå bre og temperaturen er ikkje høg. Til tider kan vassføringa vere for stor, men det skal gå å vasse over dei for å kome til austsida.

Før kraftutbygginga følgde du ein sti fram frå Flya, på vestsida av elva. Han var ikkje merka men var svært tydeleg i terrenget og lett å følgje. Nokre få plassar kryssa han over fuktige, frodige, men korte områder. Stien veksla med å gå i nærleiken av elva og trekkje seg litt frå i områder der ein må opp små høgder. Etter kraftutbygginga følgjer du ein brei og god grusveg heilt fram til starten på Nyastøl, der vegen vil krysse elva for å halde fram opp mot Traståna og Slettabotn.

Som med turen til Flya treng du ikkje ta med vatn. Her er det berre å stikke hovudet eller handa ned i elva og drikke det du er god for. Vatnet er det same som kjem i springen heime. Med fiskekort kan du finne mange gode plassar for å fiske med både makk, fluge og sluk.

Turen til Nyastøl frå Syril stadion er på omlag 8 km. Du sykle på god grusveg, om ikkje du vil gå. Turen er slak og passar for dei fleste. Sidan du går nær elva, som medfører kjølig trekk, kan turen vere eit godt alternativ ein varm sommardag.

Historisk video og bilete frå før kraftutbygginga

Turen er delt i to deler:

  1. Fram Henjadalen til Flya
  2. Flya til Nyastøl

Tyne det meste ut av mobilt breiband eller surfing via mobiltelefon

Fellesnemnaren for dei fleste abonnement for internett over gsm/3G/LTE-nett er at dei har ei grense som ved overskriding medfører store ekstra kostnader eller at farten blir skrudd dramatisk ned. Tregheit er til å leve med, men store rekningar er litt vanskelegare å takle om du ikkje forventar slike. For å unngå slikt er det nokre ting som kan vere lurt å gjere før du reiser på ferie med pcen.

1. Windows update

Her er det viktigt at du slår av automatisk oppdatering av maskina. Du vil ikkje at Windows skal setje igong ei nedlasting på 50 MB av oppdateringar over mobilt breiband. Dette kan du heller gjere når du er kopla til eit nett med fri bruk.

Du går inn på Windows update og endrar innstillingar til at Windows kan sjå etter oppdateringar, men at du avgjer når dei skal lastast ned:

windows update bare se

2. Opera

Nettlesaren Opera har to sentrale innstillingar som vil vere til stor hjelp:

  • enkelt slå av/på nedlasting av bilete og animasjonar
  • opera turbo

Sidan animasjonar/videoar og bilete er det som vil ete mest av din kvote med data så slå det av inntil du absolutt på ei side treng å slå det på. Dette kan gjerast i innstillingane permanet, omtala seinare, eller du kan veksle mellom det ved å klikke Opera i venstre del av tittellina, så menyen Side, deretter Bilder og veksle mellom alternativa.

Opera Turbo er funksjonalitet som gjer at nettsidene går via Opera sine serverar og blir pakka før dei blir sendt deg. Tekst som du ser på sidene inneheld artikkeltekst og ulike kodar i tekst for presentasjonen. Slik tekst er lett å komprimere og du kan forvente deg at dette blir pakka ned til 1/4 av orginal storleik. Det betyr at når du har surfa sider med 4 MB data har Opera Turbo berre sendt deg 1 MB.

Opera Turbo virkar òg på bilete ved å komprimere dei ned til ein høgare komprimeringsgrad enn originalt. Du vil nok oppleve litt kompresjonsstøy i bileta, men ønskjer du å alltid vise bilete er det betre å bruke Opera Turbo enn ingen ting. Uansett vil du merke effekten av Opera Turbo godt dersom du sit på ei treg oppkopling.

For å slå av visning av bilete og animasjonar og slå på Opera Turbo klikkar du på Opera i venstre del av tittellina, så menyen Innstillinger og deretter Instillinger… (med punktum bak). Eit raskare alterantiv er å trykke tastekombinasjonen CTRL + F12. I fana Nettsider finn du Opera Turbo og vising av bilete. I mitt eksempel har eg slått Opera Turbo på og valt å berre vise bilete som allereie ligg i cachen/mellomlageret til Opera. Ingen ny bilete frå nettet blir lasta ned.

opera turbo og bilete av

Og kva blir resultatet etter litt surfing? Eg surfa nokre få sider med visning av bilete avslege og turbo på. Resultatet er svært bra. Megabyte spart kan vere pengar spart:

opera turbo spart med txt

Opera fins til dei fleste mobiltelefonar og har den same funksjonaliteten.

Clonezilla – Gjenoppretting av system

I Parted Magic finn du Clonezilla som er eit vertkøy som kan ta kopi av heile diskar eller partisjonar/inndelingar. Clonezilla gjer det raskt å gjenopprette eit fungerande system utan først å installere operativsystemet, all programvare du brukar og oppdatere alt.

Når først uhellet er ute og Windows ikkje vil starte, er det ein forutsetning for raskt å gjenopprette eit system at du har oppdatert backup av dokument, bilete, video med meir som kan leggast tilbake etter at fungerande systemkopi er lagt inn.

For å kunne gjenopprette eit system treng du:

Ein ekstern disk er det lurt å ikkje kople til før Parted Magic har starta. Dette sikrar at han blir sett på som den siste disken. Det blir lettare å vere sikker på at ein finn kopifilene.

Før du set i gong er det viktig å vite litt om Linux som Parted Magic brukar. I Linux finn du ikkje stasjonsbokstavar som C, D osv. Filsystemet i Linux startar på / eller den såkalte rota og byggjer ut derifrå.

I Linux er diskar og partisjonar omtala som device og slike er organisert under mappa /dev. For ei maskin med ein intern disk vil disken sitt device bli refert til som sda. Nummereringa for diskar er at ein brukar alfabetet i den siste bokstaven (sd[a-z]) slik at andre diskar vil bli få namn som sdb, sdc eller sdd osv. Ein ekstern usbdisk vil alltid kome blant dei siste.

Filsystemet, det som gjer at du kan lagre og finne att filer, ligg på inndelingar/partisjonar på disken. I Linux og Clonezilla vil du sjå at dei blir referert til som som t.d. sdb1. Nummeret angir nummer på partisjon/partisjonstype. Du kjem tidleg til eit punkt i Clonezilla der du må velje partisjon kopifilene ligg på. Clonezilla monterer partisjonen inn i filsystemet til Linux slik at Clonezilla kan lese frå han. Pass på å velje rett.

Har du kopla til den eksterne disken etter at Parted Magic har starta, skal han (vanlegvis) vere den siste, t.d. sdb, sdc eller sdd osv.

Eksterne diskar har vanlegvis berre ein partisjon. Ser du fleire nummer som t.d. sdb1,  sdb2, sdb5 eller liknande på disken du trur er den eksterne, du sjekke nærare. Ein siste kontrollsjekk før du gjer det endelege valet er å sjå på storleiken som Clonezilla gir opp.

Det aller viktigaste er at du gjenopprettar systemet til rett disk. Har maskina berre ein disk internt, vil denne vere sda.

  • Start maskina med Parted Magic
  • Skift språk til norsk
  • Kople til USB-disk som sikrar at den blir sist som t.d. sdc
  • Start Clonezilla frå startmenyen under inndelinga System Tools

Under følgjer bilete på korleis eg gjenoppretta systemet på ei maskin med ein systemdisk (sda) og der kopifilene vart henta frå ein ekstern disk med ein partisjon (sdb1).

This slideshow requires JavaScript.

Når systemet er gjenoppretta, avsluttar du Parted Magic. Deretter må du hugse å kopiere tilbake dokument, bilete, video med meir frå oppdatert backup.

Clonezilla – Kopi av system

I Parted Magic finn du Clonezilla som er eit vertkøy som kan ta kopi av heile diskar eller partisjonar/inndelingar. Clonezilla gjer det raskt å gjenopprette eit fungerande system utan å installere operativsystemet, all programvare du brukar og oppdatere alt.

Med gode backuprutinar på dokument, bilete, video med meir, vil du ved hjelp av Clonezilla få tilbake eit fungerande system på minuttar i stadenfor å bruke timar eller dagar på å få på plass programvare og oppdateringar. Du treng berre oppdatere eller installere programvare som ikkje var med då kopien vart laga før du kopierer tilbake dokument med meir frå backup.

Clonezilla lagrar ikkje innhaldet i ledig plass på disken, berre det som vert brukt av disken. Data vert komprimert før lagring til kopifiler, men vel du å ta med  foto, musikk og video er dette ikkje lett komprimerbare data som vil ta stor plass. Det kan vere at det kjem til ein 10-15 gigabyte med data frå ein skjult gjenopprettingspartisjon for Windows. Uansett vil kopifilene totalt bli ein del mindre enn oppteken plass på disken.

I Windows bør du høgreklikke på systemdisk og køyre ei diskopprydning for å fjerne mellombels filer. Ta gjerne ei full opprydning som i tillegg fjernar gamle  systemgjenopprettingspunkt i Windows med unntak av dei siste. Alt i alt kan dette spare fleire gigabyte med kopifiler. Berre hugs at meir data krev meir prosesseringstid og lagringskapasitet.

For å kunne gjenopprette eit system, må du først lagre ein kopi av systemet. Til dette treng du:

  • Parted Magic
  • Ekstern eller intern disk med nok ledig plass til å lagre kopi på

Ein ekstern disk er det lurt å ikkje kople til før Parted Magic har starta. Dette sikrar at han blir sett på som den siste disken. Det blir lettare å vere sikker på at ein skriv kopifilene til rett disk.

Før du set i gong er det viktig å vite litt om Linux som Parted Magic brukar. I Linux finn du ikkje stasjonsbokstavar som C, D osv. Filsystemet i Linux startar på / eller den såkalte rota og byggjer ut derifrå.

I Linux er diskar og partisjonar omtala som device og slike er organisert under mappa /dev. For ei maskin med ein intern disk vil disken sitt device bli refert til som sda. Nummereringa for diskar er at ein brukar alfabetet i den siste bokstaven (sd[a-z]) slik at andre diskar vil bli få namn som sdb, sdc eller sdd osv. Ein ekstern usbdisk vil alltid kome blant dei siste.

Filsystemet, det som gjer at du kan lagre og finne att filer, ligg på inndelingar/partisjonar på disken. I Linux og Clonezilla vil du sjå at dei blir referert til som som t.d. sdb1. Nummeret angir nummer på partisjon/partisjonstype. Du kjem tidleg til eit punkt i Clonezilla der du må velje partisjon kopifilene skal ligge på. Clonezilla monterer partisjonen inn i filsystemet til Linux slik at Clonezilla kan skrive til han. Pass på å velje rett.

Har du kopla til den eksterne disken etter at Parted Magic har starta, skal han (vanlegvis) vere den siste, t.d. sdb, sdc eller sdd osv.

Eksterne diskar har vanlegvis berre ein partisjon. Ser du fleire nummer som t.d. sdb1,  sdb2, sdb5 eller liknande på disken du trur er den eksterne, du sjekke nærare. Ein siste kontrollsjekk før du gjer det endelege valet er å sjå på storleiken som Clonezilla gir opp.

  • Start maskina med Parted Magic
  • Skift språk til norsk
  • Kople til USB-disk som sikrar at den blir sist som t.d. sdc
  • Start Clonezilla frå startmenyen under inndelinga System Tools

Under følgjer bilete på korleis eg tok kopi av ei maskin med ein systemdisk (sda) og lagra filene til ekstern disk som hadde ein partisjon (sdb1)

This slideshow requires JavaScript.

Parted Magic – norsk

Som for det meste på nettet så er ikkje norsk førstevalet for programvare. Før du tek til å bruke verktøya i Parted Magic er det lurt å slå om tastatur og teiknsett på skjermen slik at du får norske teikn og tastaturoppsett.

Når Parted Magic er starta, finn du ikonet Keyboard Layout på skrivebordet. Klikk deg gjennom og gjer følgjande val:

This slideshow requires JavaScript.

For det siste valet om lagring kan du svarar eg yes, men på cd vil ein ikkje kunne lagre innstillingane og eg kan ikkje hugse at dei blir lagra på minnepinnen heller.

PS!
Du må ha på minne at du helst ikkje bør bruke norske teikn i mappe- eller filnamn i tilfelle dei skapar uventa problem. Dette er ein gamal regel, men kan vere til hjelp i dag òg.

Parted Magic

Parted Magic er ein samling av særs nyttige verktøy. For dei som hugsar litt tilbake i tida så eksisterte det for nokre år sidan eit program for Windows som heitt Partition Magic. Det lot deg endre på diskinndelinga utan at du måtte slette og reinstallere Windows. Dette er berre ein liten del av kva Parted Magic kan gjere.

Parted Magic er eit komplett frittståande operativsystem med Linux i botn som du startar frå cd eller frå minnepinne klargjort ved hjelp av  Unetbootin. Du treng med andre ord ikkje installere Parted Magic. Alt blir køyrt i minne. I Parted Magic finn du verktøy for å :

  •  jobba med diskar tilsvarande Partition Magic,
  • ta fullstendig backup av disk tilsvarande Norton Ghost,
  • teste diskar med meir,
  • sikkert slette diskar du skal kvitte deg med,
  • hente ut data frå system som ikkje vil starta og
  • mykje meir.

Siste versjon av Parted Magic finn du her: http://partedmagic.com/.

Har ikkje maskina di optisk stasjon (CD/DVD/BlueRay) må du hente Unetbootin må du òg hente ned siste versjon av Unetbootin for å kunne klargjere ein minnepinne du kan køyre Parted Magic frå.

Etter du har lasta ned iso-fila, kan du brenne ho til ein CD eller klargjere ein minnepinne med Unetbootin. Før du startar Unetbootin, pass på å plugge i minnepinnen. Start så Unetbootin og vel iso-fila du lasta som Diskimage. Før du klikkar OK kontrollerer du at USB drive er rett stasjonsbokstav. Overføringa vil ta litt tid, så vent til ho er ferdig.

Oppstart av maskin med Parted Magic
Med cd eller minnepinne i maskina restartar du maskina og følgjer med på den aller første delen av oppstarten. Sjå etter om det kjem opp melding som til dømes: «F12 boot options». Meldinga og tasten du skal trykke vil variere mellom leverandørane. Ver kjapp og trykk tasten slik at du kan velje cd eller minnepinnen frå lista og Parted Magic blir starta. Er du ikkje rask, er det berre å gjennomføre ein omstart igjen til du får det til.

Når oppstartsmeny frå cd eller minnepinnen kjem opp, vel Default settings, trykk Enter/Lineskift og vent på at Parted Magic startar.

LibreOffice eller OpenOffice og store rekneark

Sjeldan må eg handtere større rekneark enn Microsoft Excel 2003 greier. Eg har ikkje tilgang til nyare versjon av Excel så eg har enda opp med å bruke OpenOffice eller etter at Oracle tok over: LibreOffice. Til den generelle bruk fungerer det heilt greitt, men i visse samanhengar kjem det til kort.

Eg har tidlegare testa OpenOffice 2.4 med eit rekneark som set opp mange reknestykker ved hjelp av tilfeldige tal. Med ei nyare Elitebook 8730w med Core 2 Duo T9800 på 2,93 ghz så opnar fila på:

OpenOffice ods-format: 30 sek
Excel 2003-format: Umiddelbart / 1 sek
Excel 2003 med plugin for konvertering av Excel 2007-format: 20 sek

Eg fekk tak i ei fil med tett opp under 300.000 rader og 31 kolonner. Excel 2003 taklar berre 65.535 rader pr ark, så den versjonen er spelt ut over sidelina. I reknearket er det ikkje ein einaste formel, berre data. Ideelt sett er det langt lurare å handtere slikt i ein database, men det er tilfeller der eit rekneark har betre reknesfunksjonar og vedkomande som skal bruke dataene ikkje kan bruke databasar. Opplevinga eg hadde av fila når ho vart jobba med av andre i Excel 2007/2010 syntes å vere rask. Eg la ikkje merke til lange ventetider for å opne fila og eg tenkte at LibreOffice kunne greie det like godt som Excel, men der tok eg skammeleg feil.

Under LibreOffice 3.3.2 tek det 3 minutt og 25 sekund frå du dobbeltklikkar på fila i OpenDocument-format til ho vert vist i Calc. For moro skuld testa eg også LibreOffice 3.4.0, men opplevde ikkje denne versjonen som noko raskare.

Når det er sagt, så ser det ut til å gå greitt å jobbe med ho i LibreOffice 3.3.2.

NRK nett-tv med Ubuntu 10.04 sommaren 2011

Hausten 2010 såg eg på korleis ein kunne sjå på NRK nett-tv frå Ubuntu 10.04 (Linux). Systemet til NRK er i utgangspunktet knytt tett til Windows Media Player. Det ligg i namnet – Windows – at denne ikkje eksisterer på nokon Linux-distribusjon.

Silverlight var ein moglegheit for å spele av NRK nett-tv i Linux og skulle i utgangspunktet ha fungert via Moonlight. Problemet var at hausten 2010 hadde Moonlight stagnert i hovudversjon 2. Silverlight hadde utvikla seg og var i versjon 3 eller 4. Eg greidde ikkje å få Moonlight versjon 2.4 til å fungere med NRK nett-tv og fann ei anna løysing basert på mediaspelaren VLC.

Våren 2011 har Moonlight kome i versjon 4 Preview. Eg har testa det ut og det ser no ut som om det berre er å laste ned plugin, installere den og gå til NRK sin nett-tv og stille denne inn til å bruke Silverlight, tilsvarande som for Mac-brukarar. Ubuntu hentar deretter nødvendige codecar og når du har lukka og starta Firefox på nytt, skal det fungere slik at du får sett NRK nett-tv via nettlesaren.

PS! 26.06.11

No når Mozilla raskare gir ut hovudversjonar (versjon 5, 6 osv), vil det ta ei tid før plugin er oppdatert til å ta omsyn til den siste hovudversjon. Mitt andre alternativ vil då fungere betre sidan det er uavhengig av Firefox-versjon.

PS! 4.12.11

Eit tredje alternativ, jf. under som òg virkar i Ubuntu 11.10

Tur: Dalhjedla til Stokksetesti

Mellom Dalhjedla og stien som går frå Skahaug forbi Raumålsgrinda til Stokksete er det ein sti som let deg raskt koma opp frå Henjadalen til Stokksete. Det er eit skilt på stien til Stokksete som peikar ned mot Dalhjedla. Sidan stien frå Dalhjedla ikkje inngår som ein naturleg del av nokre av turane til trimpostane er han svært lite brukt, dårleg eller ikkje merka og lett attgrodd. Mi erfaring er at første gong du vil gå stien er det lettare å gå han frå Dalhjedla og opp.

Når du startar på Dalhjedla, må du passe på å stå i sørenden, dvs. i motsett ende av der du finn postkassen med turboka. I sørenden er det ei løe som du går opp forbi og inn i lauvskogen. Etter litt skal det gå an å sjå ein sti eller dyrtrakk som du går sikk sakk i lett sørleg retning. Dette følgjer du til du kjem til bekken som renn ned sørom Dalhjedla. Her snur stien og du skal sakte, men sikkert skråe mot bekken som renn ned nordom Dalhjedla. I eit kort parti er stien vanskeleg å sjå, men etter litt skal du nærme deg ei steinrøys der du går gjennom opninga i eit steingjerde til det eg trur har vore ei grind ein gong i tida.

Etter steingjerdet kjem du til svaberg det står ei stor furu ved. Her kan det passe å ta ein pause og snu seg for å sjå over mot andre sida av dalen og heim mot Bjørgahaug. Etter pausen held du fram lett skråande i nordleg retning inn i lauvskogen. I denne siste delen av turen er det vanskeleg å sjå stien. Etter litt skal du kunne høyre bekken som kjem ned nordom Dalhjedla. Du skal ikkje heilt bort til han eller over han, men ta deg opp tilnærma paralellt med han slik at du kjem opp ved skiltet på stien til Stokksete som peikar mot Dalhjedla.

Stien frå Dalhjedla opnar for at ein kan variere på turane i Kleppaområdet. Eit eksempel er å gå frå Henjadalen til Dalhjedla og opp til Stokksetestien for å gå ned til Raumålsgrinda og traktorvegen som kjem inn til kraftlina. Der følgjer ein ikkje den vanlege stien ned til Skahaug, men går inn i kraftlinetraseen og følgjer han eit kort stykke før ein går inn i skogen og kjem ned i enden av Hovdavegen. Her går det ein sti inn i skogen, eit stykke over vegen inn Henjadalen. Denne stien endar opp på Dalhjedla og du har gjennomført ein solid rundtur. Diverre har eg ikkje skildra eller bilete av denne turen enno.

Ein lengre tur er å parkere sykkelen nede ved den nordlege oppgangen til Dalhjedla, gå til Stokksete og vidare mot Kallbakk, forbi Rjupeskar og Fagreggi og kome seg opp på Kjeringi og gå fram til austlegaste varden på Kjeringafjell. Her går du ned til Sevi, til Fivelhola og heim Henjadalen. Å klive på sykkelen under Dalhjedla og trille heim dalen er ei nyting etter ein slik tur.

Eg har lagt opp mange bilete som eg håpar kan vere til hjelp for å kjenne seg att i terrenget. Dessverre er stien vanskeleg å sjå på mange av bileta. Ein lyt difor sjå etter tre eller andre kjenneteikn som kan vere til hjelp.

Turen frå Henjadalen opp til Stokksetestien via Dalhjedla er delt i fleire deler:

  1. Dalhjedla
  2. Dalhjedla til Stokksetesti

Tur: Mjellhaugane

Når du først er komen til Bergsete på 983 moh, kan du like godt legge på 14 høgdemeter og gå opp på Mjellhaugane òg kalla Mælatoppen på 997 moh. Stien dit startar like nordaust for Bergsete og er svært tydeleg i terrenget. Det tek deg cirka 10 minutt å gå opp. Frå Mjellhaugane har du god utsikt i 360 grader og kan jamvel sjå Hurrungane på ein klar dag.

Mjellhaugane gir god oversikt over Hangsetedalen, som endar opp i Kalvavatnet mellom Mjellhaugane og Skriki. Terrenget i Hangsetedalen har svak stigning med unntak av Skriki. Det syner deg at turar frå Njøs via Hangsete vil ha den verste stigninga er unnagjort på Anhovden, litt over Bjørgahaug. Ved å følgje foten til Skriki kan du gå mot stølane som ligg over Slinde og Ølmheim.

Du treng ikkje gå ned att Moldbakken og tilbake til Kvålen. Gå ned i Hangsetedalen og følg stien heim til Hangsete, ned til Bjørgahaug for å ende opp ved transformatorstasjonen på Njøs.

Turen til Mjellhaugane er splitta i fleire deler:

  1. Njøs til Fadnastølen (lengste alternativ)
    Kvålen (Dalen) til Fadnastølen (kortaste alternativ)
  2. Fadnastølen opp Kvannskar til Bergsete
    eller ein lengre tur via Havrane og opp Moldbakken til Bergsete.
  3. Bergsete til Mjellhaugane