Tur: Hottadalen etter gamal sti

Hottadalen er ein liten dal på nordvest-sida av Njøsadalen. I 2011 er det ingen utfordring å nå Hottadalen sidan du kan køyre nesten 5 km til parkeringsplassen i Geitadalen og gå dei få hundre meterane.

Dersom du vil ta ein litt lengre tur, kan du prøve å følgje den gamle stien. Dersom du ikkje vil gå frå Kvålen kan du som siste alternativ å parkere på parkeringsplassen ved krysset der vegane frå Skagasete og Geitadalen/Tuftahaug kjem saman. Her skal du gå over brua på vegen til Skagasete, men like etter ta av oppover Botnabakken.

Stien opp Botnabakken er ein del av den gamle stien som splittar seg til Hottadalen eller til Tuftahaug etter eit stykke på oppi på ei flate. Du skal ta til venstre og følgje Marievegene til Hottadalen. I 2011 er stien lite brukt og like etter krysset kan det vere vanskeleg å sjå kva du skal gå, men legg merke til steinar og kubbar med bjørk som er lagt i det våte terrenget du skal krysse. Det blir ei lita stiging opp før det slakar ut. Stien går gjennom små myrer eller våte områder og det er difor ikkje lurt å ta turen med ordinære joggesko.

Når du er ved brua over elva/bekken som renn ut frå Hottadalen kan du, i standenfor å krysse brua, snu tilbake og prøve å følgje stien som tidlegare gjekk til Skagasete frå Hottadalen. Denne er svært vanskeleg/umogleg å følgje, så eg tilrår ikkje at du prøver.

Like ved inngangen av Hottadalen kan legge du merke til ei brei fure opp lia mot Hottanosi, som fjellet lokalt vert kalla, på di venstre hand. Denne lia kan du følgje opp for å kome opp til Lusaskard frå Hottadalen. Eit anna alternativ er å gå meir inn Hottadalen og vende opp bak Hottanosi til Skitbrekkene for å gå tilbake mot Lusaskard. Vil du til Fjærlandsete,er det berre å halde fram inn Hottadalen til du går ned mot stien som kjem opp frå Øvstedalen forbi Furusete, snu mot nord og følgje han fram til stølsområdet.

Tur: Friksdal

Etter å ha gått Henjadalen til endes og kome til Nyastøl, kan du ta vestover, inn Friksdalen. Det er vel ein kilometer på tydeleg sti til stølsområdet. Her framme er vegetasjonen mindre og dalen er vid og open. 

Etter stølsområdet byrjar Friksdalen å svinge mot nord og endar opp i Vogga, ca 3 km lenger inne. Vogga er enden av dalen og ligg under Voggevatnet som får tilsig frå Voggebreen. I vest tronar Kjeringafjell, Kaldekletten og Friksdalseggi. Det ser rimeleg greitt ut å gå opp til Kjeringafjell frå stølsområdet.

Ved stølsområde finn du ei bru over Friksdøla. Over på nordsida av dalen, litt lengre framme i dalen, kan du gå opp i Røsebotn. Her kjem du opp til Vogge- og Myrdalsbreen eller på Svolsetfjellet som ligg nordaust stølsområdet. Etter sauebonde let det seg gjere å krysse Myrdalen for å kome bort til Trastadalen eller opp til Synnevaskjer. Då kan du å gå ned att austre side av Henjadalen. Til ein slik tur må du setje av heile dagen og ha med masse mat og energi. Vassflaska treng du ikkje fylle før i Friksdalen. Det er ein klar fordel å ha ein sykkel ståande på Nyastøl slik at du kan trille heim.

Historisk video og bilete frå før kraftutbygginga

Turen til Friksdal er delt i tre deler:

  1. Fram Henjadalen til Flya
  2. Flya til Nyastøl
  3. Nyastøl til Friksdal

Tur: Nyastøl

Nyastøl er eit stort ope område i enden av Henjadalen. Løer og sæl som har stått her har for lengst kollapsa. I vest kjem elva Friksdøla ned frå Friksdalen som går i vestleg retning frå Henjadalen. I nord renn Myrdalselvi ned frå Myrdalsvotni over Slettabotnen. I aust kjem Traståna frå det vesle og store Trastadalsvatnet. På Nyastøl kjem dei saman for å danne Henjaelva.

Tidlegare var det lagt bruer slik at ein kunne krysse over Friksdøla og Myrdalselvi for å koma over på austsida av elva. Då var det det mogleg å koma seg over til stiane som førte opp til Åsenosi, Pipehaug og opp mot Trastadalen, Synnevaskjer med meir. Diverre har elvane sopt med seg bruene. Den tørraste måten å kome seg over å gå ned til Flya for å kryssa elva på brua der. Elvane kjem frå bre og temperaturen er ikkje høg. Til tider kan vassføringa vere for stor, men det skal gå å vasse over dei for å kome til austsida.

Før kraftutbygginga følgde du ein sti fram frå Flya, på vestsida av elva. Han var ikkje merka men var svært tydeleg i terrenget og lett å følgje. Nokre få plassar kryssa han over fuktige, frodige, men korte områder. Stien veksla med å gå i nærleiken av elva og trekkje seg litt frå i områder der ein må opp små høgder. Etter kraftutbygginga følgjer du ein brei og god grusveg heilt fram til starten på Nyastøl, der vegen vil krysse elva for å halde fram opp mot Traståna og Slettabotn.

Som med turen til Flya treng du ikkje ta med vatn. Her er det berre å stikke hovudet eller handa ned i elva og drikke det du er god for. Vatnet er det same som kjem i springen heime. Med fiskekort kan du finne mange gode plassar for å fiske med både makk, fluge og sluk.

Turen til Nyastøl frå Syril stadion er på omlag 8 km. Du sykle på god grusveg, om ikkje du vil gå. Turen er slak og passar for dei fleste. Sidan du går nær elva, som medfører kjølig trekk, kan turen vere eit godt alternativ ein varm sommardag.

Historisk video og bilete frå før kraftutbygginga

Turen er delt i to deler:

  1. Fram Henjadalen til Flya
  2. Flya til Nyastøl

Tur: Dalhjedla til Stokksetesti

Mellom Dalhjedla og stien som går frå Skahaug forbi Raumålsgrinda til Stokksete er det ein sti som let deg raskt koma opp frå Henjadalen til Stokksete. Det er eit skilt på stien til Stokksete som peikar ned mot Dalhjedla. Sidan stien frå Dalhjedla ikkje inngår som ein naturleg del av nokre av turane til trimpostane er han svært lite brukt, dårleg eller ikkje merka og lett attgrodd. Mi erfaring er at første gong du vil gå stien er det lettare å gå han frå Dalhjedla og opp.

Når du startar på Dalhjedla, må du passe på å stå i sørenden, dvs. i motsett ende av der du finn postkassen med turboka. I sørenden er det ei løe som du går opp forbi og inn i lauvskogen. Etter litt skal det gå an å sjå ein sti eller dyrtrakk som du går sikk sakk i lett sørleg retning. Dette følgjer du til du kjem til bekken som renn ned sørom Dalhjedla. Her snur stien og du skal sakte, men sikkert skråe mot bekken som renn ned nordom Dalhjedla. I eit kort parti er stien vanskeleg å sjå, men etter litt skal du nærme deg ei steinrøys der du går gjennom opninga i eit steingjerde til det eg trur har vore ei grind ein gong i tida.

Etter steingjerdet kjem du til svaberg det står ei stor furu ved. Her kan det passe å ta ein pause og snu seg for å sjå over mot andre sida av dalen og heim mot Bjørgahaug. Etter pausen held du fram lett skråande i nordleg retning inn i lauvskogen. I denne siste delen av turen er det vanskeleg å sjå stien. Etter litt skal du kunne høyre bekken som kjem ned nordom Dalhjedla. Du skal ikkje heilt bort til han eller over han, men ta deg opp tilnærma paralellt med han slik at du kjem opp ved skiltet på stien til Stokksete som peikar mot Dalhjedla.

Stien frå Dalhjedla opnar for at ein kan variere på turane i Kleppaområdet. Eit eksempel er å gå frå Henjadalen til Dalhjedla og opp til Stokksetestien for å gå ned til Raumålsgrinda og traktorvegen som kjem inn til kraftlina. Der følgjer ein ikkje den vanlege stien ned til Skahaug, men går inn i kraftlinetraseen og følgjer han eit kort stykke før ein går inn i skogen og kjem ned i enden av Hovdavegen. Her går det ein sti inn i skogen, eit stykke over vegen inn Henjadalen. Denne stien endar opp på Dalhjedla og du har gjennomført ein solid rundtur. Diverre har eg ikkje skildra eller bilete av denne turen enno.

Ein lengre tur er å parkere sykkelen nede ved den nordlege oppgangen til Dalhjedla, gå til Stokksete og vidare mot Kallbakk, forbi Rjupeskar og Fagreggi og kome seg opp på Kjeringi og gå fram til austlegaste varden på Kjeringafjell. Her går du ned til Sevi, til Fivelhola og heim Henjadalen. Å klive på sykkelen under Dalhjedla og trille heim dalen er ei nyting etter ein slik tur.

Eg har lagt opp mange bilete som eg håpar kan vere til hjelp for å kjenne seg att i terrenget. Dessverre er stien vanskeleg å sjå på mange av bileta. Ein lyt difor sjå etter tre eller andre kjenneteikn som kan vere til hjelp.

Turen frå Henjadalen opp til Stokksetestien via Dalhjedla er delt i fleire deler:

  1. Dalhjedla
  2. Dalhjedla til Stokksetesti

Tur: Mjellhaugane

Når du først er komen til Bergsete på 983 moh, kan du like godt legge på 14 høgdemeter og gå opp på Mjellhaugane òg kalla Mælatoppen på 997 moh. Stien dit startar like nordaust for Bergsete og er svært tydeleg i terrenget. Det tek deg cirka 10 minutt å gå opp. Frå Mjellhaugane har du god utsikt i 360 grader og kan jamvel sjå Hurrungane på ein klar dag.

Mjellhaugane gir god oversikt over Hangsetedalen, som endar opp i Kalvavatnet mellom Mjellhaugane og Skriki. Terrenget i Hangsetedalen har svak stigning med unntak av Skriki. Det syner deg at turar frå Njøs via Hangsete vil ha den verste stigninga er unnagjort på Anhovden, litt over Bjørgahaug. Ved å følgje foten til Skriki kan du gå mot stølane som ligg over Slinde og Ølmheim.

Du treng ikkje gå ned att Moldbakken og tilbake til Kvålen. Gå ned i Hangsetedalen og følg stien heim til Hangsete, ned til Bjørgahaug for å ende opp ved transformatorstasjonen på Njøs.

Turen til Mjellhaugane er splitta i fleire deler:

  1. Njøs til Fadnastølen (lengste alternativ)
    Kvålen (Dalen) til Fadnastølen (kortaste alternativ)
  2. Fadnastølen opp Kvannskar til Bergsete
    eller ein lengre tur via Havrane og opp Moldbakken til Bergsete.
  3. Bergsete til Mjellhaugane

Tur: Raumålsgrinda frå Kleppa

Raumålsgrinda ligg i aust/nord-austleg retning frå parkeringsplassen på Kleppa. Du går mot klubbuset og leirduebana til Jakt og Fiskelaget før du går inn i skogen. Ved hytta til Jakt og Fiskelaget har stien vorte lagt om slik at ein no slepp å gå gjennom leirduefeltet og kan gå turen uavhengig om det er skyting. Biletserie min er frå 2009 og viser stien som startar i utkanten av leirduefeltet. Etter det eg hugsar kjem den omlagde stien, som startar sør om hytta, samen med den gamle omlag på bilete 11 og 12 i min serie.

Sidan mesteparten av stiginga er unnagjort ved å starte frå Kleppa, har turen relativ slak stiging. Du går gjennom til tider tett skog i lett skråande terreng. Turen er kort og ikkje krevjande som gjer at han passar for alle som kan gå. Utsiktsmessig er det ikkje mykje å skryte av, med mindre du synes trelegger er interessante. Litt utsikt får du når du kryssar to trasear med kraftliner. Fellinga av tre i desse dei siste åra gir rimeleg fri sikt. Etter å ha passert den siste traseen kjem du ut av skogen ca 50 meter over Raumålsgrindi, på stien som går mot Stokksete.

Turen er ikkje noko perle i seg sjølv, men som ein start og i kombinasjon med andre turar med utgongspunkt på Kleppa eller Skahaug fungerer han greitt. Du kan t.d. parkere bilen din på Skahaug og gå opp gjennom skogen til Raumålsgrinda. for så å krysse mot Kleppa og gå ned vegen tilbake til Skahaug. Eit anna alternativ er å starte på Kleppa og gå til Raumålsgrinda for å gå ned til og følgje traktorvegen, som kjem inn på vegen til Kleppa høgare oppe enn Skahaug. Det sparer deg for ein del høgdemeter i forhold til å måtte ta turen ned til Skahaug og opp att til Kleppa. Føler du deg ekstra sprek kan du ta langturen til Kjeringafjell på 1.314 moh ved å gå via Stokksete. Til ein slik tur bør du setje av ein heil dag. Ein mellomlang tur vil vere å gå rett vest frå Stokksete til Smørkletten for deretter å gå ned att på Kleppa.

Tur: Tuftahaug inn Njøsadalen på gamal sti

Stølen Tuftahaug ligg over den austre enden av Njøsadalen. I dag er den enklaste måten å koma dit å følgja traktorvegen i Njøsadalen til endes til fots eller med bil. Eg hugsar når traktorvegen gjekk fram til snuplassen, ca 400 meter framom Dalsete. Kort sagt var det veg halvveges fram til brua over elva på vegen opp til Skagasete. No er det slik at den gamle stien til Tuftahaug ligg parallelt med traktorvegen fram dit.

For å oppleve deler av den gamle stien til Tuftahaug må du gå over brua på vegen opp til Skagasete. Like etter går du av vegen og går opp Botnabakken. Den første delen er ikkje berre den gamle stien til Tuftahaug, men òg den gamle stien til Hottadalen. Etter ca 400 meter deler stien seg og du må gå ned mot bekkene/elvene som kjem frå Hottadalen og Geitadalen for å gå over til den austre sida på Njøsadalen. Etter å ha kryssa elva frå Geitadalen må du gå krysse traktorvegen og gå opp til du kjem opp til stien som går mellom Hottadalen og Tuftahaug. Tuftahaug ligg like nedom ei større tjern. Råd eg har fått er at du ikkje skal fylle vassflaska eller drikke av vatnet som renn ut av tjerna. Står du ved boksen med turboka må du gå ca 100 meter og passere den sørlege hytta for å kome til oppkomma. Vatnet er reint, kaldt og friskt heile året.

 

Tur: Tuftahaug via Fadnastølen

Stølen Tuftahaug ligg over den austre enden av Njøsadalen. I dag er den enklaste måten å koma dit å følgja traktorvegen i Njøsadalen til endes til fots eller med bil. Eit friskare alternativ for fottur er å parkere bilen på Kvålen og gå til Tuftahaug via Fadnastølen. Frå Kvålen har du fleire val for å koma til Fadnastølen. Første alterntivet er å ta av i Vetlagjerdet, like etter at du har kryssa Njøsaelva, og gå opp til Åsen og passere eit par innmarker.

Frå Fadnastølen er det ca 2 km å gå gjennom bar- og lauvskog. Skogbotnen er dekka med blåbærlyng. Innimellom passerer du gigantiske tuer med maur. Etter knappe 500 meter kjem du til traseen med høgspentmaster (eller trollgjerdene) som kjem frå Fardal. Du er ute av den første skogen og her er det opnare med nokre saftige grassletter ved traseen. Det er ikkje uvanleg å møte sauer her om sommaren. Du held fram i nordleg retning og bevegar deg inn i lauvskogen. For dei som ikkje har gått turen på 5-6 år er det verd å legge merke til at neste halvvegs oppi har ein valt å legge ein om ein liten del av stien ut mot dalen. Det er ei stund sidan eg gjekk den ruta, men eg meinar å hugse at det var tre som hadde knekt her samt at ein unngår eit kort fuktig område. Det siste er klart ein fordel når ein går turen i joggesko. Den nye traseen kjem saman att med den gamle stien etter 300-400 meter, like under dei nedre svaberga under Numeskaret. På dei øvre svaberga kan det vere greitt å ta ein pause, snu seg og nyte utsikta ned mot fjorden.

Numeskaret er det høgaste punktet på turen. Når du har gått gjennom det ser du Tuftahaug. I enden av Numeskaret har du to alternativ: Du kan ta stien ned, gå over nedre del av Tuftahaug og opp til sæla. Dette alternativet gjer at du må gå gjennom nokre fuktige området. Alternativ to er på følgje den øvre stien mot Tuftahaug. Den går i ei bratt side, men er forholdsvis enkel å forsere. Fordelen er at han går gjennom tørrare terreng samt at du passerer rett forbi oppkomma du kan fylle vassflaska di frå. Tuftahaug ligg like nedom ei større tjern. Råd eg har fått er at du ikkje skal fylle vassflaska eller drikke av vatnet som renn ut av tjerna. Vatnet frå oppkomma er reint, kaldt og friskt heile året.

Turen til Tuftahaug via Fadnastølen er delt opp i to deler:

  1. Kvålen til Fadnastølen over Åsen
    Alternativ: Njøs til Fadnastølen
  2. Fadnastølen til Tuftahaug

Tur: Skoparsete til Eitorn

Skoparsete-Eitorn-110

Istadenfor å ta turen tilbake same vegen som du kom, ned til Skjer, kan du halde fram mot vest over elva Kvinna og kome ned i Eitorn. For å kome dit er det berre å passere postkassen med turboka slik at du har han på høgre hand og halde fram inn mellom trea.

I motsetning til turen frå Skjer er turen til Eitorn ein lengre og slakare bakke. Første delen tek deg ned til elva Kvinna, like over Kvinnafossen. Her kan du gå ut på kanten og kike ned. Personleg likar eg mykje betre å stå nede i vegen og kike opp.

Utanom utsikta frå toppen av Kvinnafossen er ikkje turen til Eitorn den aller mest spanande. Du går for det meste i skog, til tider tett på kvar side av stien. Men det hender at du kan få deg utsikt mot Sognefjorden her og der.

Grendalaget har sett opp skilt med litt historie på ulike plassar. Det opnar seg litt opp etterkvart som du kjem ned mot Eitorn, sjølv om naturen et seg godt inn på tidlegare slåtteteigar. Du passerer krysset på Trodlahaugen der stien til Myrsete, ein støl på vestsida av Kvinna, skil lag frå stien til Skoparsete. Om du føler deg sterk kan du gå opp til Myrsete og vidare opp til Vassvarden før du går ned på Hella.

Nede i Eitorn passerer du gjennom eit tun med hus, stabbur og fjøs som tidas tann gneg på. Du bør nok lytte og sjå etter om det er ting som kan dette ned frå det største huset der. Vegetasjonen held plassen og stien ned til Sognefjordvegen i si klamme hand. Ut på sommaren kan det godt vere at du ikkje ser over graset om du er under 1,60 m høg. Når du er komen ned til vegen, følgjer du han eit par kilometer tilbake til Skjer og bilen.

Rundturen frå Skjer opp til Skoparsete, ut til Eitorn og tilbake har eg delt i to:

  1. Skjer til Skoparsete
  2. Skoparsete til Eitorn