Tur: Fadnastølen frå Njøs

Fadnastølen er ein støl som ligg på ca 500 meter over havet på austsida av Njøsadalen. Det er fleire måtar å kome seg dit. Den lengste og kanskje mest interessante er å følgje den gamle stien frå Njøs. Total lengde vil eg anslå til 4-5 km. Det er rimeleg jamn stigning og turen passar for dei aller fleste. Det er ingen overraskingar eller vanskelege parti som skal forserast. Nokre få rotvelt sperra vegen. Slikt blir vanlegvis rydda opp i løpet av året.

På Fadnastølen finn du nokre gamle sel, nyare hytter samt nokre løer. Stølen har endra seg dei siste 20 åra. Det er tydeleg at beitinga og slåtten ikkje er slik som før. Einer eller sprakar. som vi kallar det her, byrjar å ta att tidlegare beitemark. Andre plassar har ein byrja å rydda skog. Det er litt synd at det ikkje er meir husdyr her. Det blir ikkje det same terrenget av at staten betalar ein bonde for å rydde kulturlandskap med motorsag. Saga er eit alt for grovt verktøy til å vedlikehalde gamle beiteområder. Som gnitne nordmenn er vi ikkje villig til å betale for at dyra skal stelle landskapet. Det er ikkje bonden si feil at det ikkje er butikk i å driva med sau. Vi får akseptere at vi må vasse i buskas når vi skal ut i naturen i dag. Det er ikkje så lett å sjå samanhengane når ein sit bak ein pult i asfaltjungelen….

Det passar godt å ta ein pause på Fadnastølen før ein går vidare opp til Havrane. Der kan du fiske aurekjøer med stang med makk, fluge eller spinner. Vel du å følgje Njøsadalen, kan du gå til Tuftahaug og vidare til øvre del av Øvstedalen i Fardal og svinge mot nord for å kome til stølen Fjærlandsete.

Tur: Skagasete inn Njøsadalen

Skagasete er ein støl på 589 moh på Hermansverk. Du kan skimte sæl/hytter mot himmelen frå Njøs og frametter Gjerde og Moene. Den enklaste måten å kome dit på er å følgje traktorvegen frå Kvålen opp til den gamle snuplassen, der vegen deler seg for å klatre bratt opp lia mot Skagasete.

Frå Kvålen til Skagasete er det 4 km. Du må rekne med at turen tek over timen. I motsetning til på sti frå Kvålen eller toppen av Dalenfeltet, treng du ikkje vere redd for å bli våt på beina dersom veret har vore so som so over lengre tid. Det einaste våte område du kan møte er ved ankomst stølsområdet. Stølseigarane har ordna med klopp forbi det verste.

Njøsaelva følgjer du så å seie heile vegen. Du treng ikkje gå tørst. Det er nok av plassar å stoppe for å ta seg ein pust i bakken eller drikke. Vel du å køyre fram til den gamle snuplassen, der vegen skil seg i retning Skagasete og fram Njøsadalen mot Tuftahaug, er det berre 1 km å gå på traktorveg. På den andre sida vil turar til Hottadalen, Tuftahaug, Lusaskard og Fjærlandsete bli lettare tilgjengelege.

Om vinteren blir det køyrt med trakkemaskin og snøscooterar i Njøsadalen. Fram til brua går du på tettpakka snø etter trakkemaskin. Frå brua og opp til Skagasete lyt du følgje snøscooterspor.

Ikkje snøscooterar i skiløyper!

Sognefjordrennet vart ein suksess i godt vær. I år ville ikkje ungane stille, men eg kom meg opp på Fagereggji på 1004 moh og såg litt på hovudløypa. Ikkje noko for meg. Kenny Rogers synger passande i The Gambler:

You’ve got to know
when to hold them,
when to fold them,
when to walk away
and when to run..

Eg valde å køyre ned same vegen eg gjekk opp. Første delen, frå Fagereggji og ned til ca Raude Kross-boksen, gjekk greitt. Deifrå byrja anklane mine å fungere som vippebrytarar og skiene hogg tak ved ploging slik at faren for kryssing av skia var overhengande. Etter rimeleg kort tid mistenkte eg spora frå styreskiene til snøskooterane å vere årsaken. Styreskiene er forma som båtar med ein markert kjøl som skjer ned i snøen for å gi god styring. Etter kvart som skia passerte over slike endra vinkelen på anklane seg. Sidan snøskooterane hadde køyrt i preparert løype og øydelagt ho, bestemte eg meg for å prøve i laussnøen, ingen suksess. Rykk og napp takka vere vinden som hadde fordelt snøen ujamnt gjorde vanskeleg å halde seg oppreist.

Tilbake i preparert løype oppdaga eg at snøscooterane ikkje hadde køyrt på skuldra av den preparerte løypa. Eg sette utover og ned Rypeskar. Der, i botnen av det brattaste, hadde ein snøscooter svinga utom skuldera i ein svak bue før han hadde returnert mot senter av det preparerte. Eg prøvde å halde skiene rett framover, men venstre ski sokk nedi styreskisporet til scooteren. Med farten var katastrofen eit faktum. Tiendelssekund etter skia hadde teke feste kryssa ho den andre og sende meg ut i eit svev. Det var berre å late att augene og førebu seg på SMERTE.

Nedslaget kom hardt og brutalt. Det gjekk kast i kast med skia på. Det var ikkje så gale når eg reiste meg litt ør og forslått. Solbrillene var forvridde og ein plastglasset hadde sprukke og lausna frå feste. Ansiktet var litt ømt, men skaden kunne ikkje avdekkast sidan eg ikkje hadde spegel tilgjengeleg. Noterte meg ei blødning frå leppa, men elles fungerte resten kroppen bra.

No sit eg med to skrubbsår i panna. Kan lure på om nokon har saga av meg horna. Nasen har blodutredelsar over nasebeinet. Vertikalt frå leppa og opp mot nasa har eg eit sår. Kan ikkje kalle det ein kraftig sprekk, men det er no eit merke og sår som avga litt blod.

Ein ting er sikkert: Eg er tilhengar for eit skilje mellom turløyper og snøscooterløyper. Dersom dei ikkje har eigne løyper, får snøscooterane køyre opp sine eigne løyper!

Tur: Lusaskard

LusaskardLusaskard er det høgaste punktet mellom Njøsadalen og Henjadalen. Ein kan nå toppen frå ulike kantar, men den mest brukte er nok turen frå Skagasete på 589 moh opp forbi Sjonarhaug, Rjupeskar, Stortistelen til Lusaskard på 1.004 moh.

Til Skagasete kan ein kome seg på ulike måtar. Den mest komfortable er nok å ta bilen og køyre fram Njøsadalen og opp til Skagasete, ein tur på 5 km. Har du ikkje bil eller ein låg bil kan du gå fram vegen, men det blir langt i forhold til å ta turen opp frå Kvålen til Haoahaug og vidare til Skagasete. Turen er går gjennom skogen med ei kraftigare stigning, men er er berre på ca 2 km. Ein føler seg betre når ein snur seg på nederste Skagasete og nyt den frie utsikta ned mot Hermansverk og over fjorden til Borlaug. Ho blir ikkje den same utan eit snev av mjølkesyre i beina.

På Skagasete finn ein skilt som peikar til Lusaskard. Stien går opp svaberga nord for skilta og boksen med turboka. Den første og brattaste biten går opp til ein foringsplass for sauer før stien går inn i småskog opp til ein nærmar seg myrene under Rjupeskar. Her går den offisielle stien i ein boge mot vest før den rundar nord og til aust att over ei større myr. Sjølv meinar eg at her må ein bruke kortaste veg mellom punkta bogen startar og endar i. Eg vel å gå tvert over og sparar 2/3 av distansen på dette. Mitt alternativ går gjennom ein liten skog og kryssar eit par små avrenningsgrøfter for myra. Du treng berre ta eit litt lengre steg for å kome over. Slike må du også passere på den lange turen i myra. Mitt alternativ er tørt eller i det minste garantert tørrare, noko som er ein klar fordel om du går i joggesko. Eg meinar stien burde på vore merka om slik at ein kan kome seg tørrskodd forbi myra.

Når du har kome opp ved Rjupeskar, går du ut av småskogen og får Lusaskard. Turen frå Rjupeskar til foten av toppen til Lusaskard er den slakaste av turen. På stien går du forbi ein liten bekk som kjem frå toppen av ryggen frå Skagasetfjellet til Lusaskard. Her pleier eg å ta meg ein slurk eller fylle vassflaska. Kjem du forbi på seinsommaren kan det godt hende at han er nærast tørka ut. Som eit alternativ, kan du gå opp på Skagasetefjellet når du har kome over skogen og følgje ryggen opp på Stortistelen før du går ned litt og opp att på Lusaskard. Det er nokre myrer i dette alternativet, men dei er ikkje vanskelege å ta seg rundt. Risikoen for å bli våt med joggesko er der, men du får i bytte utsikt mot Kjeringafjell, Kjeringi, Sevi, Stokksete og Voggebreen.

Ved foten av toppen på Lusaskard er det fritt fram å velje korleis du vil kome deg opp til varden. Du kan følgje stien, men du kan også velje å gå rett på eller ta runden og gå opp på baksida. Bileta som eg har lagt ut er når du følgjer den vanlege stien opp, men du ser sjølv at det ikkje er farlege heng eller noko anna som hindrar deg frå å gå opp kor hen du vil.

Turen til Skagasete er delt opp i tre deler:

  1. Kvålen til Haoahaug til og med bilete 25
  2. Haoahaug til Skagasete
    Alternativ til 1 og 2: Skagesete inn Njøsadalen
  3. Skagasete til Lusaskard

Tur: Heimste Trastadalen

13.10.2007 tok eg på meg støvlane og gjekk til heimsta Trastadalsvatnet for å sjå meg om og vurdere om turen let seg gjere for ungar på 6 til 9 år neste sommar. Eg har tenkt på å leige hytta til Jakt og Fiskelaget å ta nokre dagar i høgfjellet sommaren 2008.

Veret var tungt og skydekke var lågt. Eg starta heimanfrå. Det er pur luksus å kunne starte ein lang fjelltur frå sitt eige hus. Turen gjekk fram Henjadalen fram til Flya på traktorveg. På Flya må ein krysse elva til stølsområdet på austsida og gå på sti framover mot Nyastøl. Det har regna mykje i haust og det er tungt og vått å gå. Når ein kjem fram tll Nyastøl, kan ein velje å gå ein litt kortare veg om Åsenosi eller ein kan gå opp til Pipehaug før ein snur framover i retning Trastadalen.

Etter kraftutbygginga følgjer du grusveg heilt fram til Traståna. Du kryssar ikkje elva, men går opp ryggen på høgre sida av vassinntaket. Her skal du kunne kome inn på den gamle stien til Pipehaug, sjå historiske bilete under.

Historiske bilete frå før kraftutbygginga

Bileta er tekne på heimveg og startar difor ved heimsta Trastadalsvatnet og går ned til Nyastølen om Pipehaug. Turen til heimste Trastadalen er delt i fleire deler:

  1. Henjadalen til Flya
  2. Flya til Åsenosi til og med bilete 47 der stien ikkje går over brua, men høgre opp til Pipehaug.
  3. Heimste Trastadalen ned mot Nyastøl.