Tur: Heimste Trastadalen

13.10.2007 tok eg på meg støvlane og gjekk til heimsta Trastadalsvatnet for å sjå meg om og vurdere om turen let seg gjere for ungar på 6 til 9 år neste sommar. Eg har tenkt på å leige hytta til Jakt og Fiskelaget å ta nokre dagar i høgfjellet sommaren 2008.

Veret var tungt og skydekke var lågt. Eg starta heimanfrå. Det er pur luksus å kunne starte ein lang fjelltur frå sitt eige hus. Turen gjekk fram Henjadalen fram til Flya på traktorveg. På Flya må ein krysse elva til stølsområdet på austsida og gå på sti framover mot Nyastøl. Det har regna mykje i haust og det er tungt og vått å gå. Når ein kjem fram tll Nyastøl, kan ein velje å gå ein litt kortare veg om Åsennosi eller ein kan gå opp til Pipehaug før ein snur framover i retning Trastadalen.

Heimanfrå og fram brukte eg rundt 3 timar når eg sykla deler av vegen fram til Flya. Med ungar må ein rekne med 5 timar. Det blir nok for langt. Alternativet kan vere å køyre til Hodlekve slik at ein får ein slakare og kortare sti til Trastadalen.

Bileta finn du i albumet: Tur: Heimste Trastadalen. Bileta er tekne på heimveg og startar difor ved heimsta Trastadalsvatnet og går ned til Nyastølen om Pipehaug.

Turen til fremste Trastadalen er delt i fleire deler:

  1. Henjadalen til Flyane
  2. Flyane til Åsenosi til og med bilete 47 der stien ikkje går over brua, men høgre opp til Pipehaug.
  3. Heimste Trastadalen ned mot Nyastøl.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.