Feilsortering i e-postprogram

I helga såg eg på å flytte e-postane mine til ein anna leverandør. Overføring kan skje på fleire måtar.

Ein kan koble opp kontoane i same e-postprogrammet og dra alle e-postane mellom dei korresponderande mappene i kontoane. Dette må ein gjere for e-postane som ligg i mappa «Sent» eller tilsvarande.

For innboksen kan ein gjere det same, men for deler av e-postane testa eg alternativ med å få henta over alle e-post i bakgrunn av den nye tenesta. Eg la inn oppsettet for den gamle tenesta hos den nye leverandøren. Over tid vart resterande e-postar henta over. Ulempa med å gjere det på denne måten, ser eg i ettertid, er at e-posten får eit nytt tidsstempel for mottak.

Mange e-postprogram på PC, Mac, nettbrett og telefon legg til grunn som standard eller fast at sortering av e-post vert gjort etter tidspunktet for mottak. Med eit nytt tidsstempel blir det rot. Når deg gjeld e-postprogramma, med unntaket av Outlook på PC, kan ein ikkje endre sorteringa etter ulike tidsstempel. Her er eg/du låst til å akseptere at ein sorterer for tidspunktet for mottak.

I Outlook må du inn på visningsinnstillingane å gjere endringa tidspunkt frå mottak til sendt. Grensesnittet for nettlesaren på e-posttenesta kan konfigurerast til sortering av e-post etter tidspunktet dei er sendt.

Under ser du sorteringa i webgrensesnittet til venstre og sorteringa i e-postprogrammet Mail i MacOS. Tilsvarande sortering som sistnemnde har du også i Outlook for MacOS samt Mail og Outlook på iOS. Eg har ikkje greidd å finne noko måte å endre sorteringa til eit anna tidsstempel/sendt.

Sortert etter sendt
Sortert etter tidspunktet sendt
Sortert etter tidspunktet motteke

MacBook Pro 14″ – lyd

Mine øyre likar godt den nøytrale Sennheiser-lyden. Mange personar, profesjonelle testarar som privatpersonar, skryte voldsomt av lyden til MacBook Pro 14″. Ja, det virkar som om dei til tider er heilt frelst.

Lyd er det meir enn nok av. Høgtalarene er bra, men det blir noko boksete lyd når ein prøver å auke nedre del av lydbilete. Ingen greier magisk å få eit stivt aluminiumschassi, med begrensa plass, til å lyde som eit hifi-anlegg. Det er berre naturstridig.

Poengmessig gir eg lyden 7 av 10. Eg har høyrt betre og meir balansert lyd frå andre maskiner.

Windows-endring påvirka Syncthing

Eg har dei siste åra hatt ein liten Intel NUC ståande og køyre mellom anna Syncthing. Det er ei privat filsynkroniseringteneste a la Dropbox. Intel NUC fungerer som «navet» for synkroniseringa mellom alle maskiner.

Syncthing for Windows består av ei programvarefil (syncthing.exe) som du kan legge ein snarveg til i oppstartsmappa i Start-menyen i Windows. I snarvegen kan du legge til -no-console, bakom syncthing.exe, for sleppe at det sprett opp eit vindauga med programmet køyrande. Vindauga inneheld berre teknisk statusinformasjon og har ingen/liten praktisk nytte for deg.

I sommar 2022 har Windows 11 og 10 gått gjennom ei oppdatering som medfører ei fornying av konsollhandteringa. Brått byrja vindauge å sprette opp med syncthing.exe køyrande. Etter litt hjelp frå miljøet rundt Syncthing vart eg peika i rett retning:

  • Høgreklikk på snarvegen til syncthing.exe
  • Klikk på fana Alternativer
  • Kryss av for Bruk eldre konsoll (krever omstart, påvirker alle konseller)

MacBook, 16 GB interminne er minimum

Eg har lenge hatt lyst til å kjøpe meg ein MacBook. Ikkje det at eg har spesielt bruk for det, men meir at eg er nysjerrig på dette økosystemet. Eg har testa både iOS og Android på telefon og nettbrett. Apple teke sigeren med klar margin. Med fagfelt innafor informasjonstryggleik, må eg sei at den oppfølginga ein får når ein kjøper eit nettbrett eller telefon frå Apple er tipp topp. Ein får årevis med oppdateringar, både funksjonelle og kritiske tryggleiksoppdateringar. Til og med ein gamal Apple iPhone 5S frå hausten 2013 fekk ei tryggleiksoppdatering i 2022. Vis meg den Android-baserte telefonen eller nettbrettet som får tryggleiksoppdateringar 9 år etter dei vart lanserte.

Tilbake til MacBook. Det meste av Apple-produkt er kostbare. Når basismodellar startar over kr 10.000, byrjar det å «skrubbe» for meg. Å gjere det rette valet blir viktig. Eg har sett tallause testar og vurderingar på Youtube. Nokon få meiner ein må satse på 16 GB internminne/ram, medan andre seier at ein treng ikkje meir enn 8 GB sidan MacOS er så godt optimalisert. Eg brukar PCar tungt og basert på eiga erfaring er 16 GB minimum.

Etter eit par rundar med meg sjølv enda eg opp med å gå for ei maskin med 16 GB internminne. Eg har lagt ved eit skjermskot av Aktivitetsmonitor. Om de ser på minne i bruk, ser de at eg passerer 8 GB med god margin. Kva gjer eg? Jau, eg sit og skriv dette, har 8 faner oppe i Firefox, har Gimp med Rosetta 2 (kodeomsetting frå Intel til Arm) aktivt og ser på video frå Youtube i eit hjørna av skjermen. Eg vil definere dette som rimeleg lett bruk. Konklusjonen min er at 16 GB er minimum, ikkje kjøp basismodellane til Apple (Air og MacBook Pro 13). Vær budd på å legge ut kr 20.000+ for ein MacBook.

Tur: Friksdalseggi

Friksdalseggi, med høgaste punkt på 1455 moh, skiljer Huksdalen frå Friksdalen og Vogga, inste del av Friksdalen. Turen forutset at du kjem deg inn i Huksdalen, fram til parkeringa under Nyastølen. Frå parkeringa følgjer du traktorvegen fram til Stavsete.

Eg har berre fått gjort eit par turar for å finne ein god måte å kome seg opp. I bilete til høgre ser du eit utsnitt frå Google Maps. Heilt til høgre har du Kjeringafjell, i midten Kaldekletten og til venstre, med den gule streken, ser du Svinadalseggi som endar ut i Friksdalseggi.

Etter eit par forsøk frå Svinadalen, mellom Kaldekletten og Svinadalseggi, har eg kome til at den beste måten å koma seg opp på Friksdalseggi er å gå opp i Fossadalen. Forutsetninga for å lykkast er låg vassføring i Stavseta og elva frå Fossadalen. Dette er ikkje ein tur du går i vårløysinga om du vil halde beina tørre.

Frå Stavsete går du 2/3 av distansen til Stavatjørni. Når du har passert punktet der elva frå Fossadalen kjem saman med Stavseta, går du ned til elva Stavseta. Med låg vassføring kan du gå på steinar over. Deretter går du i retning av elva frå Fossadalen og finn stadar å krysse ved å gå på steinar. Etter kryssinga følgjer ei jamn stigning oppover Fossadalen før du gir deg i kast med Svinadalseggi. I starten er det litt myr, men etter kvart går det over til gras og lyng. Innimellom vil du treffe på sauetrakk, men hald fokuset på Svinadalseggi.

Oppe på Svinadalseggi er det berre å følgje gras og lyng-områder til du nærmar deg sørlege delen av Friksdaleggi på 1344 moh. Ta ein tur til varden og kik heimover Friksdalen før du snur nasen nordover og går fram til det høgaste punktet på Friksdaleggi på 1455 moh. Siste del av turen går i eit steinlandskap. Vel framme kan du sitje deg ned å kike nordover på Skarholten samt Voggebreen. Vil du fram dit, er det berre å følgje nasen vidare.

Sidan det berre har vorte turar for å finne alterantive ruter, har eg til gode å fotografere eller spele inn video av turen. Det får vente til 2023. Inntil vidare får de nyte eit par smakebitar frå Friksdalseggi (1455 moh).

Skarholten og Voggebreen frå Friksdalseggi
Voggebreen

PS! Voggebreen er på kraftig retrett. Ta turen før han er borte

«El-gate»

Tidleg i dette tusentalet skulle ein gå for diesel, sidan bilane utnyttar drivstoffet betre og brukar mindre per mil, som medfører lågare CO2-utslepp. Spolar vi tilbake til 2015 fekk vi dieselgate. Volkswagen vart ferska med spesialtilpassing av software som slo inn når bilen sto i testbenk. Utslepp av partiklar og Nox etter landevegen var vesentleg høgare. Etter den tid har diesel vore uglesett.

Dei siste åra har elbilar vore vinnarane, men no er elbilen i ferd med å miste grepet. Er du i eit område med mange bomstasjonar som må passerast, kan ein elektrisk bil framleis forsvarast. Bur du ein plass der du sjelden brukar ferjer og/eller passerer bomstasjonar, bør du tenke deg om før du kjøper elektrisk bil.

Eg har teke utgangspunkt i ein rimeleg familiebil av typen Peugeot 2008 i prissjiktet kr 350 000 til 400 000:

  1. Elektrisk: Peugeot E-2008 GT med ein batteristorleik på 50 kwt og WLTP/rekkevidde på 320 km
  2. Bensin: Peugeot 2008 GT Pack 1,2 Puretech 155 hk med WLTP på 0,6 liter per mil
  3. Diesel: Peugeot 2008 GT 1,5 BlueHDI 130 hk med WLTP på 0,47 per mil

Eg har valt å ta for meg kraftigaste bensin- og dieselmodell. Dei bruker mest drivstoff. Under har eg rekna ut kostnad per mil gitt pris per liter/kwt. Reknearket legg eg ved her.

I dag nærmar hurtigladeprisane seg kr 10 per kwt. Fullada batteri vil gi ein drivstoffkostnad på kr 15,63 per mil. Bensin- og dieselprisen flyt ein plass mellom kr 20 til kr 25, alt etter kor du er i landet og om det er ein dag med rabattar. Legg ein til grunn kr 25, er kostnaden per mil for bensinversjon kr 15 per mil og dieselversjonen kr 11,75. Greier du å fylle tanken til kr 20 per liter er kostnaden per mil henhaldsvis kr 12 og kr 9,40.

Verre skal det bli for den elektriske bilen. Straumprisen vil auke og er stipulert til å nå kr 20 i løpet av vinteren. Du må kunne forvente opp mot kr 25 per kwt på ladestasjonane som vil kunne gi kr 39,06 per mil for den elektriske versjonen.

Bensin- og dieselprisen skal ned. Årsaka er den pågåande krigen. Ein må redusere inntektene til Russland for å strype finansieringa av krigsmaskineri mest mogleg. Eg forventar at det i løpet av relativt kort tid vil bli ein avtale med Iran som gjer at olje og gass frå Iran blir tilgengeleg på verdsmarkedet. Det vil køyre pumpeprisen nedover til gamle nivå, kanskje heilt ned mot kr 15.

Korleis dette vil påverke den elektriske prisen er usikkert. Sannsynleg vil straumprisen gå noko ned over tid, men hugs at det er mykje vanskelegare å frakte nedkjølt, flytande gass (LNG) kontra gass i røyrledning. Ein må ha fleire tankskip samt infrastruktur for tanking og tapping av desse, noko heilt anna enn den jamne flyten gjennom ein røyrgate. Å få etablert tilstrekkeleg infrastruktur og nok skip trur eg vil ta tid. Kostnaden med slik transport vil vere høgare.

Vinteren blir dyr!

Vi er i slutten av august og straumprisen her i indre del av Sognefjorden kryp opp mot kr 6. Vi får håpe på at vinteren vert varm og god. Det blir kjøligare og eg forventar at prisen stig og kryssar fingrane på at prisen i vinter maksar ut ein plass mellom kr 10 og kr 15.

Sjølv med 90% straumstøtte på ein pris per kwt over 70 øre, utan mva, blir det dyrt. Legg merke til at du ikkje får støtte til å takle meirverdiavgifta, ho må betalast fullt ut og vil utgjere brorparten av sluttprisen din etter kvart som prisen stig til uante høgder:

Ver merksam på at fastleddavgift vil kome i tillegg. Du kan gjerne plusse på kr 1 000.

  • Har du rom til å takle ei straumrekning på kr 15 000 i januar?

Tur: Storehogen-sendaren

Lei å gå i vått terreng, tok eg turen til flyplassen Haukåsen. Bilen kan parkerast på området like før flyplassparkeringa. Herifrå følgjer du grusveg eit par kilometer vestover før oppstiginga til Storehogen-sendaren, som står på Storehaugfjellet på 1172 moh. Skilta seier 7 km, men klokka mi enda opp på litt over 6 km.

Første delen går langs gjerdet til flyplassen. Etter eit lite stykke kjem du til eit vegskilje. Du tek vegen til høgre. Etter omlag 2 kilometer kjem du til eit nytt vegskilje. Nok ein gong skal du ta til høgre og byrje oppstiginga på grusvegen til sendaren. Det bratnar til og høgdemeterane tek du kjapt.

Sidan mykje av turen går på veg omgitt av tett skog, er det sparsomt med utsikt. Ho får du først på dei siste kilometerane, over skoggrensa. I vest vil du kunne sjå ut over Fimreitåsen og Dueskard, utover Sognefjorden mot Vangsnes og Balestrand, sørover på Øvste Haukåsen, garden TV2 nytta i 2004 til innspelinga av «Farmen», samt Frønningåsen og Frønningen på andre sida av fjorden. Kanskje greier du å få auge på eit cruiseskip eller to som kjem ut frå Aurlandsfjorden utpå dagen.

Vegen tek eit par lange, slake sløyfer før du er oppe på Storehaugfjellet. Her kan du gå rundt toppen og sjå i alle retningar. Har du litt ekstra energi, kan du ta turen nordaustover ein kilometer, til Storehaugen, for eit betre utsyn ned mot Sogndal og Kjørnes.

Byd Tang etter 3 månadar

Tidleg i mai bytte eg ut diesel for stor, elektrisk bil, som eg har skrive litt om tidlegare:

Etter over 3 månadar og snart 5-sifra kilometer, kva er bra og mindre bra med Byd Tang.

Mindre bra

Langlys: Det er ikkje noko anna å sei at dette er under pari. I min gamle bil lyste eg godt opp heile tunnellen framfor meg. Byd Tang lyser opp, men det er vesentleg dårlegare. Eg vurderer å få montert ekstra lys. Det står på om eg skal ha det felt inn i grill eller som del av skiltplata. Held ein knapp på det siste for å sleppe å kutte i fronten.

  • Sjekk lyset i ein mørk tunnel og vurder om du må kjøpe ekstra langlys/led-bar.
  • September 2022: Bilen har vore inne på oppdateringer. Eg synes langlys har blitt betre.

Programvare: Dette går på apputvalet, ikkje programvare for innstillingane til bilen og køyring.

Bilen har no ikkje eit økosystem med sentral app-butikk du kan hente applikasjonar frå. Det bilen har er det han har fått gjennom mindre oppdateringar, over telenettet, eller større oppdateringar hjå forhandlar. Er du musikkelskar, er det Spotify som gjeld. Har du Apple Music eller Tidal må du fikse det via bluetooth og telefonen din.

  • Sjå under bra, det er hjelp å finne.

Datakvote: Bilen kjem med 2 års abonnement med 1 GB per månad. Mindre oppdateringar går greitt, men store oppdateringar går ikkje. Siste storoppdatering, som inneheld navigasjon og oppgradert DAB-app, må gjerast av forhandlar. Nyttar du Spotify og lyttar mykje på musikk eller ser TV på ferjeturen via nettlesaren, går det hardt ut over kvota di.

Eg har mobilabonnement med romsleg datakvote og har installert ein liten 4G-nettverksrouter i midtkonsollen. Når bilen startar, koplar han seg opp mot nettverket og eg brukar ikkje datakvota til bilen.

  • September 2022: Datakvota har blitt dobla frå 1 GB til 2 GB.
  • Kjøp ein 4G-nettverksrouter og tvillingkort på abonnementet ditt og set opp nettverk.

509 hk: Makt korrumperer og stiller store krav til føraren. Du kan gjere kva du vil, bilen lystrar og slepp laus alle (farts)demonar på din kommando. Det kan fort sende deg ut i naturen, gjere deg til fotgjengar og gi solide innhogg i budsjettet.

  • Ikkje la makta gå til hovudet ditt.
  • Jamnleg gå over korleis og når du vil bruke makt.

Bra!

Dei to første finn du også under mindre bra, men det er to sider til dei.

509 hk: Sjølv med 2,5 tonn er det veldig bra å sleppe å oppleve at ein har underskot på ressursar. Bilen dreg deg opp eller forbi utan å tenke seg om eller bli kortpusta. Eit konstant skyv som pressar deg mot seteryggen.

Programvare: Android er operativsystemet. Med litt hjelp, fins det instruksjonar på korleis du kan få på plass applikasjonar du treng. Behovet vil minske over tid, men det er fint å ha moglegheita til å få plass det ein ønskjer/treng inntil eit økosystem for appar er på plass. Sidan eg ikkje har siste storoppdatering med navigasjon og oppgradert DAB, har eg innstallert ein alternativ og langt betre DAB-app samt ulike navigasjonsappar.

Systemet har vore dønn stabilt. Det er overraskande at det ikkje har oppstått eit behov for å bruke restart-knappen eller resette det til fabrikkinnstillingar. Stabilitet er eit klart pluss i margen.

Storleik: Bilen er stor. Eg er høg og sit godt i bilen. Alle som sit på med meg skal ha det godt. Hamnar du bak meg, skal du sleppe å sitje med knea opp etter øyra eller på skrå i baksete. Det var viktig for meg at bilen var i nærleiken av Skoda Superb i kupeen. Bagasjerommet er stort og eg har sett at ein får med seg vaskemaskin med god margin.

Eg er sjåføren!!! Førarstøtte eg vil ha slår eg på, men alt anna forblir avslege. Ingenting blir slege på med mindre eg gjer det. Eg gir blanke i autopilot og sjølvkøyring. Noko førarstøtte kan vere god, som fartsholdar som tek omsyn til bilen framfor, men ikkje kul om eg vil enda opp med å kjempa med tilfeldige korrigeringar til ein bil som ikkje forstår trafikkbildet. Når eg sit bak rattet, skal eg ha kontrollen.

Køyreeigenskapar: Til trass for sin storleik og 2,5 tonn, synes eg at bilen ligg godt på vegen. Han er presis i styringa, bremsar, aksellerar og tek ulike vegunderlag veldig godt. Ikkje forvent deg gocart, men for ein stor bil kan eg ikkje klage. Med eigen knapp for snø-/grus-/gjørmemodus kjem eg heilt sikkert opp på Kleppa skisenter i vinter.

Framseter: Etter tusenvis av kilometer må eg konkludere med at førarsete er godt å sitja i. Du har all mogleg elektrisk justering av rygg og sitjepute. Eg har aldri følt meg ekstraordinær trøytt eller sliten av lange køyreturar, som det har det vorte mange av denne sommaren. I tillegg har eg både varme og kjøling i setet. På nokre varme dagar var det godt å setje på kjølinga, når kupeen var litt for varm. Eg kunne kjølt kupeen i forkant, via appen, men når eg gløymer det er det fint med kjøling i setet. Passasjersete er like bra, sjølv om du der ikkje kan heve og senke sete, som følgje av komponententar under sete.

Bakkeklaring: Batteriet er mykje av undersida av ein elektrisk bil. Øydelegg du batteriet er bilen totalvrak. Vegane eg køyrer er av høgst varierande kvalitet og det å ha bakkeklaring er viktig. Med 19 cm greier bilen seg godt.

Rekkevidde: WLTP er gitt opp til å vere 400 km. Eg opplever det å vere litt konservativt, men eg køyrer veldig lite på motorveg. Mi oppfatning er at rekkevidda på vegane her ligg på opp mot 450 km frå fullada til tomt. Det har lite å sei sidan eg har for vane å ta pausar etter nokre timar køyring. Når eg tek pause, kan bilen få lade.

Lading: Bilen kan lade bra, men det er avhengig av at du vel ein ladar med 800 volt, f.eks. Ionity. Ladarar med mindre spenning/volt, gir tregare lading. Eg skulle sett at bilen brukte kortare tid på startfasen, som burde vore unna på maksimum eitt minutt, ikkje 3-5 minutt.

Bilen har eit LFP-batteri som skal tåle meir lading og utlading. Brannfaren, ved f.eks. skade på batteriet, er vesentleg redusert. Eg slepp å passe på å ikkje lade høgare enn 80% for ofte. LFP-batteriet skal, etter instruksjonsboka, minimum ladast til 100% ein gong i veka. Her er det berre å toppe opp.

Moglegheit for hengarfeste: Byd Tang kan dra 1500 kg, men du må ha førarkort klasse BE. Dersom behovet oppstår, har eg i det minste moglegheita til å kunne dra tung hengar.

Kva seier Bjørn Nyland, nestoren på elektrisk bil?

Lading Byd Tang

Etter å ha prøvd ulike ladarar, har eg ei viss oversikt over kva for type ladarar eg skal prioritere. Byd Tang kan lade med 700 volt, men det er sett ei maksimal grense på 170 amper (uavhengig av volt). Volt * amper = watt, som betyr at maksimal ladeeffekt er 119 kw. Ver merksam på at noko av effekten går bort i å halde batteriet i optimal temperatur gjennom ladeøkta.

Sommaren 2022 kan eg bruke Tesla-ladarar versjon 2 (150 kw), men dei kan berre lade med 480 volt. Tesla tilbyr lågare volt, men høgare amper, som ikkje passar bilen. Reknar du 480 volt x 170 amper kjem du til rett over 80 kw. Det er betre enn 50 kw-ladarar, men skal eg få full effekt må eg nytte andre ladarar.

Det er ikkje mogleg å stille inn forvarming av batteriet før ein kjem til ladar. Avhengig av temperaturen tek det tre til fem minutt før batteriet er klart til å ta imot nesten 120 kw. I «tempereringsfasen» tek batteriet berre imot rundt 10 kw. Når batteriet er klart, er ladekurva er rimeleg flat fram til 85%, vanlegvis rundt:

  • 115 kw til 65%
  • 84 kw til 85%

Om eg står lenger enn til 85%, dett effekten ned til 46 kw fram til 98%. Sidan forvarminga reduserer effektiv ladefart i den første delen, står eg vanlegvis noko lenger enn til 65%. Ved ladekø, avsluttar eg seinast når batteriet har nådd 80%.