Hyenene er mette

Eg har vore vitne til media sine hyener har rive sund og fortært ein fin serie om nokon svake i samfunnet. Eg tenkjer på «Bamsegutt» med Tore Strømøy. Første episoden fanga interessa mi og måtte sjå gjennom alle episodane med ein gong på nrk.no. Dessverre er serien ikkje lenger tilgjengeleg og synd er det.

Mannen fasinerte meg. Ein svær person som hadde plassert seg sjakk matt på Filipinene og hadde ingen moglegheit for å kome seg derifrå for å ivareta familien og helsa si. I første omgang tenkte eg, vel har han sagt a så får han sei b. Det var hans skuld at han hamna der, berre bit tenna saman og aksepter det.

Etter kvart utover i episodane fekk eg meir innsyn i personen og det er heilt klart at han ikkje har stått først i køen når vitet har blitt delt ut. Ei simpel sjel i ein stor kropp som ikkje forstod konsekvensane av det han hadde gjort med tanke på formelle papir og eder og galle han hadde sendt til mange forskjellig når han var frustrert over å ikkje få hjelp frå nokon. Tross alt var han framleis norsk statsborgar.

Eg syntes serien var veldig bra og balansert. Reagerte på nokon av intervjua med NAV osv, men mest fordi det var veldig keitete. Heilt tydeleg at medietrening i vanskelege saker ikkje var noko dei var godt trent på. Folket slo ring rundt personen og starta fleire spleisar, men kor lenge var Adam i paradis?

Personen hadde fått ein betinga sedeligheitsdom tidleg på 90-talet. Ikkje bra, men legg merke til at dommen er betinga. Vedkomande har ikkje sete i fengsel. Dersom vedkomande ikkje gjer nye brotsverk i den perioden domen gjeld, er straffa sona og forholdet oppgjort, for dei som har tru på den norske rettsstaten. Trur mange har gløymt det siste.

Frå det eg har blitt referert frå domen går det fram at dommar ser han som infantil/barnslig og knyter hendingane til manglande forståing for grensesetting. Det vil sei at det ikkje er snakk om nokon som med overlegg er klar over at det vedkomande gjer er galt. Nok eit eksempel på korleis personen har blitt forma i det miljøet han voks opp i og mangelen rollemodellar. Frå oppveksten slo han meg å vere ein beskjeden gutt som vart misbrukt av dei som hadde ansvaret for han. Med 2,05 m på sokkelesten og 57 i sko var det nok ikkje lett å vere han etterkvart som han vaks opp. Du er eit stykke frå normalen då. Stikk du deg ut på nokon måte står du lageleg til for hogg.

Hyeneflokken lukta blod og det starta ei voldsom jakt på NRK og personen. Gamle sår vart rippa opp att i for dei som var utsett for tinga tidleg på 90-talet. Domen har ingen ting å sei for situasjonen personen er i no. Eg har lest og lytta på forklaringane til NRK på kvifor domen ikkje vart teken med. Ut ifrå deira vurdering kan eg forstå kvifor han vart utelatt. Tenkjer eg kunne kome til å enda på same standpunktet ut ifrå eit hensyn til dei personane domen gjeld og familien til mannen.

Vurderingar er alltid subjektive og avhengige av augene som ser. Mi vurdering av ei sak baserer seg på heilt andre vurderingar enn nokon anna si vurdering av ei sak. Er det rett at hyenene skal rive sund og fortære ei kvar (feil)vurdering? Det var tross alt ikkje slik at dei trykte på knappen for å sleppe laus atomvåpen.

Eg synes at saker media jager liknar på bonden som klipte grisen: Mykje skrik, men lite ull.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.