Karasjok til Grense Jacobselv og Kirkenes

Vi starta tidleg nå Noregs nasjonaldag, 17. mai. Målet for dagen var Kirkenes. Her hadde vi planlagt to netter for å vitje heile området sør for Varangerfjorden. Vi holdt oss i Noreg og følgde Tanaelva til Tana bru. Det er kortare å køyre gjennom Finland til Neiden og vidare mot Kirkenes, men skal ein sjå Finnmark, held ein seg i Finnmark.

Flott å køyre langs elva når det omtrent ikkje er trafikk. Innimellom hoppa både bilen og telefonen over på det finske telenettet. Brått hadde klokka bykst fram ein time for noko seinare returnere til norsk telenett og klokkeslett. Vi sikta oss inn på Varangerbotn for lading og ein matbit. Rett før Tana bru kom vi etter ein utanlandsk campingbil som køyrde i sitt rolege tempo. Forserte han raskt like etter brua. Store bilar likar eg ikkje ligge bak når eg ser meg om.

Frå Tana bru er det 2 mil og når vi kom fram til Tesla-ladarane stod det to danske bilar der. Merkeleg nok hadde ein Tesla parkering på langs og sperra ein ladar. Ishavsveien/Kople sine ladarar var ledig og eg tok den kraftigaste. Det tok ikkje lange tiden å toppe opp bilen, liten matbit og handling. Vi heldt fram turen mot Kirkenes, 120 km frå Varangerbotn. På vegen kom vi til at vi kunne ta turen ut til Grense Jacobselv før vi køyrde til Kirkenes. Eit lite stopp på Hesseng for å vaske ruta før vi sette avgårde mot Storskog og grenseovergangen til Russland. Etter eit lite fotostopp tok vi av og køyrde heilt ut til Grense Jacobselv for ein lenger pause der. Veret var bra med lite vind. Bøljer slo dovent inn mot land.

På returen såg eg over elva til Russland. Eg var sikker på at eg såg meir tak (på bygg) enn i 2023. Russarane hadde bygd opp noko. Når vi kom heim att frå reisa, såg over videoen frå Grense Jacobselv 2023. Ryggmargrefleksen min hadde stemt, det var mindre tak på russisk side i 2023. Det er ikkje meir enn ei veke sidan NRK hadde ein artikkel om at Russland rustar opp langs grensa mot Europa. Mine observasjonar ser ut til å ha vore korrekte.

På returen, ved Tårnet, måtte vi stoppe og køyre ut til sida. Mot oss kom eit 17. mai-tog med millitært personell i føringa og lokalbefolkningen følgjande. Dei var på veg til eit forsamlingshus nokre 100 meter bak oss. Flagga frå eine sida av flaggborga strauk seg over bilen.Deretter var det å halde fram mot Kirkenes og hotellet for å få seg rom for to dagar.

Vi tok også ein tur rundt i Kirkenes litt seinare. På veg inn hadde vi lagt merke til det flotte, nye sjukehuset. No tok vi turen ut til området der det gamle ligg og køyrde rundt. På returen tok vi turen opp til minnesmerke frå frigjeringa av Finnmark ved hjelp av russarane. Ferske blomster var utplassert og protestbilen, Fuck Putin, stod der som ein protest mot Russland sin urettmessige krig mot Ukraina og tidlegare anektering av Krim. Seinare på dagen vart det ein tur i sentrum for ein betre middag. Neste dag stod Pasvikdalen og Treriksrøysa på planen.

Frå Luleå over Finnmarksvidda til Karasjok

Veret var nydeleg når vi sette avgårde frå Luleå. Planen var å køyre til Kautokeino og overnatte der. Vi følgde vegen mot Haparanda i eit godt stykke, men først ein liten sidehistorie. Eg har ein GoPro Hero 7 Black hengande i frontruta. For dykk som ikkje veit det, GoPro-kamera har berre ein maksimal arbeidstemperatur på 35 varmegrader!! Ja, det var like overraskande for meg som for deg. Eit actionkamera som ikkje tåler varme. Etter kort tid fekk kameraet eit par heteslag i sola. Når eg fekk endra luftstraumen til å blese kald luft opp langs frontruta, gjekk det bra resten av dagen.

Ved Töre tok vi nordover mot Pajala. Å køyre i Sverige er noko anna enn Noreg. Her er det godt tilrettelagde vegar og fornuftige fartsgrenser. Sporadisk kan du køyre innom ei bygd med redusert fartsgrense og ulike former for fartsdemparar. Det er unntaket, i Noreg er det regelen. Med både 90 og 100 km/t på landsbygda går det raskt å koma seg nord til Pajala. Frå her sikta vi oss inn på grenseovergangen til Kolhari.

Ved brua, på svensk side i Kaunisjoensuu, ligg det ein landhandel med det meste samt ladarar for elbilar. Eit naturleg stopp for å fylle på bilen og nyte ein is i sola. Eg ringde hotellet i Kautokeino og fekk telefonsvarar at hotellet hadde stengt for helga. Det var berre å ringe Karasjok og høyre om dei hadde ope og rom ledig frå 16. til 17. mai. Hotellet var ope og dei hadde ledige rom, det var berre å komme.

Vi registrerte at det var mange finnar som kom til butikken i Sverige for å handle. Eg kan forstå det. Inntrykket mitt frå både 2023 og Finland rundt i august 2025 er at det er dyrare i Finland enn i Sverige. Haparanda, like ved grensa i Botnvika, har mange store handlesenter for å lokke finnane over. Nett som handlesentera sørom Svinesund som lokkar nordmennen over.

Vi kryssa brua og køyrde inn i Kolari og vidare nordover langs grensa mellom Sverige og Finland. På veg nordover beit vi merke til ulike endingar på stadnamn og fekk dei oversett til norsk. No kan eg ørlite meir enn å telje til tre på finsk. Transportetappen i Finland var like udramatisk som i Sverige. Berre passe på å ta til høgre i Palojoensuu for å kome seg inn i Noreg sør om Kautokeino og ikkje enda opp i Skibotn.

Vi kryssa inn i Noreg og med ein gong gav vidda meg eit heilt anna inntrykk enn i juni 2023. No var lauvet på trea ikkje sprotte. Vi kunne sjå vidare og lengre i landskapet som var delvis dekka av snø. Illusjonen min før 2023 var at vidda var nokonlunde naken for vegetasjon, men seint i juni 2023 var det overraskande mykje lauvskog syntes eg. No når skogen var snau og eg fekk snø inn i bilete, kan eg sjå meir for meg dei stor vidde med sporadisk vekster som stikk opp frå snøen.

I Kautokeino vart det ein siste stopp for lading, kiking på ungars fotballkamp samt kvar si vaffel med syltetøy. Etter stoppen tok vi oss ein avstikkar ut på vidda mot Bidjovagge. Vegen var dårleg og vi køyrde ikkje meir enn omlag ei mil til dei siste busetningane. Det var ikkje freistande å køyre til endes til eit gruveområdet i grenseområdet mellom Troms og Finnmark.

Vi snudde tilbake til Kautokeino og haldt fram over vidda til Karasjok, ein plass med ca 5000 innbyggarar. Det blei nokre nokre mil lengre køyreetappe denne dagen, men bagatellmessig med tanke på distansar her nord. Vi tok ein liten rundttur i Karasjok etter hå ha sjekka inn. Seinare gjekk vi tur i sentrum. Karasjok er ikkje store plassen, Sogndal i Sogn har eit større sentrum og er for den del ein større plass.

Umeå og Luleå

Gårsdagen frå Sogn til Sundsvall vart i det lengste laget. Etappen i dag var å køyre opp til den nordlege delen av Botnvika. Etter frukost sette vi avgårde nordover med eit første ladestopp i på Ionity i Docksta. Frisk gåtur rundt staden medan bilen fekk påfyll.

Turen heldt fram nordover. Vi kom til at Umeå ville vi å ta ein nærare titt på. På returen frå nord i 2023 overnatta eg på eit Scandic-hotell der. Vi passerte det på veg inn i Umeå. Vi køyrde rundt om i byen og tok også turen ut til ferjekaien der du kan ta ferja til Vasa i Finland. Appetitten auka og klokka var nær lunsj. Vi fann ein Circkle K der både vi og bilen fekk påfyll av energi.

Under lunsjen sjekka vi kor vi skulle overnatte og kom til at Luleå var innafor akseptabel køyretid. Turen nordover passerte mange stadar eg passerte på returen i 2023. For meg vekka det mange gode minner. Vi sikta oss inn på eit Scandic-hotell i utkanten av Luleå og rulla inn på parkeringsplassen rett over kl 15. I høve dagen før vart dette ein kort køyredag.

Etter å ha kvilt litt, hadde vi god tid til å sjå oss om. Dessverre var ikkje videokamera med oss på desse lokalturane. Vi vitja mellom anna gamlebyen og ymse andre stadar i Luleå og området rundt. På kvelden vart det også ein gåtur rundt vatnet ved hotellet. Her var det eit yrande fugleliv.

Gjennom Härjedalen til Sundsvall

Vi satsa på ein tidleg ferietur frå midten og ut mai. Den opprinnelege planen var å køyre Sognefjellet til Trondheim og opp gjennom E45 i midten av Sverige og ta for seg dei nordlegaste delene av landet. Med andre ord Troms og Finnmark. Veret vart kaldt og Noreg var ute i ein langvarande hotellstreik. Vi kunne fort slå fast at Sognefjellet ikkje var staden å køyre på sommardekk. I tillegg såg vi at hotella aust for Hammerfest ikkje var råka av streik. Samla førte dette til at vi valde å reise austover på lågare liggande fjellovergangar og ta oss opp langs Botnvika og køyre heilt aust i Noreg. Med andre ord snudde vi turen pga veret og at vi trudde at streiken som råka hotella ville vere over til vi kom vestom Hammerfest.

Første etappe var å køyre Fillefjell til Fagernes og Aurdal. Det sludda i høgda, men sidan vegbana var varm og hadde vore det i lengre tid, la ikkje snøen seg i vegbana. Transportetappen austover gjekk greitt og vi stoppa på Kiwi i Aurdal for å handle litt med oss før vi heldt fram til Gjøvik og enda opp med eit lengre ladestopp i Elverum. Veret på turen hadde hittil ikkje vore mykje å skryte av.

Frå Elverum følgde vi vegen mot Trysil, og passe på å ta av slik at vi kom oss inn i Härjedalen. Dette er eit høgareliggande område i Sverige. Vegene mot Sveg, senteret i Härjedalen, var av den svingete typen. Fasinerande omgivnadar, sjølv om det er skog så langt auga kan sjå. Men kiker du innimellom trea vil du sjå at grunnen er noko heilt anna. Her er det sparsommeleg med jord, men heller sand og mykje stein. Det vart nok eit stopp i Sveg, Härjedalens senter, for både middag og lading av bilen. Vi titta også på den store treskulpturen av ein bjørn. Det skal visst vere den høgste treskulpturen på 13 meter. For min del kan det diskuterast om det er snakk om ein katt.

Turen hadde allereie vore lang, men vi satsa på å kome oss til Sundsvall for å ha eit godt startpunkt for dagen etter. Veret letta også etterkvart som vi kom austover. Vi konkluderte med at dagsetappen hadde vore i litt av det lengste laget. Kommande dagar ville vi satse på kortare køyreetappar. Med unntak av ein dag gjekk det rimeleg greitt, men totalt klokka bilen inn 7 500 km på 14 dagar.